Norsk ekspert: – Eg held framleis ope for at også Russland kan stå bak

1 month ago 27



26. september small det kraftig utanfor Bornholm i Austersjøen. Gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 blei øydelagt i eksplosjonen.

Denne veka kom det fram at ein tysk domstol har etterlyst ein namngitt ukrainsk dykkarinstruktør og to andre ukrainske statsborgarar etter sabotasjeaksjonen.

Men Tom Røseth, som er ein av våre fremste ekspertar på etterretning, meiner at siste ord slett ikkje er sagt.

– Eg held framleis ope for at også Russland kan stå bak, seier Røseth

Ukrainske styresmakter avviser torsdag at dei var involvert i sprenginga.

President Volodomyr Zelenskyjs rådgivar Mykhailo Podolyak meiner derimot at det er Russland som stod bak.

– Ei slik handling kan berre utførast med omfattande tekniske og økonomiske ressursar. Og kven hadde alt dette på tidspunktet for eksplosjonane? Berre Russland, seier han i ei fråsegn til Reuters.

President Volodomyr Zelenskyjs rådgivar Mykhailo Podolyak

Mykhailo Podolyak er ein av dei nærmaste rådgjevarane til den ukrainske presidenten.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Kjelder snakkar om fest

Den etterlyste dykkarinstruktøren var på dette tidspunktet busett i Polen, men skal ha flykta til Ukraina etter hendinga.

Dei to andre mennene som no er etterlyst er også erfarne dykkarar.

I ein artikkel i den amerikanske avisa Wall Street Journal (WSJ), blir det hevda frå kjelder at president Zelenskyj var orientert om planane

Dei ikkje namngjevne kjeldene hevdar at ei lita handfull med ukrainske offiserar og forretningsmenn var samla på ein fest i mai 2022.

Under denne festen skal ideen om å øydelegge Nord Stream ha blitt klekka ut, hevdar kjeldene.

Tom Røseth ved Forsvarets høgskole.

Tom Røseth jobbar med Forsvarets høgskule.

Foto: Forsvaret

– Uavklarte spørsmål

Dei skal etter kvart ha fått presidenten med på laget, men Zelenskyj skal ha gitt stoppordre. Ei ordre som i så fall ikkje blei følgd.

Ifølgje WSJ skal den påståtte aksjonen ha kosta rundt 300.000 amerikanske dollar.

– Det vi ser no er ei styrkinga av ein Ukraina-teori, men eg meiner framleis det er for mange uavklarte spørsmål.

Det seier etterretningsekspert Tom Røseth til NRK.

Han meiner at det er klokt å vente på kva den pågåande etterforskinga vil vise.

– Trur du ein nokosinne kan få eit svar med to strekar under?

– Nei, det er ikkje sikkert. Eg trur nok at det over tid vil avdekkast, men det kan ta veldig lang tid.

Seglbåten Andromeda

«Andromeda» i opplag på den tyske øya Ruegen i mars 2023.

Foto: OLIVER DENZER / Reuters

– Ekstremt vanskeleg

Fleire har hevda sidan 2022 at operasjonen blei gjennomført med den tyske seglbåten «Andromeda» som base.

I artikkelen frå WSJ hevdar kjelder at dei tre etterlyste dykkarane var med, men også ei sivil kvinne for å skape eit inntrykk av at det var ein «lystseglas».

Bilen til ein av mennene som skal ha vore om bord, blei fanga opp av eit overvakingskamera i nærleiken av der seglbåten «Andromeda».

Tysk politi har også tidlegare knytt denne seglbåten til sabotasjen.

Røseth er samd i at teorien og påstandane rundt den tyske seglbåten er interessante.

– Men sjølv om du finn ut kven som fysisk har gjort det, så kan det vere ekstremt vanskeleg å finne ut kven som eigentleg står bak, seier han.

Publisert 15.08.2024, kl. 14.50

Read Entire Article