Noregs Bank kuttar renta til 4 prosent

6 hours ago 3



Då Noregs Bank overraska «alle» med rentekutt i juni, signaliserte sentralbanken at det kunne kome ytterlegare to kutt i år. Eitt i dag og eitt i desember.

Og sentralbanken følgjer opp.

– Jobben med å få bukt med prisveksten er ikkje fullført, men ved å lette forsiktig på bremsen legg vi til rette for at prisveksten kjem tilbake til inflasjonsmålet utan at vi bremsar økonomien meir enn naudsynt, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

Med eitt kutt på 0,25 prosentpoeng landar styringsrenta på 4 prosent.

Men om ein kan vente seg enda eit rentekutt i desember, er meir uvisst. No er formuleringa frå sentralbanken slik:

«Dersom økonomien utviklar seg om lag slik rentekomiteen no ser føre seg, vil renta bli sett vidare ned i løpet av det næraste året».

– Vi ser ikkje føre oss ein stor nedgang i renta framover. Prognosen vi legg fram i dag, legg opp til eitt rentekutt i året dei neste tre åra. I anslaga våre avtek den gjennomsnittlege bustadlånsrenta til i overkant av 4,5 prosent i 2028, seier Bache.

Klokka 10.30 held sentralbanksjefen pressekonferanse og fortel meir om detaljane bak renteavgjerda.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Stor usikkerheit

I forkant gjorde tal for korleis det går med norsk økonomi fleire økonomar sterkt i tvil om det ville bli kutt i dag.

Prisveksten er framleis høgare enn sentralbanken ønskjer seg og hadde sett føre seg. I tillegg varslar bedriftene at aktiviteten vil halde seg oppe ut året. Ergo meiner nokre at det er såpass god fart i norsk økonomi, at det ikkje er behov for rentekutt med det første.

Noregs Bank bruker renta som verktøy i håp om å styre prisveksten. Målet er at den skal ligge på kring 2 prosent over tid.

I august var kjerneinflasjonen – som er den Noregs Bank er mest oppteken av – på 3,1 prosent.

Se hvor mye du må betale når renta settes ned. I dag er den effektive boliglånsrenta i snitt på 5,4 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 17 017 kr

Endrede utgifter -1 585 kr

Det vil si en total utgift på 17 017 kroner i måneden. Altså en endring på -1 585 kroner i renteutgifter.

Men sentralbanken meiner andre omsyn veg tyngre, for eksempel at arbeidsløysa har auka litt den siste tida. Men sentralbanksjefen erkjenner at dei vurderte å halde renta uendra i september.

– Utgiftene ned eit knepp

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Carnegie var blant dei som ikkje trudde på kutt i dag.

– Dei kuttar no fordi dei meiner at rentenivået er noko for høgt, men så skyv dei heller fleire rentekutt ut i tid, seier Haugland.

Kjersti Haugland m.fl. snakker

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Carnegie.

Foto: William Jobling / NRK

– Dette legg til rette for at renteutgifter både for hushalda og bedrifter vil gå ned eit lite knepp. Samstundes er det viktig å ha med seg i reknestykket at det neppe blir veldig mange fleire rentekutt frå Noregs Bank. Det vil i så fall skje veldig tregt.

Det peiker også senior makro- og valutastrateg i Nordea, Sara Midtgaard, på.

– Akkurat no er dette gode nyheiter for nordmenn med bustadlån, men det kan ta tid før vi ser neste rentekutt frå Noregs Bank.

– Vi oppfattar at dei kuttar renta i dag delvis fordi dei på mange måtar har lova det, men vi tenker at dei godt kunne avventa enda lenger, seier Midtgaard.

en kvinne med åpen munn

Sara Midtgaard er senior makro- og valutastrateg i Nordea.

Foto: NRK

Ho trur lønnsveksten vil vere god også dei neste åra. Legg ein dette rentekuttet på toppen, så får nordmenn si kjøpekraft ei godt løft.

– Vi kan vente at denne gode utviklinga i kjøpekrafta vil fortsette og gi eit løft til konsumet i Noreg.

Uroa for investeringsplanar

Sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret var blant dei som meinte kuttet ville kome i dag. Men også ho uroar seg over signala for vidare rentekutt framover.

– Vi har sett ein optimisme i norsk næringsliv fordi dei ventar rentekutt. Men eg er uroa for at når ein no aukar rentebana framover i tid, vil optimismen kunne bli kvelt, seier Macic.

en mann med kort hår

Sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Ho trur det kan påverke investeringslysta i næringslivet.

– Eg trur fleire verksemder kjem til å vere forsiktige med investeringsplanane sine når dei ser at renta kjem til å bli liggande på eit høgare nivå i lengre tid enn dei trudde før, seier Macic.

Publisert 18.09.2025, kl. 09.54 Oppdatert 18.09.2025, kl. 10.55

Read Entire Article