Noreg kan tape fleire hundre millionar årleg etter netthandel-dom

1 month ago 17



– Skal du starte nettbutikk i Noreg nå, må du sette opp lageret i Sverige omgåande. Utanlandske nettbutikkar har eit stort konkurransefortrinn, seier Eric Sandtrø til NRK.

Eric Sandtrø står blant anna bak Fjellsport.no, Komplett.no og Jollyroom.

Fjellsport-gründer Eric Sandtrø

Eric Sandtrø er ein av dei mest profilerte nettbutikk-gründerane i landet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

1. januar i år forsvann den mellombelse avgiftsgrensa på 350 kroner på varer frå utlandet.

Men framleis er det mogleg å handle tekstil frå utlandet for inntil 3000 kroner utan å betale toll, om det utanlandske selskapet er registrert i VOEC-lista.

Dermed er det lukrativt for utanlandske nettbutikkar å vere registrert på denne lista.

Vann i Høgsterett

Nettbutikken Boozt Fashion i Sverige, som opererer med norske prisar og norsk språk, sel store mengder klede til nordmenn.

Dei har tidlegare vore registrerte i Noreg, og har dermed vore nøydde til å betale 10,7 prosent toll på alle klede dei har selt til norske kundar.

Men sidan dei er svenske, har dei ønskt å registrere seg på VOEC-lista for å sleppe å betale toll på kleda dei sel til nordmenn.

Boozt.com sitt hovedkontor i Malmø i Sverige

Hos Boozt er det norske prisar og norsk språk, sjølv om butikken er frå Sverige.

Foto: Boozt Group

Dette var Skatteetaten ueinig i, men Boozt vann saka i både tingretten og lagmannsretten.

Tidlegare denne veka forkasta Høgsterett anken til Skatteetaten, og dermed kan altså Boozt registrere seg på VOEC-lista og sleppe toll på varer dei sel til norske kundar.

Vi tar Høgsteretts avgjerd til etterretning og vil nå vurdere nærare kva konsekvensar avgjerda har, seier Astrid Dugstad Tveter, seksjonssjef i Skatteetaten til NRK.

– Dramatisk for norsk handel

Ifølge selskapet vil dette spare dei for rundt 45 millionar kroner årleg. Eller om du ser på det på ein annan måte:

Den norske staten vil tape 45 millionar kroner årleg.

– Dette er dramatisk for norsk handel, meiner leiar for bransjepolitikk i Virke, Jarle Hammerstad.

For sjølv om Boozt sin siger i domstolen kan vere positivt for norske forbrukarar som får billigare klede, vil det ifølge Virke vere eit stort konkurransefortrinn for utanlandske nettbutikkar.

For norske nettbutikkar må framleis betale opp mot 10,7 prosent toll på tekstilvarer dei importerer til landet for å selje til norske kundar.

– Boozt er heller ikkje den største utanlandske nettbutikken. Nå kan for eksempel Zalando, som sel enda meir klede til norske forbrukarar, også bruke dette tollfritaket, seier Hammerstad.

Jarle Hammerstad i Virke, leder bransjepolitikk. Portrettbilde

Jarle Hammerstad, leiar for bransjepolitikk i Virke.

Foto: Virke

Zalando går også ut av Noreg

Den tyske nettbutikken Zalando, som i tredje kvartal i år selde klede for rundt 40 milliardar kroner, bekreftar overfor NRK at dei etter Boozt sin siger i norske domstolar, også vil søke om å registrere seg på VOEC-lista.

Dei ønsker ikkje å kommentere kor mykje dei vil spare på dette, men det er grunn til å tru at det er mykje meir enn Boozt.

– Zalando er dobbelt så store som Boozt på tekstil i den norske marknaden. Så her kan det vere snakk om 80–90 millionar sparte i året, seier Hammerstad i Virke.

Hammerstad forklarer at dei har vore i kontakt med regjeringa og har hatt fleire møte med Finansdepartementet for å prøve å få dei til å fjerne tollfritaket.

Oppfordrar norske butikkar til å flytte utanlands

Nettbutikk-gründer Eric Sandtrø er sjokkert over at tollfritaket som finst på tekstil framleis eksisterer.

– Dette er ein studie i elendig næringspolitikk, meiner Sandtrø.

– Alle nettbutikkar som skal drive mot kundar i Noreg må sørge for å etablere seg i utlandet, seier han.

– Kva ville skjedd om de flytta utanlands med dei bedriftene du har starta?

– Miljøet taper, staten taper og vi taper arbeidsplassar. Eg forstår ikkje kven som tener på dette anna enn dei utanlandske nettbutikkane.

– Men dette vil vel gjere kleda billigare for forbrukarane?

– Eg synest også det er gøy å handle billige klede på nett, men ta bort tollen for norske butikkar også da. Sørg for like konkurransevilkår.

Komplett.no

Komplett.no er ein av butikkane Eric Sandtrø står bak.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Stortinget seier nei

Neste veke skal Stortinget stemme over eit forslag om å fjerne eller redusere tekstiltoll-fritaket innan framlegginga av statsbudsjettet for 2026.

Ifølge Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen vil ikkje dette forslaget få fleirtal, da Ap, Sp, Høgre og Frp er mot.

Raudt meiner det bør vere likast mogleg reglar for norske og utanlandske nettbutikkar, og støttar derfor forslaget om å fjerne eller redusere tekstiltoll-fritaket, seier Raudt-leiaren.

Marie Sneve Martinussen

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe

Ho meiner det er heilt ulogisk at det skal vere tollfritak for utanlandske aktørar som sel dei same produkta til norske kundar.

– Dagens system fungerer i praksis som eit skattehol som bidrar til at staten går glipp av potensielt store inntekter. Det er på høg tid at regjeringa kjem på banen med konkrete tiltak for å motverke denne utviklinga, som ikkje er berekraftig, seier Sneve Martinussen.

– Ikkje generell

Finansdepartementet påpeikar overfor NRK at tollavgiftsplikta på 10,7 prosent for tekstil ikkje er generell.

– Tollavgiftssatsen er frå 5,6 til 10,7 prosent av tollverdien, blant anna avhengig av varetype og opphavslandet til vara. Ein del klede og tekstil er fritatte for tollavgift gjennom frihandelsavtalar, opplyser Finansdepartementet til NRK.

Dette gjeld blant anna for klede og tekstil med opphav i EØS-området og rundt 30 andre land eller regionar.

– Tollavgiftsfritaket i VOEC-ordninga er uheldig og ikkje ønskeleg, men har vore rekna som nødvendig for å sikre ei velfungerande VOEC-ordning med god oppslutning, forklarer dei.

Finansdepartementet meiner at VOEC-ordninga har vore avgjerande for å sikre meirverdiavgiftsmessig nøytralitet mellom norske og utanlandske tilbydarar.

Finansdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei følger utviklinga og gjer ei løpande vurdering av moglege endringar som kan bidra til at VOEC-ordninga vil fungere betre.

– Eit ledd i dette er å følge med på om EU eller andre land med tilsvarande ordningar gjer endringar i ordningane sine, forklarer dei.

Publisert 08.11.2024, kl. 17.48

Read Entire Article