Noreg har nådd målet om 9000 hurtigladarar

4 hours ago 4



I 2011 kom den aller fyrste hurtigladestasjonen i Noreg.

Sidan gjekk utbygginga gått jamt og trutt, før ho skaut fart dei siste åra.

– Det var nok ein del som tenkte at det kanskje var litt urealistisk at vi skulle klare det innan utgangen av 2025. Men vi er der no, seier generalsekretær i Norsk elbilforening, Christina Bu.

Christina Bu-1

Generalsekretær i Norsk elbilforening Christina Bu seier det aldri har vore så god kapasitet på ladenettverket.

Foto: Snorre Tønset / NRK

I 2022 hadde Noreg rundt 4000 hurtigladarar. Sidan har talet auka til 9019, og det kjem stadig fleire.

I september 2024 er det 760.903 elbilar i Noreg.

– I takt med at det er seld fleire elbilar, så har kapasiteten blitt betre. Vi har aldri hatt så god kapasitet som i dag, seier Bu.

Fram mot 2030 anslår regjeringa at behovet for hurtigladarar vil auke til 14 000.

Ikkje alle er med på leiken

Sjølv om Noreg har nådd milepælen med 9000 hurtigladarar, er det framleis 24 kommunar som ikkje har hurtigladarar.

Éin av dei er Lurøy kommune på Helgeland.

Kommunedirektør Stian Skjærvik seier det ikkje er behov for hurtigladarar i øykommunen.

Innbyggarane i Lurøy er sjølvforsynt med ladepunkt heime. Då er det ikkje så stort behov for andre ladestasjonar.

Lovund strand med fjellet i bakgrunnen.

Den vesle øykommunen Lurøy i Nordland ser ikkje behovet for hurtigladarar. Nordland fylke har flest kommunar utan hurtigladarar.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Dei har ingen planar om å etablere hurtigladarar i næraste framtid. Skjærvik poengterer at Lurøy er ein kommune som består av fleire små øyar, og få kilometer med veg.

Turistar brukar dei ladepunkta som allereie finst, og elles ladar folk på fastlandet.

Mindre ladeangst

I Vestland er det meir enn 1000 hurtigladarar fordelt utover fylket. Det gleder elbilistane i Førde.

– Det er komen fleire ladarar, og det er positivt. Det minkar trykket på ladarane, som gjer at ein slepp for mykje kø og ventetid, seier Sandra Instefjord.

Sandra Instefjord køyrer elbil.

Sandra Instefjord er glad for fleire hurtigladarar.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Når det kjem til den berykta ladeangsten kan det verke som at den også har minka.

Den er heilt grei, eigentleg. Nettopp fordi det er ladarar undervegs, så tenker eg ikkje så mykje på det. Ein bereknar nok kor langt tid ein har igjen, og kvar dei fleste ladarane er, og så er det greitt.

Hurtigladarar i Førde

Fram mot 2030 anslår regjeringa at behovet for hurtigladarar vil auke til 14.000.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Sjølv om målet for hurtigladarar er nådd, er det framleis nokre utfordringar som skapar frustrasjon for brukarane.

Styreleiar i Vestland elbilforeining, Christine Henriksen Ødegaard, fortel at det er særleg eitt spørsmål som går igjen hos elbilistane.

– Veldig ofte dette med betalingsløysing. Det er appar ein skal laste ned, og så må ein legge inn informasjon og Bank-ID og tull og tøys.

I 2023 kom det eit nytt krav om at alle ladestasjonar skal ha løysing for kortbetaling.

Odd Olaf Askeland i Eviny fortel at dei i er gong med å ettermontere «vanlege» kortløysingar på alle ladarane som ikkje alt har det.

– Det er jo ein kostnad for oss, men vi har jobba mykje med å få det på plass. Så nå rullar vi det ut på alle ladarane våre.

– Da blir dette ei ålreit oppleving for dei fleste.

Publisert 23.10.2024, kl. 18.26

Read Entire Article