Bekymra for bustadmangel – «Emma» slit med å finne ein heim til familien

3 hours ago 5



– Eg er veldig stressa. Vi går inn i ein tøff periode akkurat no, seier «Emma» lågt, mens tårene pressar på.

I gangen står esker og posar med klede stabla i tårn.

Familien har akkurat flytta.

I gangen står det esker og poser fulle av klær og ting. Familien har ikke rukket å pakke ut tingene enda.

Foto: Veslemøy Prøis / NRK

Alt «Emma» og familien på fem eig, har blitt pakka ned, og skal pakkast ut.

Men berre midlertidig.

Innan fem månader må dei ha funne ein ny og stor nok stad for familien å bu i Tønsberg. Ideelt sett vil dei ha eit soverom til kvart av barna, men hadde slått seg til ro med tre soverom.

Kor dei da skal busette seg, aner ho ikkje.

«Emma» ønsker å vere anonym med omsyn til barna.

Få hus og leilegheiter med mange soverom

Leilegheiter til leie på Finn.no med tre eller fleire soverom er få. Nokre er kollektiv, andre er korttidsleige, som den dei nå har flytta inn i, utanfor kommunen dei ønsker å bu.

Dei klarte rett og slett ikkje å finne ein stor nok bustad med langtidsleige.

For Emma er dette sårt. Barna har venner, skole og fritidsaktivitetar som dei ønsker å vende tilbake til.

"Emma" står på verandaen og kikker utover hagen.

Foto: Veslemøy Prøis

Emma og mannen hennar vil ikkje kategorisere seg sjølv som fattige, men har hamna i ein situasjon der dei treng hjelp til å finne seg ein stad å bu. Dei få bustadane på marknaden i Tønsberg som kunne passa deira behov, blir for dyre.

Når ein da lukar vekk kollektiv og korttidsleige, er det ikkje mange bustader igjen.

Familien fekk tilbod om midlertidig bustad frå kommunen på ein campingplass, eller i ei leilegheit med to soverom. Det takka dei nei til.

– Det ville blitt alt for trongt, seier Emma.

NRK har snakka med Nav og sett dokumentasjon på tilboda Emma fekk på midlertidig bustad. Nav svarer at dei må forhalda seg til det som er tilgjengeleg på bustadmarknaden og at det er utfordrande.

Fleire barnefamiliar og unge søker hjelp

I Tønsberg har Kirkens Bymisjon tatt saka i eigne hender. Dei har eit bu-team som jobbar på spreng for å hjelpe folk som står på randa av heimløyse.

No er det krise.

Anette Sorum og Juliane Herzog i Tønsberg Kirkens bymisjon som ser på leiligheter og boliger på Finn.no

Foto: Veslemøy Prøis / NRK

– Etter fleire års nedgang, aukar no bustadløysa. Vi opplever ein dramatisk auke i mengda av folk som treng hjelp til å finne bustad, seier Juliane Herzog, verksemdsleiar for det bustadsosiale i Region Sør, i Kirkens Bymisjon.

Særleg stor er auken blant unge og barnefamiliar. Det bekymrar bu-teamet.

– I heile fjor hadde vi 132 saker, og så langt i år har vi 163 saker. Blant dei er det 91 barn involverte.

Anette Sorum og Juliane Herzog i Tønsberg Kirkens bymisjon

Foto: Veslemøy Prøis / NRK

Herzog fortel at mange av familiane har fleire skolebytte fordi dei blir pressa til å ta ei leilegheit utanfor skolekretsen.

– Det er veldig uheldig for barna, og det er veldig sårt for foreldra. Det er jo ingen foreldre som i utgangspunktet ønsker det.

Nærbilde av en dør

Foto: Veslemøy Prøis

– Ein ønsker stabilitet. Ein stad å låse døra, og seie «dette er heimen min». Men mange av dei familiane vi møter, har ikkje den kjensla når dei låser døra. Og det synest eg alle fortener, legg Anette Sorum, tiltakskoordinator i Bo-team til.

Bustadreservane er brukte opp

Mykje tyder på at situasjonen i Tønsberg ikkje er unik.

Nav viser til ei analyse frå februar der mangel på bustader blir trekt fram som eit problem for dei som søker sosialhjelp.

Fleire kommunar i Noreg melder om mangel på bustader til Kommunanes hovudorganisasjon.

– Vi ser at situasjonen er vanskeleg, og vi er kjende med at det mange stader er vanskeleg å skaffe bustader med mange soverom, seier Anne Gamme, fagleiar og myndigheitskontakt i Kommunesektorens organisasjon (KS).

Portrettbilde av Anne Gamme

Foto: Kommunenes interesseorganisasjon KS

Årsakene til situasjonen er fleire, men KS peiker særleg på flyktningsituasjonen og lite bygging av nye bustader.

– ​Kommunane har busett svært mange flyktningar, og bustadreservane er brukte opp. Det påverkar heile bustadmarknaden, også fordi bustadbygginga er låg.

Den største gruppa med flyktningar, som har komme til Noreg i år, har komme frå Ukraina.

NRK har tidlegare vore i kontakt med mange kommunar for å ta del i deira erfaringar med ukrainske flyktningar. Dei fleste løfter fram at sjølv om det har vore utfordringar, er og ukrainarane ein stor ressurs.

Tusenvis i kø

I overkant av 4500 personar står i kø for kommunale bustader i Noreg. Det er ein auke på ca. 25 % frå fjoråret, viser tal frå Husbanken.

– Vi har ein hypotese om at det er ei underestimering. At det er fleire i kø enn det vi har tal på, seier kunnskapsdirektør i Husbanken, Hans Christian Sandli.

Portrettbilde av kunnskapsdirektør i Husbanken, Hans Christian Sandli

Foto: Balsharan Pal Kaur / NRK

Fleire kommunar har fått pengar frå Husbanken for å betre butilbodet i eigen kommune i samarbeid med ideelle sektorar.

– Vi trur at nokre av løysingane ligg i meir offentleg-privat samarbeid, og at kommunane kan samarbeide.

Fleire kjem for å lære

Få kommunar har tilsvarande tilbod som det Kirkens Bymisjon har i Tønsberg. Dei blir difor no oppsøkt av andre kommunar som ønsker å lære av bu-teama deira.

– Det vi får til med å vere i mellomromma, det å kunne vere den utstrekte armen, å vere ein brubyggar inn mot det offentlege. Det er ein kjempeviktig funksjon som ideell sektor har, seier Juliane.

– Det er snakk om sårbare familiar, unge vaksne og barn. Her har ein på ingenting måte noko å tape, ved å tenke litt breiare, seier Anette.

"Emma" med ryggen til som lener seg på rekkverket på verandaen.

Foto: Veslemøy Prøis / NRK

Emma og familien får hjelp av Kirkens Bymisjon til å leite etter ein ny stad å bu.

– Det er nesten som å vinne i Lotto å finne ein bustad til å leige, som er stor nok og ikkje for dyr.

Nærbilde av en dør

Foto: Veslemøy Prøis

Håpet er at dei snart vil finne ein stad i heimkommunen der barna kan sette frå seg skoa i gangen, og kleda kan hengast opp i skapa, utan å måtte pakkast ned igjen.

Publisert 23.10.2024, kl. 21.19

Read Entire Article