«Får meg til å nikka på hovudet i begeistring»

2 hours ago 3



Det hender at Erlend Viken stryk bogen som om han var besett av gjenferdet til ein eller annan daud tradisjonsutøvar, eller at Marius Graff snik inn moderate blues licks på elgitaren.

I desse augeblikka skin Erlend Viken Trio.

Det er nett blues-tendensane som kjem godt fram på «Ville veier», trioens nyaste album. Det skal ein vera glad for, for kryssinga mellom blues og folkemusikk er noko trioen verkar å ha ei god forståing for.

Plata inneheld sju nykomponerte låtar og to tradisjonelle slåttar. Såleis er plata kanskje eit tilsvar til deira førre album «Fete slåtta» (2022), som utelukkande bestod av tradisjonsmateriale.

Erlend Viken Trio har i ti år utforska korleis folkemusikk kan blandast med element frå nordisk jazz, rock og ørkenblues. Fleire gongar har trioen bevist at å elektrifisera gamle slåttar kan gi dei nytt liv.

Enten musikken då blir lada med ei ny ømheit, eller om dei då restaurerer ein gløymd råskap gjennom den høge watten til gitarforsterkaren.

Bilde av Erlend Viken Trio

ELEKTRIFISERT FOLKEMUSIKK: Framom dei frodige, grøne trea sit Sondre Meisfjord (bass) på eit straumkabinett medan Erlend Viken (til venstre) og Marius Graff står attmed det som liknar eit malplassert el-björn varmeaggregat. Kan det vera eit bilde på korleis trioen prøver å elektrifisera attgrodde område?

Foto: Eirik Havnes

Musikalske matadorar

Om eg skulle skapt eit bilde av Erlend Viken Trio, måtte det vera av dei som ei gruppe matadorar som står i arenaen og prøver å egga opp ein tyr som står eit stykke unna.

Tyren gryntar og stampar i bakken. Ved lyden av visse bluesriff ser tyren raudt og bykser mot matadorane, men matadorane gjer piruettar, slår hjul og triksar seg fiffig unna tyren som stangar mot dei.

Eg kan ikkje heilt forklara kvifor dette er bildet eg får. Musikken til Erlend Viken Trio er sjølvsagt ikkje like intens og fæl som tyrefektingar, og heldigvis skal ingen slaktast etter at kampen er over.

Grunnen til at tyrefekting poppar opp i tankane mine, er nok fordi musikken deira manar fram ei liknande nerve.

Det finst ei spenning i kampen mellom to dei to forskjellige storleikane, mellom folkemusikken og blues, og trioen gjer desidert mest inntrykk på meg når dynamikken mellom desse to er på sitt mest aktive som på låta «Byrsvegen».

«Byrsvegen» er ein halling komponert av Erlend Viken og eit godt døme på ei vellykka stilblanding av slåttemusikk og blues.

Andre gongar kan denne dynamikken slå ut ganske feil. I «Bøgata blues» presterer Erlend Viken Trio å skapa att eit augeblikk som eg trur mange har opplevd.

Dei tar oss med rett inn i ein bluesjam som har vart for lenge og dermed bikka over i ein slags trøyttleik.

Trioen har fått med seg folkesongaren Synnøve Brøndbo Plassen som gjestemusikar på den døsige jammen. Ho har ei røyst som kan gjera publikum svermerisk og nomen, som kan stilna ein heil stadion, men i denne bluesen verkar ho å vera med på måfå utan høve til å utfalda seg.

Sidan dei andre spora på albumet har så sterk driv og vilje til å fortelja noko, blir det til at «Bøgata blues» bleiknar.

Transparent låtstruktur

I større grad enn tidlegare opplever eg at «Ville veier» blottlegg korleis Erlend Viken trio utviklar sine musikalske idear.

Ta til dømes opningssporet på plata, «Nørre Myrelåtten». Det opnar med eit riff som straks grip tak i lyttaren og får meg til å nikka på hovudet i begeistring eller rista på hovudet av forbausing, alt ettersom.

Riffet i seg sjølv er ganske ukomplisert. Det er ein lang, frase som fell, nesten berre trinnvis ned ein skala. Likevel læt det sjukt fengande.

Seinare i låten, då den tradisjonelle </p> " data-term="valdresspringaren">valdresspringaren kjem på fela medan riffet ligg under på gitar og fele, set musikken i gang eit heilt maskineri som nører sjela og blidgjer både hugen og hjartet.

Det er altså når trioen skapar ein god syntese mellom blues og slåttemusikk at musikken verkeleg vinn terreng.

Det er nærast å rekna som eit signaturtrekk at Erlend Viken Trio legg inn fengande riff som utøvarane med fordel kan improvisera over. Dette skapar stilige parti i musikken.

Teknisk triumf

«Ville veier» er langt på veg det best produserte albumet til Erlend Viken Trio. Eg anar ikkje kva slags magiske mikrofonplasseringar og lydkunst som er gjort for å få til dette, men musikken høyrest intim og nær ut.

Eg har lytta på albumet i vidt forskjellige rom, både frå elendige og kvalitetshøgtalarar. Eitt eller anna med produksjonen gjer at det læt godt, totalt uavhengig av omstenda. Her må det vera høg lydkompetanse blant produsentane bak plata.

Låtane på «Ville veier» inneheld få elleville vendingar, men viser kor vilt vakkert det kan bli når ein kryssar slåttemusikk og blues.

Definitivt ein trio som vil vera verd å høyra live.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post! 

Publisert 23.10.2024, kl. 21.59

Read Entire Article