Nordmenn et mindre kjøtt: – Endeleg ei gladsak for klimaet

2 days ago 8



Ei ny undersøking frå Nibio viser at gjennomsnittsnordmannen sette til livs 37,6 kilo raudt kjøtt i fjor.

Det er det lågaste nivået som er målt sidan 1992.

Så seint som i 2007 åt nordmenn 7 kilo meir kjøtt i året.

På same tid er forbruket av kvitt kjøtt meir eller mindre uendra.

Tala korrigerer for matsvinn og grensehandel, og kjem fram i rapporten «Kjøttets tilstand» som bransjeorganisasjonen Animalia presenterte onsdag formiddag.

Fagsjef for ernæring i Animalia, Karianne Spetaas Henriksen, seier at «det raude kjøttet har vore under press frå fleire kantar».

Dyrtida i 2023 hadde truleg innverknad på matvala våre, og samtidig gjekk samfunnsdebatten føre seg om nye kostråd for fullt.

Fagsjef for ernæring i Animalia, Karianne Spetaas Henriksen

Fagsjef for ernæring i Animalia, Karianne Spetaas Henriksen presiserer at det er «for tidleg» å slå fast om den siste utviklinga er del av ein langsiktig trend.

Foto: Animalia

Endeleg ei gladsak for klimaet

Miljødirektoratet la i fjor fram ei liste med 85 tiltak for å redusere norske klimautslepp.

Øvst på lista (sjå under) plasserte dei endra matforbruk, i tråd med det nasjonale kostrådet om at ingen bør ete meir enn 500 gram raudt i veka.

Tilsvarande har FNs klimapanel peika ut meir plantebasert protein som ein nøkkel i klimakampen.

Endeleg ei gladsak for klimaet, seier Anja Bakken Riise.

Ho er leiar i Framtiden i våre hender, og har nettopp fått den siste kjøttrapporten i hende.

Vi må produsere meir av det vi et, og i framover vil det vere mindre kjøtt og meir grønt. Politikarar må slutte å slåst mot utviklinga og doble grøntproduksjonen, seier ho.

Anja Bakken Riise

Anja Bakken Riise seier at «kjøttet hopar seg opp på fryselagera, mens nordmenn er i ferd med å endre kosthaldet sitt». – Det må politikarane ta til seg. Akkurat nå favoriserer regjeringa kjøttproduksjon som går rett i frysaren.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Kjøttfri middag er ikkje middag

Tidlegare landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) måtte i fjor forklare seg til Stortinget om kva som kvalifiserer til «middag».

Bakgrunnen var erklæringa om at «kjøttfri middag er ikkje middag».

Ho fekk støtte av statsrådskollega Geir Pollestad, som uttrykte at haldningsskapande nyvinningar som «kjøttfri måndag» og andre vegetariske konsept innanfor same sjanger var «noko jåleri».

Under pandemien blei norske bønder oppfordra til å produsere meir kjøtt, men i tida etter har omsetninga svikta.

Konsekvensen er at det hopar seg opp med kjøtt på norske fryselager.

Så mykje at kjøttgiganten Nortura i fjor innførte «skotpremie» på mindre dyr, altså kalv.

Målet var å redusere tilførselen av kjøtt i slutten av 2024 og begynninga av 2025.

Leiar i Noregs bondelag, Bjørn Gimming, karakteriserte det som «eit nødvendig grep», men la til at det gjer vondt å sende dyr med «uforløyst potensial» direkte til slaktebenken.

– Eg trur ikkje det er nokon bønder som liker at kalvane går til slakt før dei er slaktemodne, sa han.

Heile seks av ti svarer at produksjonen bør auke

Norske bønder har også blitt oppfordra til å ta ned gris-paringa og levere lettare griser til slakt.

Den siste statusrapporten viser at nedgangen er størst for nettopp svinekjøtt.

Undersøkinga viser også at den generelle tilliten til norsk kjøtt- og fjørfebransjen og norske kjøtt- og fjørfeprodukt er stabilt høge.

På spørsmål om viktigheita av kjøtt- og eggproduksjon for sjølvforsyning, matsikkerheit og beredskap, svarer 82 prosent av dei spurde at det er viktig at vi er mest mogleg sjølvforsynte med mat i Noreg.

Henriksen i Animalia legg til:

Heile seks av ti svarer at produksjonen bør auke med tanke på sjølvforsyning og beredskap.

  • Ingrid Liland, nestleder for MDG, står foran flere vaiende, lysegrønne MDG-flagg. Hun har på seg rød langermet kjole, løst, krøllete hår, og smiler til kameraet.

    NTB

    Ingrid Liland, nestleder i Miljøpartiet De Grønne

    Norsk kjøtt kan utvilsamt bidra til auka sjølvforsyning så lenge det blir produsert på norske ressursar som ikkje kunne vore etne av menneske direkte. Men i praksis er det ikkje det som skjer. Kraftfôrbasert kjøttproduksjon frå kylling og svin bidrar ikkje til høgare sjølvforsyning.

  • Anja Bakken Riise

    Jorunn Hatling / NRK

    Anja Bakken Riise, Framtiden i våre hender

    Året har vore prega av kjøttdebattar, og folk følger med. Butikkane har hatt grøntkampanjar, og vi veit at kampanjar er viktige for kosthaldet.

  • Fagsjef for ernæring i Animalia, Karianne Spetaas Henriksen

    Animalia

    Karianne Spetaas Henriksen, Fagsjef for ernæring i Animalia

    Dyrtida i 2023 hadde truleg innverknad på matvala våre, og samtidig gjekk samfunnsdebatten føre seg om nye kostråd for fullt. Det raude kjøttet har vore under press frå fleire kantar. Sjølv om kjøttforbruket har gått noko ned dei siste to åra, er det for tidleg å slå fast om dette er ein langsiktig trend,

Publisert 30.10.2024, kl. 10.42

Read Entire Article