Nordmenn betalar meir i nettleige enn for straumen

2 days ago 9



Nye tal frå SSB viser at nordmenn betalte meir i nettleige enn for straumen i tredje kvartal.

I snitt betalte norske hushald 40,1 øre per kilowattime i nettleige – mot 35,3 øre per kilowattime i straumpris.

I tillegg kjem 37,0 øre per kilowattime i avgifter.

Forklaringa er ein kombinasjon av gunstige vêrforhold, lågare straumprisar og høgare nettleige.

Solid vasskraftproduksjon. Det er hovudgrunnane til at spotprisane har vore såpass låge, seier visepresident i Rystad Energy, Fabian Skarboe Rønningen.

NRK har vore i kontakt med fleire kraftanalytikarar som seier at tala frå tredje kvartal kan innvarsle ein ny trend der spotprisen utgjer den minste delen av straumrekninga.

Dette kan vere ein forsmak på kva som blir gjeldande i kommande år, seier Rønningen.

– Folk har eit nettleigesjokk i vente

Det er god grunn til å tru at denne fordelinga er symptomatisk for framtidas straumrekningar, seier Anders Lie Brenna, som er redaktør i fagbladet EnergiWatch.

Han tar atterhald om at straumprisen «er notorisk vanskeleg å spå».

Det einaste vi veit med stor sikkerheit, er at straumprisen vil variere veldig mykje framover. Vi kjem til å få mange timar med veldig låge straumprisar – også negative, og mange timar med høge straumprisar.

Til gjengjeld er det sikkert at nettleiga blir dyrare.

– Folk har eit nettleigesjokk i vente, seier Sofie Marhaug i Raudt.

NVE varsla tidlegare i haust at nettleiga for «vanlege kundar» vil auke med rundt 25 prosent fram mot 2030.

Grunngivinga er at nettet må forsterkast for å handtere meir «trafikk» og meir variabel produksjon frå sol- og vindkraft.

I alt trur NVE at det norske forbruket skal auke med 22 TWh fram til 2030.

ENØK-kampanje-23

– Det ligg an til auka investeringar i kraftnettet dei neste åra. Desse investeringane må betalast, og det skjer over nettleiga, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund. Her saman med statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Snorre Tønset / Snorre Tønset

Det vakraste ordet i ordboka

I rapporten Økonomiske utsyn, som vart publisert fredag, varslar EU-kommisjonen at han ventar jamt høge energiprisar heilt fram til 2026.

På same tid er det knytt spenning til LNG-marknaden og handelsstraumane når «toll-kongen» Donald Trump inntar Det kvite hus på nyåret.

Med unntak av «kjærleik» og «religion», er toll det vakraste ordet i ordboka, har den amerikanske presidenten uttalt.

Gassprisen er viktig fordi han også avgjer prisen på straum i EU.

I Tyskland ligg framtidskontraktane på straum på meir enn 1 krone per kilowattime – både for 2025 og 2026.

Det er ingen garanti for at det blir faktisk prisnivå, men dette er kva marknaden forventar, seier Rønningen.

Og det pleier å treffe bra.

Utvikling i nettleie per landsdel

Utvikling i nettleige per landsdel.

Grafikk: NVE

Regjeringa vil utlikne dei regionale forskjellane

Auken i nettleiga til norske straumkundar vil avhenge av rentenivået og flaskehalsinntektene til Statnett.

I tillegg vil utgiftene variere frå landsdel til landsdel.

– Fordi det er forskjell på kor mange som skal vere med på spleiselaget, seier Knut Lockert, dagleg leiar hos Distriktsenergi.

I Hurdalsplattforma har regjeringa varsla at ho vil utlikne dei regionale prisforskjellane, men foreløpig utan synlege resultat.

Hurdalsløftet ligg framleis i skuffa, seier Lockert.

Dette har tydelegvis gått mange hus forbi. Elles hadde langt fleire protestert.

  • Tor Reier Lilleholt

    Leif Dalen / NRK

    Tor Reier Lilleholt, kraftanalytikar

    Eg er overraska over at nettleige ikkje har vore meir i fokus dei siste åra. For ho har hatt ein underliggande stor vekst, medan det har vore veldig mykje fokus på kraftprisen. Når ein ser kva kraftprisen har vore dei siste månadene i store delar av landet, så er det klart at nettleiga får ein større dominans i sjølve sluttrekninga.

  • Elisabeth Sæther

    Sunniva Linjord / NRK

    Elisabeth Sæther, statssekretær i Olje- og energidepartementet

    Først og fremst er eg veldig glad for at straumprisane har gått ned. Kraftprisen i Sør-Noreg er i år 75 % lågare enn toppåret 2022. Kor mykje nettleiga går opp er ulikt rundt omkring i landet. Men generelt sett så aukar det noko for dei fleste. Både fordi nettet er gammalt og må skiftast ut, og fordi vi har bedrifter som treng meir straum for å trygge arbeidsplassar og skape verdiar for Noreg.

  • Sofie Marhaug frå Rødt står på talarstolen på Stortinget

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Sofie Marhaug, Raudt

    Folk har eit nettleigesjokk i vente. Vi etterlyser tiltak for å få ned nettleiga. For det første meiner vi at det ikkje skal kunne takast overskot på nettleiga frå verken Statnett eller nettselskapa. Og for det andre så må vi prioritere strengare kva nett som skal byggast ut. Vi er mot å bygge nye danmarkskablar., og å sende rekninga til straumkundane.

  • Ulf Møller

    Caroline Roka / Energi Norge

    Ulf Møller, næringspolitisk rådgivar i Fornybar Noreg

    Straumprisane pleier som regel å auke utover vinteren i takt med aukande straumforbruk. I fjerde kvartal vil derfor straumprisen truleg utgjere ein større del av straumrekninga enn nettleiga. Ein generell hugseregel er at straumrekninga består av éin tredel straumpris, éin tredel nettleige og éin tredel skattar og avgifter. For enkelte månader og kvartal kan derimot bildet sjå annleis ut.

  • Åsmund Sunde Valseth

    Vista

    Åsmund Sunde Valseth, partnar i Vista Analyse

    Ny teknologi gjer det mogleg å flytte forbruk utan at det kostar for mykje. For eksempel gjennom smarte trykkvarmarar eller smart lading av elbil. Da kan vi unngå unødvendige nettinvesteringar og få lågare nettleige. Men for at det skal lønne seg for folk å flytte forbruket må nettleiga i større grad henge saman med kapasiteten i straumnettet.

  • Fabian Skarboe Rønningen

    Rystad Energy

    Fabian Skarboe Rønningen, Vice President i Rystad Energy

    Når kraftmiksen får ein større del variabel kraft, må ein typisk skalere opp nettet, som skjer i mange europeiske land, også Noreg – sjølv om Noreg akkurat nå ikkje bygger mykje ny kraft. Det skal byggast vanvitig mykje sol og vind i Europa dei neste åra, også i våre naboland, noko som vil fortsette å vere ein drivar for meir nett, som igjen typisk fører til høgare nettleige.

  • Knut Lockert, dagleg leder Distriktsenergi

    Fredrik Kveen

    Knut Lockert, dagleg leiar i Distriktsenergi

    Vi forventar ein auke i nettleiga på ca. 25 % fram mot 2030. Det er oppgraderingar av nytt nett og vedlikehald av gammalt som i sum gir denne auka kostnaden. Det som er verd å merke seg er at auken slår veldig ulikt ut avhengig av kor vi bur i Noreg fordi nettleiga varierer i størrelse mellom ca. 29 øre pr. KWH til 76 øre dvs. ein forskjell på nærare 50 øre.

Ei ny undersøking som Respons Analyse har gjennomført for Fremtind, viser at nordmenn er førebudde på fleire straumsparegrep framover.

35 prosent vurderer å skru ned varmen i huset som sparetiltak. Samtidig vurderer 7 prosent nordmenn å skru ned eller av varmen på hytta.

– Sprengkulde og straumsparing er ein dårleg kombinasjon, seier Therese Hofstad-Nielsen i forsikringsselskapet Fremtind.

Hugs alltid å ha på tilstrekkeleg med varme i rom med vassrøyr. Helst over 10 grader.

Nettleiesjokk, sier Rødt og vil kutte utbytte fra nettleieselskaper samt droppe ny Danmarkskabel. - Vi vil gjerne holde nettleien nede, men må først trygge arbeidsplasser og bygge ut det gamle strømnettet, sier Arbeiderpartiet.

Publisert 19.11.2024, kl. 19.13 Oppdatert 19.11.2024, kl. 19.27

Read Entire Article