Nord-Korea kan ha fått hjelp til å skyte sitt «kraftigaste missil» hittil

3 weeks ago 27



Tidleg torsdag morgon skaut Nord-Korea opp ein rakett frå hovudstaden Pyongyang.

Missilet hamna 20 mil aust for den japanske øya Hokkaido – rundt 1000 kilometer frå der han blei skoten opp.

– Det var det lengst flygande missilet Nord-Korea har skote opp så langt, med ei flygetid på 26 minutt, sa Japans forsvarsminister Gen Nakatani, ifølge Reuters.

Det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA omtalar raketten som «landets kraftigaste ballistiske missil».

Eit missil med ei stor og sterk lyslue rundt seg, over sjø og eit fjell.

Den nordkoreanske TV-kanalen KCNA publiserte torsdag morgon dette biletet av testoppskytinga av det som skal vere Nord-Koreas kraftigaste missil.

Foto: STR / AFP

Shin Seung-ki, forskingsleiar på Nord-Koreas militære hjå Det koreanske instituttet for forsvarsanalyse, seier til Reuters at Nord-Korea kan ha fått hjelp frå Russland til oppskytinga.

Det same trur forskar Stein Tønnesson ved Institutt for fredsforsking (Prio).

– Det er stor prestisje for Nord-Korea å kunne bidra til Russland si krigføring, og i gjengjeld får dei viktig raketteknologi, seier han, og legg til:

– Den hjelpa såg vi nok i dag morges.

Stein Tønnesson

Prio-forskar Stein Tønnesson trur det er fleire grunnar til Nord-Koreas missiloppskyting torsdag morgon.

Foto: Philip Lote / NRK

I juni inngjekk Russland og Nord-Korea ein avtale om tett militært samarbeid og å forsvare kvarandre mot angrep. I oktober skal nordkoreanske soldatar ha blitt sende til Russland for å delta i krigføringa mot Ukraina, ifølge sørkoreansk og ukrainsk etterretning.

Beskjed til USA og Sør-Korea

Tønnessen trur at oppskytinga var ein beskjed til USA, så vel som Sør-Korea.

– Hadde missilet blitt stilt inn på ein lågare kurs, ville det hatt evna til å gå tvers over Stillehavet og treffe USA.

Også Halvor Kippe, atomforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), seier at Nord-Korea kan truge med å ramme amerikanske storbyar med dei missila dei har.

Halvor Kippe

Foto: Forsvarets forskningsinstitutt

Nord-Korea har ei lang rekke andre typar ballistiske missil og kryssmissil som kan truge regionale mål i først og fremst Sør-Korea og Japan, men missilet i nattas test har USA som ekstern målgruppe, seier han, og legg til:

Hensikta er å truge USA med å gjengjelde mot amerikanske storbyar dersom USA blandar seg inn i ei konflikt på Den koreanske halvøya. Dei vil svekke USAs vilje til å stå på Sør-Korea si side i ein militær konflikt.

Nord-Koreas leder Kim Jong-un har siden 2022 økt takten i testing av raketter som kan utstyres med atomstridshode. Bildet er fra en artilleriøvelse i mars i år.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har sidan 2022 auka takta i testing av rakettar som kan bli utstyrte med atomstridshovud. Biletet er frå ei artilleriøving i mars i år.

Foto: '''N'ʐM'' / AP

Nord-Korea og Sør-Korea er teknisk sett framleis i krig med kvarandre, og forholdet mellom dei to landa har dei siste månadane surna kraftig.

– Begge partar har gjort det tydeleg at dei ikkje har noko tru på gjenforeining, og eg fryktar at vi vil sjå fleire slike hendingar mellom nord og sør framover. Det er lite tvil om at Nord-Korea kjem til å halde fram på denne måten, seier Tønnessen.

Uroa for samarbeidsavtale

Oppskytinga skjedde få timar etter at USA og Sør-Korea bad Nord-Korea hente heim soldatar frå Russland.

Rundt 10.000 nordkoreanske soldatar skal vere i Russland, har både Nato og Pentagon stadfesta.

Nord Koreas leder Kim Jong Un og Russlands president Vladimir Putin smiler under møtet de hadde på flyplassen utenfor Pyongyang, 19. juni, 2024.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un og Russlands president Vladimir Putin ilag utanfor Pyongyang i juni. Under besøket inngjekk dei ein avtale om tett militært samarbeid.

Foto: Gavriil Grigorov / AP

I FNs tryggingsråd i natt uttrykte fleire bekymring over at desse skal bli brukte i krigen mot Ukraina.

– Desinformasjon, var svaret til Russlands FN-ambassadør, Vasilij Nebenzia.

Han nekta for at nordkoreanske soldatar er sette inn på frontlinja i Ukraina, men understreka at Russland har lov til å søke hjelp frå sine nordkoreanske allierte.

– Det er «vår business», har Russlands president Vladimir Putin tidlegare sagt.

Namngir tre generalar

I ei utsegn til tryggingsrådet, namngav den ukrainske regjeringa tre av 500 nordkoreanske generalar som dei meiner er i Russland no.

Oberst Kim Yong Bok, Oberst Ri Chang Ho og Generalmajor Sin Kum Cheol skal vere blant generalane som har blitt sende til Russland, saman med tusenvis av nordkoreanske soldatar, ifølge Ukraina.

Publisert 31.10.2024, kl. 12.53

Read Entire Article