No vil «alle» kjøpe covidtestar igjen

3 weeks ago 15



Vitus apotek i Ålesund har hatt sjuke kundar i butikken heilt sidan i sommar, både nordmenn og turistar. Det går unna med sal av nasespray, hostemiksturar og covid-testar.

– Dei hostar og harkar. Eg er glad for at vi framleis har pleksiglas oppe, sjølv om dei skal takast ned. Du ser på pasientane og kundane at dei har symptom, seier apotekar Kristoffer Nygård.

Sjølv om det er lenge sidan styresmaktene anbefalte folk å teste seg for covid, er det mange som gjer det.

– Akkurat no er vi utselde for covid-testar. Eg trur det heng igjen frå pandemien at folk vil finne ut om det er korona eller ikkje, seier Nygård.

Vitus apotek på Kremmergaarden i Ålesund

Vitus ser ein stor auke i sal av covid sjølvtestar.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Dobla salet av sjølvtestar

Trenden er den same i heile landet. Det er ikkje berre Vitus apotek som ser ein stor auke i sal av covid sjølvtestar og forkjølingsprodukt.

Apotek1 har dobla salet av sjølvtestar samanlikna med same periode i fjor. Også Boots melder om auka sal.

Ifylgje Folkehelseinstituttet er det ein auke i koronasjuke, og det er mogleg at auken vil halde fram utover hausten. Det har også vore ein auke i luftvegsinfeksjonar med rhinovirus dei siste tre vekene, slik det brukar å vere på hausten.

Testar du deg for covid-19 når du får symptom?

Sjuk baby

Kamilla Grande er på trilletur i Ålesund, men er ikkje heilt frisk. Heile familien på tre har vore nede for teljing.

– Vi trudde vi hadde korona, men det var ikkje det, seier Grande. Babyen på åtte månader var den som fekk det lettast, med feber i eit par dagar. Sjølv var ho sjuk i to veker.

– Det er travelt og slitsamt og kjedeleg, seier småbarnsmora.

Kamilla Grande med sonen Casper i vogna

Kamilla Grande er glad for at sonen Casper var den som fekk det lettast då dei blei sjuke.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Poul Sofus Eysturdal har også vore sjuk og hos han var det utslag på koronatesten.

– Det var jævlig. Jævlig mykje feber og drit, seier Eysturdal.

Poul Sofus Eysturdal

Poul Sofus Eysturdal var sjuk ei veke med covid. No føler han seg betre.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Dropp testen

Kommuneoverlege i Ålesund, Alexander Drabløs Wiig, ser også at det er mykje forkjøling i omløp og ei svak stigning i koronafrekvensen. Han meiner folk likevel kan droppe sjølvtesten og meiner det er irrelevant om det er korona eller anna virus du har, dersom du ikkje tilhøyrer risikogruppa. Grunnen er at befolkninga har fått god immunitet gjennom vaksinering og sjukdom dei siste åra.

– No praktiserer vi det med å halde seg heime dersom du er sjuk og smitteførande. Er du i tvil og du blir dårleg, skal du sjølvsagt søke legehjelp, seier Wiig.

Styresmaktene ser ikkje lenger på covid-19 som ein allmennfarleg smittsam sjukdom, og viruset er no i same kategori som influensa.

Wiig oppmodar eldre og andre i risikogruppa om å ta oppfriskingsdose når det blir ny vaksineringsrunde til hausten.

Publisert 10.09.2024, kl. 07.30

Read Entire Article