No opnar Trollstigen for trafikk

1 day ago 1



– Det er jo litt stas å vere her når bommen går opp. Om eg er først eller nummer to spelar ikkje så veldig stor rolle. Men det er litt stas å vere først.

Motorsyklisten Johannes Stokke frå Eidnes i Sula var på plass ein time før bommen på Trollstigen opna. Det er ikkje første gong det skjer. Han har gjort det til ein tradisjon å vere ein av dei første i køen.

Og Trollstigen betyr mykje for Johannes Stokke.

– Eg er veldig fascinert av Trollstigen. Eg har alltid syntest det har vore spektakulært å køyre her. Så eg køyrer mange turar over Trollstigen om sommaren.

Åpning Trollstigen i april 2026

Johannes Stokke gjer seg klar til å køyre Trollstigen som den første etter opninga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Har jobba på spreng

Brøytemannskapa har jobba på spreng for å gjere vegen over Trollstigen klar for trafikk. Det store spenningsmomentet har vore vêret.

Men det har vore ein vinter der vêrgudane stort sett har vore på brøytemannskapa si side.

– Vinteren har vore snill med oss i år. Før påske var det nesten heilt bart på vegen. Utfordringa har vore den snøen som kom i påska, seier byggjeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Byggeleder Roar Vikhagen under åpninga av Trollstigen april 2026

Ein fornøgd byggjeleiar Roar Vikhagen koste deg under opninga av Trollstigen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dag Christian Ugseth/Møre og Romsdal fylkeskommune

No i helga var det igjen varsla snø. Og snøen kom. Det la seg 30–40 centimeter på toppen av Trollstigen. Brøytemannskapa måtte i aksjon igjen.

Men no er det klart for rekordtidleg opning av turistikonet. Den tidlegare rekorden var 8. mai.

Det er vanlegvis stor pågang og lange køar når Trollstigen opnar for våren. Turistane vil gjerne sikre seg ein plass i køen under opninga. Spenningsmomentet har vore om det kjem like mange med rekordtidleg opning i år.

Dronebilde av brøyting på Trollstigen. Det er lite snø i år. Kontrollingeniør Dag Christian Ugseth i Fylkesveg tok bilde av brøytearbeidet med drone

Brøytemannskapa har stått på for å få ein tidleg opning av Trollstigen. Bilete er frå midten av april.

Foto: Dag Christian Ugseth / Møre og Romsdal fylkeskommune

Spektakulært

Men utover våren og sommaren er det venta stor tilstrøyming av norske og utanlandske turistar som vil oppleve den spektakulære staden. For Trollstigen er svært populær.

– Det er fjell og svingane som er verdskjende. Det har vore mykje reklame om Noreg og noregsferie, det er spektakulært der. Det er ein fantastisk stad, sa Vikhagen i førre veke.

Bildet viser en spektakulær dal med bratte fjellsider og en svingete vei som går langs siden av fjellet. I bunnen av dalen renner en elv, omgitt av grønt vegetasjon og steinete områder. Skyene henger lavt over fjellene, noe som gir et dramatisk inntrykk av landskapet. Veien i bildet er en del av en populær turistattraksjon i området, Trollstigen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Rundt ein million menneske besøkjer Trollstigen kvar sesong.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ordføraren i Rauma kommune, Yvonne Wold (SV) har sagt at ho håpar på nye besøksrekord med rekordtidleg opning.

– Vi gler oss over tidleg opning og håper vi det gir gode moglegheiter til aktivitet tidleg og seint.

Stengd veg på grunn av ras

Dei siste åra har ras og rasfare vore ein stor utfordring i Trollstigen. Steinar som har rasa ut har ført til at vegen har vore jamleg stengd.

Stein i veien på Trollstigen.

Stein som rasar ut har jamleg ført til at vegen har vore stengd.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

I 2024 blei vegen stengd i eit heilt år etter at ein bil blei råka av ein steinblokk. Det skjedde berre ti dagar etter at vegen hadde blitt opna.

Omfattande sikringsarbeid gjorde det mogleg å opne vegen igjen. Men meir varige tiltak i Trollstigen vil krevje bompengar.

En gruppe mennesker som går på en steinete sti

Steinras har gjort det naudsynt med omfattande sikringsarbeid i Trollstigen.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Bruk vinterdekk

Men no er det snøen som er utfordringa. Og sjølv om vegen er opna for trafikk kan køyreforholda bli krevjande.

– Det er bar veg no. Men det skiftar fort, og platået ligg 800 meter over havet. Så ein bør ha vinterdekk. Og inn mot helga er det meld snø så vi får sjå kor lenge vi kan halde vegen ope. Kjem det snø blir det dårleg sikt og då kan det hende at vi må stengje igjen.

Publisert 27.04.2026, kl. 11.46 Oppdatert 27.04.2026, kl. 12.55

Read Entire Article