No kan dei få pappa heim frå Gaza – UDI gir opphalds­løyve

1 month ago 27



– No ser me lys i tunnelen. Og at me kan få ei fin framtid her i Noreg som ein liten familie, seier Vanessa Yaghi.

I fleire månader har 28-åringen frykta for livet til ektemannen Jaber i Gaza. I slutten av februar blei han såra i eit israelsk angrep mot huset han budde i.

Tysdag ettermiddag fekk familien eit svar som gir håp.

Utlendingsdirektoratet gir Jaber Yaghi mellombels opphaldsløyve i Noreg. Det kom ei veke etter at dei på nytt søkte om familiegjenforeining.

– Det betyr veldig mykje. Og eg er så takknemleg for all støtta eg har fått frå kollegaer, vener og familie, seier Vanessa.

Ho var på jobb på sjukeheimen då ho fekk brevet frå UDI.

Har fått fleire nei

Jaber Yaghi har tidlegare fått avslag på søknad om familiegjenforeining frå både UDI og Utlendingsnemnda (UNE).

Grunnane har vore at vilkåra ikkje har vore oppfylte, og at dei menneskelege omsyna ikkje er vurderte som tungtvegande nok.

Seinast i førre veke avslo UNE å vurdera saka på nytt.

Saka skapte engasjement i fleire parti på Stortinget.

Vanessa og advokat Trygve Tveter sende ein ny søknad til UDI. Regjeringa har bede UDI om å prioritera saker frå Gaza, og UDI stadfestar at dei har gjort det i dette tilfellet.

Dei viser også til at familien Yaghi no oppfyller fleire vilkår enn sist.

– Dette er veldig bra. Og eg vil gi litt ros både til UDI, til politiet i Haugesund og til Statsforvalteren i Oslo og Akershus, som alle tre instansar valde å prioritera denne saka i nokre hektiske dagar før påske, seier advokat Trygve Tveter.

Han viser til at det er svært sjeldan saker blir handsama så raskt.

– Det er svært sjeldan med så rask saksbehandlingstid. Det som kjenneteiknar politiet og UDI, er dei altfor lange saksbehandlingstidene i utlendingssaker.

Asya Yaghi

Asya Yaghi håpar ho no får pappa Jaber Yaghi til Noreg.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Vanskeleg å koma seg ut av Gaza

På tekstmelding frå Gaza, skriv Jaber Yaghi:

– Eg er veldig glad. Dette er gode nyheiter, og eg håpar at det fører til at eg blir gjenforeint med familien min snart.

Men sjølv med gode nyheiter er det framleis utfordringar i vente for familien.

– Eg håpar at norske styresmakter vil hjelpa meg med å koma meg ut av Gaza. Eg treng hjelp, for det er veldig vanskeleg å koma seg ut av Gaza, skriv Jaber.

NRK har onsdag stilt spørsmål til UD om vedtaket fører til at Jaber vil få hjelp av norske styresmakter til å koma seg ut av Gaza. Kommunikasjonsavdelinga i UDI skriv i ein e-post at dei ikkje har høve til å svara på dette før etter påske.

Jaber Yaghi

Familien har bilete av pappa Jaber Yaghi ståande i heimen på Stord.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fleire enn 31.000 menneske er drepne i israelske åtak mot Gazastripa sidan oktober, ifølgje palestinske helsestyresmakter.

Vanessa Yaghi kom sjølv til Noreg frå Tyskland som 13-åring då foreldra fekk jobb her. Ho har vore norsk statsborgar sidan årsskiftet 2012/2013.

Seinare møtte ho Jaber på ein tur til Gaza. I 2017 gifta dei seg, og i to periodar har dei budd saman i Gaza.

Men i april i fjor tok ho døtrene med seg til Noreg fordi ho synest det blei for utrygt.

No kan det nærma seg at pappa Jaber får koma etter.

Publisert 27.03.2024, kl. 16.29

Read Entire Article