Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

2 weeks ago 11



– Smart ja. Idiotisk av Spurs.

Det seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp om daudballsituasjonane som førte til to av Arsenals mål mot Tottenham søndag.

For da hjørnesparket i forkant av den fyrste scoringa skulle takast plukka TV-kamera opp ein spesiell situasjon.

Arsenal-forsvarar Ben White gjekk rett inn mot Tottenham-målvakt Guglielmo Vicario og stilte seg tett inntil han. Så strakk han fram handa og pirka borti handa og ermet til italienaren.

– Det må ein tole og handtere. Tottenham vel også å ikkje ha nokon som ryddar plass til keeperen, seier Carl-Erik Torp om situasjonen.

Fleire engelske medium har også plukka opp situasjonen, og på X haglar reaksjonane.

«Ben White forsøker å losne Vicarios hanske»

«Ben White set målvakta ut av spel»

Daudballmål nr. 2

3–0 til Arsenal kom også etter ein daudball. Også da hadde White stilt seg opp ved Vicario, og da hjørnesparket vart slått stilte han seg framfor målvakta og brukte styrka si til å hindre han.

– Vicario har null kraft, null autoritet til å ta tak i den situasjonen. Ben White gjer ingenting gale, sa Kasper Wikestad i Viaplays studio i pausen.

Viaplays fotballekspert Eirik Bakke hylla Arsenals plan, og han var tydeleg kritisk til forsvarsspelet til Tottenham.

– Alle ligg i sone og er «ball watching». Det er ein klar og tydeleg plan frå Arsenal dette her. Det er veldig svakt forsvarsspel av Tottenham, og ein veldig tydeleg plan frå Arsenal.

Carl-Erik Torp

HYLLAR: NRKs fotballekspert Carl Erik Torp hyllar Arsenals daudballgrep i 3-2-sigeren mot Tottenham.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp er einig i at forsvarsspelet til Tottenham er kritikkverdig.

– Corneren på 3–0 viser at dei kanskje burde ha ein som hjelpte Vicario til å kome seg ut.

– Arsenal har analysert og sett at Spurs ikkje bruker opp ein spelar på å ta ut motstandaren som stiller seg rundt Vicario. Og da har jo White ein jobb: hindre keeper å kunne plukke hjørnespark. Irritere og stå i vegen.

– Klovnespel

Arsenal tok tidleg føringa i kampen da Pierre-Emile Højbjerg heada ballen i eiget mål. Sju minutt etterpå trudde mange at Tottenham hadde slått tilbake, men scoringa frå Micky van de Ven vart annullert etter ein hårfin offside.

Arsenal var nådelause da dei kontra inn mål nummer to kort tid etter den annullerte scoringa. Bukayo Saka var iskald, drog seg inn i bana og sette inn 2–0 i det lengste hjørnet. Det var Sakas 15 Premier League-mål denne sesongen. Tottenhamspelarane protesterte høglydt da dei meinte dei skulle hatt straffespark i forkant av kontringa. Men dommar Michael Oliver heldt fløyta burde frå kjeften, og Arsenal si scoring fekk stå.

Britain Soccer Premier League

SAKA: Bukayo Saka scora Arsenals andre mål.

Foto: Zac Goodwin / AP

Og vondt vart til verre for dei liljekvite etter 37 minutt. Etter nok eit hjørnespark frå Arsenal, får Kai Havertz gå åleine opp to meter frå mål, og kunne heade ballen kontant i mål.

I andre omgang fekk Tottenham plutseleg ei gåvepakke som gav eit lite håp. Arsenal-keeper Raja fekk ballen og skulle slå han framover. Da gav han den rett og slett bort til Cristian Romero som enkelt kunne sette ballen i mål

– Det er stryk av Raja. Det er å gje bort mål. For eit klovnespel av Raja i den situasjonen, kommenterte Viaplays fotballekspert Nils Johan Semb.

Fem minutt før fulltid vart håpet tent hjå Tottenham om at dei kunne få med seg noko, da Ben Davies vart sparka ned inne i 16-meteren og dommaren bles straffe. Son var sikker frå ellevemeteren, og så stod det 3-2.

Men Arsenal heldt unna, og rei inn ein viktig siger i kampen om ligatittelen.

Publisert 28.04.2024, kl. 17.00 Oppdatert 28.04.2024, kl. 17.09

Read Entire Article