Politiberedskap:
Tidlegare forsvarsstopp kallar ressurssituasjonen i politiet for «flau».

Publisert 14.03.2025 15:38
– Politiet får ikkje dei ressursane som vi som borgarar treng for at politiet skal gjere denne jobben. Dette er rett og slett flaut, seier Harald Sunde.
For to år sidan leia den tidlegare forsvarssjefen Totalberedskapskommisjonen.
Dei trekte fram ei rekke tiltak som må til for å styrke totalberedskapen i krise og krig.
Sidan då, er situasjonen i verda blitt stadig meir kaotisk.
– For lite merksemd
TV 2 har tidlegare fortalt at fleire politidistrikt har sett ein auke i tryggingstruande hendingar sidan Russland gjekk til angrepskrig mot Ukraina i 2022.
Samstundes melder fleire at dei ikkje har kapasiteten som trengst for å handtere denne auken.
– Omfanget har auka såpass mykje dei siste åra, at vi ikkje får gjort alt vi burde gjort. Dette er no eit problem, sa politimeisteren i Vest, Kaare Songstad, til TV 2.

Politiet åtvarar: – Ikkje rusta for oppdraget
– Eg deler uroa for at politiets rolle får for liten merksemd i beredskapsdebatten, seier politimeister Ida Melbo Øystese i Oslo politidistrikt.
Må ta det på alvor
Politimeistrane får støtte frå Sunde, som seier det hastar å ta grep.
– Utfordringa er høgst relevant. Vi ser at trusselsituasjonen aukar. Skal vi vere sikre, må vi ha både eit sterkt forsvar og eit sterkt politi. Då treng politiet heilt andre ressursar for å bygge seg opp, seier Sunde.

Han meiner regjeringa har gjort eit grundig stykke arbeid med å ta tak i tiltaka som kommisjonen la fram, etter at dei la fram Totalberedskapsmeldinga i januar i år.
Han meiner likevel at det tar for lang tid.
– Vi må etablere «fast tracks». Det skal vere forsvarleg forvaltning, men vi må ta dette på alvor. Politiet veit kva ressursar dei treng, dei veit kvar det smerter og kvar det skortar. Dette burde ta kort tid, seier Sunde.
– Kva hastar mest?
– Meir personell.
Fryktar nedbemanning
Nok folk var berre ei av utfordringane Politiets Fellesforbund Vest trakk fram, då dei samla seg til seminar for å diskutere den tryggingspolitiske situasjonen onsdag.
Her blei ressurssituasjonen til politiet eit sentralt tema.

– Viss du hadde spurt på enkelte avdelingar om kor dei ligg an når det gjeld det som er forsvarleg, så hadde du fått mange urolege svar, seier Martin Kjelby, lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Vest, til TV 2.
Han meiner politiet er sprengt på kapasitet, og fryktar no at situasjonen vil gå frå vond til verre, om ikkje det blir endringar i budsjetta.
– Vi ser at budsjetta ikkje har fått noka betring. Det ligg an til nedbemanning viss det blir ståande slik som no.

Har styrkt
TV 2 har tidlegare vore i kontakt med Justis- og beredskapsdepartementet om korleis dei vurderer auken i tryggingstruande hendingar og ressurssituasjonen i politiet.
Då viste statssekretær Joakim Øren (Ap) til at regjeringa har prioritert politiet og styrka budsjetta til politiet og PST med cirka seks milliardar kroner til saman.
Regjeringa held også på med eit arbeid for å sjå nærmare på kva politiet skal vareta av den øvre delen av krisespekteret, kva som skal falle bort og kva som skal flyttast til andre aktørar.
Opposisjonen reagerer
Justispolitisk talsperson i Høgre, Mari Holm Lønseth, er uroa over utviklinga.
Ho viser til at det no er 391,6 færre politiårsverk i politidistrikta enn det var ved regjeringsskiftet i 2021.
– Kriminaliteten er meir organisert, brutal og alvorleg. Samstundes har Støre-regjeringa sørga for at det er nesten 400 færre politifolk i politidistrikta.

Ho meiner det må brukast meir pengar på både tiltak som får kriminaliteten ned, og meir pengar til politiet for å sikre fleire politifolk i gatene.
Også leiar i justiskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), reagerer på utviklinga.
– At politiet må ha nok ressursar til å trygge oss i denne situasjonen, skulle berre mangle. Då er det eit paradoks at politiet må nedbemanne for å få endane til å møtast, seier Njåstad.

–Regjeringa viser til at dei har styrkt politiet og PST med seks milliardar kroner i sin periode, og politidekninga i distrikta nasjonalt har gått noko opp. Viser ikkje det teikn til betring?
– Det har vore ein auke i budsjetta og ein liten auke i folk, i nokre politidistrikt. Men auken står ikkje i stil med kriminaliteten ein ser. Det må ein gjere noko med no, seier Njåstad.