Trudde dette var rev – no er jegeren dømd til fengsel

4 hours ago 4



Mannen erkjenner at han burde ha sjekka betre før han fyrte av.

 Øst politidistrikt
IKKJE LOV: Gaupa er utryddingstruga og difor ikkje lov å felle utan løyve. Denne gaupa måtte bøte med livet i februar då jegeren tok feil av kva dyr han var. Foto: Øst politidistrikt

Publisert 12.05.2025 17:53

Mannen i 70-åra er no dømd til 45 dagar i fengsel for det skjebnesvangre skotet.

Det var i februar, seint på kvelden, at mannen fyrte av eit rifleskot og felte eit dyr på eit jorde i Frogn i Akershus.

Mannen har forklart at han trudde han skaut ein rev. Det viste seg derimot å vera ei gaupe han hadde skote.

Gaupa er ein freda art i Noreg. Du må difor anten ha fellingsløyve eller det må vera sett kvote for lovleg jakt på gaupe om det skal vera greitt å skyte dyret.

 Heiko Junge / NTB
RAUDLISTA: Gaupe er det einaste viltlevande kattedyret i Nord-Europa. Her er ei Gaupe på Langedrag. Foto: Heiko Junge / NTB

Tok sjølv kontakt med politiet

I den ferske dommen frå Follo og Nordre Østfold tingrett kjem det fram at mannen sjølv tok kontakt med politiet då han hadde innsett kva som hadde skjedd.

I retten tilstod han utan atterhald. Mannen har jakta på rev i over 12 år og han har stort sett felt revar på mindre enn ti kilo.

– Han har forklart at han burde ha venta lenger før han fyrte av, han visste det var gauper i Frogn og han var kjent med statusen gaupa har som utryddingstruga, samanfattar dommaren.

Gaupe

Fra Store norske leksikon:

Gaupe er et mellomstort rovpattedyr i kattefamilien og det eneste viltlevende kattedyret i Skandinavia. Arten har stor utbredelse i Europa og Asia, spesielt i nordlige områder.

Også kjent som: tidligere «Felis lynx»
Vitenskapelig navn: Lynx lynx
Beskrevet av (Linnaeus, 1758)
Rødlistestatus i Norge: EN – Sterkt truet
Global rødlistestatus: LC – Livskraftig

Les mer hos Store norske leksikon

Vedkommande legg til at det trass alt er vesensforskjellar mellom rev og gaupe og at gaupa som vart skoten var 23 kg stor.

 Øst politidistrikt
MISTAR JAKTRETTEN: Gaupa blir det siste mannen i 70-år får skutt på ei stund. Han mistar jaktretten i eitt år. Foto: Øst politidistrikt

Kan ikkje jakte det neste året

Skotet fall rundt klokka 23.00 den aktuelle kvelden, så det var rett nok mørkt.

Mannen i 70-åra får strafferabatt fordi han tilstod og hjelpte politiet under etterforskinga av saka. 

Han må likevel tole å få rifla si inndratt og han mistar jaktretten i eitt år, rekna frå rettskraftig dom.

Det er til info lov å jakte rev i Noreg frå 15. juli til 15. april.

Read Entire Article