KOMMENTAR: Regjeringa vil støvsuga alle barn frå dei er 1 år til dei er 16 for ein bråte opplysningar om liva deira, og kopla det saman med ein bråte opplysningar om foreldra deira. For å kunna forstå. Mhm.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Dei manglar data nok til å finna den manglande biten. Den som får det heile til å klikka på plass, sånn at ein kan forstå korleis sårbare barn og unge kan få best mulig hjelp i barnehage og skule. Kven dei er? Regjeringa, ved kunnskapsdepartementet. Der Jonas Gahr Støre og Kari Nessa Nordtun for tida sjefar.
Og det kunnskapsdepartementet meiner dei manglar, er individ-data. Menneskedata. Dei vil så gjerne få lov til å registrera alle barns personnummer, kor lenge dei går i barnehagen, kor mange timar dei går der, om dei mottar spesialundervisning, om foreldra har så låg inntekt at dei betaler redusert pris, om dei er minoritetsspråklege. Om kva skule dei går på, om dei går i SFO, om dei får personleg assistanse, fysisk tilrettelegging, individuell tilrettelegging, om dei får særskilt språkopplæring. Og om alt fråvær, karakterane på nasjonale prøvar og sluttkarakterane frå grunnskulen. Trur eg det var.
Heng de med?
Dette skal lagrast i to register, eit for barnehagen, og eit for grunnskulen. Det kan forskast på – det er jo heile poenget, og koplast opp mot opplysningar frå andre offentlege register, for eksempel Folkeregisteret, Nasjonal utdanningsbase, forløpsdatabasen for trygdebruk, Skatteetatens skattemeldingsdata, arbeidsforhold frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister. Puh!
Så kan dei for eksempel, skriv departementet, få kunnskap om kva som kjenneteiknar barn som går i barnehage og dei som ikkje gjer det. Kjenneteikn kan vera bygd på informasjon om foreldras økonomi og utdanning, busituasjon, livsopphald og landsbakgrunn. Ved å kopla barneregistera saman med register ein finn foreldra i, og kopla opplysningar om dei same barna på eit seinare tidspunkt i livet deira.
Dette kan ingen av oss reservera seg mot. Ingen.
Staten passar jo på?
Utdanningsdirektoratet skal passa på desse to registera, og sitja med nøkkelen til å kopla opplysningane saman med personnummeret til barnet. Forskarar kan søkja om å få ut personnummer, viss det er nødvendig for formålet med det heile. Som skal vera «å legge til rette for evaluering, utvikling og forbedring av henholdsvis barnehage- og opplæringssektoren». Det er jo eit viktig og velmeint formål. Ein kan tenkja seg at det ikkje blir umulig å få ut dei personnummera som trengst for å oppfylla det.
Er det verdt det?
Kor mange koplingar må dei faktisk gjera, for å finna den biten kunnskap? Viss eit barn har gått i ein barnehage med få barnehagelærarar, og gjer det dårleg i 8. trinn på skulen? Kor mange ting bør du sjekka då, for å finna ut om det faktisk er ein samanheng der? Kva om mor og far blei skilt ein gong i det same tidsrommet? Kva om mor blei oppsagt frå jobben? Kva om det var læraren din som slutta? Eller storebror som flytta ut, han som alltid hadde hjelpt deg med leksene? Det siste der klarer dei sikkert ikkje lesa ut av sånne data. Det med hjelp av storebror. Sånne menneskelege innslag forsvinn i det store sluket.
Og viss ein først opnar for slike omfattande barneregister, kor enkelt blir det då å leggja til, og leggja til, og leggja til? Dersom ein ikkje kjem nært nok? Innføra ein kartleggingsprøve til? I tredje klasse, kanskje? Registrera sosial utvikling? Kartleggja kor gode barnehagebarn er til å regulera sine eigne følelsar? Det siste har vore føreslått, i Stoltenbergutvalget i 2017.
Det er veldig inngripande i barn og foreldres liv, dette. Og det er altfor usikkert om informasjonen blir godt nok varetatt. Fordi folk gjer feil, fordi folk blir overivrige, fordi dei vil oss vel, fordi staten kan bli for høg på seg sjølv. Fordi ingen av oss er særleg gode når vi blir høge på oss sjølv.
Og er det så sikkert at det er akkurat dette ein treng? For å få på plass den siste biten som fiksar skule og barnehage for sårbare barn?
Det tar jo mange år før ein kan bruka resultata av forskinga, vil eg tru. Kan for eksempel forsking på barn som vaks opp før smarttelefonen kom, overførast på barn som veks opp med smarttelefon?
Og sjølv om ein hadde hatt eit register over det totale fråværet i grunnskulen før pandemien, kva kunne ein brukt det til? Utover å rekna ut forskjellen? Kor nært kunne ein klart å koma årsakene, utan å kopla, kopla og kopla saman mange ulike sider ved norske barns livsvilkår? Og korleis veit ein at det er dei rette sidene ein koplar saman? Kva om det ikkje er det?
Usunt
Sjølvsagt kan informasjonen misbrukast. Av folk og statar som ikkje vil oss vel. Og sjølv om vi kan få eit blendande stort datamateriale, som inkluderer alle barn og familiar i Norge, følgt i ein tidsperiode på 15 år, kan det likevel gi misvisande resultat. Fordi det er snakk om så mange år, fordi så mange ting spelar inn i eit livsløp. Fordi det står menneske bak, som plukkar ut kva forhold ved eit livsløp som er viktige nok til å kopla saman. Det er ikkje gitt at dei treff.
Ganske få personar kan stå for utvalet av kva som skal med, og kva som skal koplast, i millionar av menneskes liv.
Det er ikkje bra. Det er ikkje sunt. Vi skal ikkje ha så stor tillit til staten. Det blir tydeleg i dette høyringsnotatet, ført i pennen av staten sjølv, der staten friskt avfeiar dei fleste innvendingar mot at staten får det staten vil ha. For staten driv med viktige ting, og staten veit best.
Nei, det er ikkje sunt. Vi må hiva meir sand inn i maskineriet. Vi må ha fleire sperrer. Datatilsynet har sett foten ned før. Eg håpar inderleg dei gjer det igjen. Denne gongen for Kari og Jonas og den altfor grådige staten dei vil sleppa til.
Publisert:
Publisert: 21. oktober 2024 15:26