Kystverket skal no forhandle pris med dei som vil bygge Stad skipstunnel. Det bestemte eit fleirtal på Stortinget i dag.
Dermed er ikkje siste ord sagt i den lange sagaen om skipstunnelen.
Regjeringa trakk i nødbremsen fredag. Dei vil skrote heile prosjektet – før Kystverket har forhandla om pris.
Ifølge Jonas Gahr Støre er prislappen på skipstunnelen på 9,4 milliardar. Han meiner det ikkje er mogleg å forhandle prisen noko særleg ned.
Men regjeringa er i mindretal på Stortinget. No har eit fleirtal gått saman for å halde eit håp i live.
Ikkje endeleg ja
Det var Senterpartiet, KrF og Venstre som sto bak dagens forslag på Stortinget. Også Frp og Høgre stemte ja til forslaget om at Kystverket skal gå i forhandlingar.
– Dette er godt nytt for kysten, og viser at Stortinget er større vestlandspatriotar enn regjeringa, seier Helge André Njåstad (Frp).
Kystverket har allereie kjøpt fleire eigedommar som vil stå i vegen for tunnelen.
Foto: NRKHan vil likevel ikkje sette ein makspris på tunnelen. Heller ikkje Høgre seier at dette er eit rungande ja til tunnelen, uansett pris.
– Høgre vil ikkje ta realitetsvurdering av dette nå, men vi vil at prosessen som faktisk er påbyrja, ikkje blir kortslutta gjennom ein lekkasje frå statsministeren, sa Trond Helleland (H) frå talarstolen på Stortinget.
Erling Sande i Senterpartiet er glad for fleirtal, men vil ikkje seie kor høgt dei skal prioritere skipstunnelen i budsjettforhandlingar med Arbeidarpartiet.
– Vi begynner ikkje budsjettforhandlingar gjennom media på førehand, seier Sande.
Erling Sande (Sp) er nøgd med fleirtal for forslaget.
Foto: William Jobling / NRKMeiner forhandlingar ikkje er vits
Regjeringa meiner at det ikkje er vits å gå i forhandlingar – når dei uansett vil skrote heile prosjektet.
– Det er heller ikkje mogleg å forhandle prisen ned, slik vi ser det, sa Jonas Gahr Støre i førre veke.
Men Kystverket har ikkje fått lov til å prøve å forhandle. Sidan juni har dei venta på grønt lys for dette.
Sveinung Nedregotten i Kystverket seier derfor at den endelege prisen framleis er ukjend.
– Rundt påsketid er det kanskje realistisk at vi ha eit endeleg tilbod, seier Nedregotten.
Det vil truleg vere tidsnok for å ha eit endeleg tilbod innan revidert nasjonalbudsjett.
Skipstunnelen er planlagt å vere 1,7 kilometer lang.
Grafikk: Kystverket/SnøhettaKan vere forhandlingsrom
Det er tre aktørar som ønsker å bygge skipstunnelen.
Støre seier at tunnelen kostar 9,4 milliardar kroner. Dette er ein øvre kostnadsramme, ifølge Nedregotten.
Det er 85 prosent sannsynleg at tunnelen ikkje går over denne prisen. Eit estimat med 50 prosent sjanse for kostnadssprekk, er omtrent 8,3 milliardar, ifølge Kystverket.
Begge estimata er inklusive moms. Den opphavelege ramma som Stortinget har sagt ja til, er på 5 milliardar.
Ifølge KrF kan prisen no «hamne i ei sone der det faktisk er mogleg å få det til».
– Det blir spennande å sjå kva summen blir, og kva fleirtalet eventuelt vil bli i sjølve saka om å setje i gang. Men det er neste steg i saka, seier Harry Valderhaug (KrF).
Kystverket har hatt travle dagar på jobb. Dei ser fram til å starte forhandlingane.
– Det har vore ein «rollercoaster de luxe». Det snur frå dag til dag, seier Nedregotten i Kystverket.
Publisert 14.10.2025, kl. 18.26 Oppdatert 14.10.2025, kl. 18.52