Kystverket skal no forhandle pris med dei som vil bygge Stad skipstunnel. Det bestemte Stortinget i dag.
Dermed er ikkje siste ord sagt i den lange sagaen om skipstunnelen.
Regjeringa trakk i nødbremsen fredag. Dei vil skrote heile prosjektet – før Kystverket har forhandla om pris.
Ifølge Jonas Gahr Støre er prislappen på Skipstunnelen på 9,4 milliardar. Han meiner det ikkje er mogleg å forhandle prisen noko særleg ned.
Det var Senterpartiet, KrF og Venstre som sto bak dagens forslag på Stortinget. Også Frp og Høgre støtta forslaget, som har denne ordlyden:
«Stortinget ber regjeringa sikre at Kystverket held fram og fullfører dei pågåande forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel for å få fram ein endeleg pris, samt jobbe fram kostnadsreduserande tiltak.»