Når frukt og bær blir modne, går spritsalet i taket på polet

1 month ago 23



– Viss du er inne på Facebook eller Instagram, ser det ut som alle skal lage plommelikør nå, seier Rita Leinan.

På kjøkkenbenken heime hos henne i Haugesund står det også eit glas. For det er grenser for kor mange paiar, liter syltetøy eller boksar med chutney ein kan lage når plommehausten blei så ekstremt god.

Rita Leinan lager smuldrepai

Barnebarnet kallar det syltetøykake. Smuldrepai er ein av tinga Rita Leinan lagar av plommer på seinsommaren.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Opplysningskontoret for frukt og grønt har meldt at vi går mot eit nytt rekordår for frukt.

I heile landet er det venta ei auke av norske plommer, eple og pærer på 19 prosent frå i fjor.

Leinan har allereie hausta 25 kilo Opal-plommer. Og snart er Victoria-plommene modne.

– Dei fleste av oss har ikkje så veldig mange fryseboksar, så då blir det likør, seier ho.

Polet kan sjå når plommene blir modne

For å lage plommelikør brukar ein blant anna sterkt brennevin med 60 prosent alkohol.

Og når Vinmonopolet studerer salet av brennevin gjennom året, kan dei sjå når plommene modnast.

– Ei hypotese vi har høyrt er at ein del folk bruker det til å lage likør. Vi veit det ikkje heilt sikkert, men når salskurva aukar i takt med at bær og frukt blir modne, så er det interessant å sjå dette i samanheng, seier Jens Nordahl.

Han er presseansvarleg for Vinmonopolet og kan også sjå at det særleg er i Rogaland, Agder og Austlandet at salet går kraftig opp.

Men tendensen er lik i heile landet.

Det normale er at Vinmonopolet sel rundt 2000 liter brennevin med 60 prosent i veka.

Så kjem august, og dei sel over 5000 liter, viser tala frå i fjor og til nå i år.

Gjekk tomme for brennevin

Kristine Vaule på Bryne lagar plommelikør i julegåver kvart år.

Men då ho kom til polet dette året, var det tomt for brennevin.

Kristine Vaule

Kristine Vaule måtte køyre til neste pol for å få tak i brennevin til likøren.

Foto: Privat

– Rett før eg kom var det ein som hadde kjøpt ei heil kasse med 60 prosent, seier ho.

Kunden med kassen skulle også lage plommelikør blei ho fortalt, men heldigvis hadde nabo-polet ein biltur unna det ho trong, så julegåvene er redda.

Med plommer frå ein god kollega.

– Eg hadde ikkje ei einaste plomme på treet mitt, så eg har vore svært uheldig med årets innhausting, ler ho.

Plommelikør

Årets julegåver frå Kristine Vaule er i rute.

Foto: Privat

Dette kan du lage av plommene

Rita Leinan manglar ingen ingrediensar. For ho er alltid føre var.

– Eg reknar med folk går av skaftet når det nærmar seg hausting, så eg har alltid ei flaske i skåpet, seier ho og deler følgande tips til kva du kan bruke plommene til:

Kva gjer du med alle plommene? Del gjerne i kommentarfeltet.

Publisert 23.08.2024, kl. 05.42

Read Entire Article