– Det er heilt spinnvilt og overveldande. Eg hadde aldri drøymt om slike tal, seier Katrin Blomvik Bakken, dagleg leiar i Geirangerfjorden Verdsarv.
Dei samarbeider om prosjektet med organisasjonar på Island og Færøyane.
Målet er å skape aktivitet i små arktiske bygder, og tiltrekke seg folk og kompetanse lokalsamfunna treng.
Dei tre bygdene Geiranger i Noreg, Þingeyri på Island og Vágur på Færøyane er saman om prosjektet – Arctic Digital Nomads Stipend.
Foto: Øyvind Sandnes/Gunnar Ólafsson/Martijn BastiaansSøker etter folk som vil bidra
Gjennom stipendet Arctic Digital Nomads Stipend kan folk ta med seg jobben sin, og prøvebu bygdene gratis i inntil tre månader.
Dei digitale nomadane får også gratis kontorplass. Håpet er at nokon av dei vel å slå seg ned i bygdene for godt.
– Det er ein fantastisk følelse at så utruleg mange har fatta interesse for programmet, og ikkje minst for desse arktiske små lokalsamfunna. Det er veldig rørande og til stor inspirasjon, seier Bakken.
No har dei fått inn over 15.000 søknadar frå familiar og einslege frå heile verda. Med barn inkludert er det over 20.000 personar som blir vurdert til å få stipendet.
Innan 1. november er målet at dei skal ha plukka ut 15 personar som får prøvebu bygdene Geiranger, Norddal og Eidsdal i vinter.
Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) har gitt 750 000 kroner til å vidareføre prosjektet frå i fjor. No er målet at stipendet skal bli lyst ut kvart år.
Katrin Blomvik Bakken er overvelda over alle søknadene.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKFrå heile verda
Då blei dei overrumpla over at 300 digitale nomadar søkte på stipendet.
No har det altså tatt heilt av. Men takka vere ein ny søknadsportal trur Katrin Blomvik Bakken at det skal gå fint å sortere søknadene og velje ut dei 15 heldige.
– Vi ser etter dei som har ein sterk motivasjon for å bli her, seier ho.
Det belgiske paret Twyla Mergan og Wouter Vergote fekk stipendet og budde i Geiranger i vinter saman med sine to døtrer. No har dei busett seg i nabobygda Norddal.
– Vi veit det er mange som oss som har eit sterkt ønske om å bu nærare naturen, seier Wouter Vergote.
Wouter Vergote, Twyla Mergan og døtrene Mona og Robyn framfor huset dei leiger i Norddal.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKDei driv eit marknadsføringsfirma og fekk i oppdrag å lage den nye søknadsportalen for prosjektet.
Søknadene har strøyma inn frå heile verda, frå land som Russland, Ukraina, Tyskland, England, Belgia, Spania, Portugal og Canada.
– Det kan hende vi finn kandidatar til andre byder også. For her er jo mange andre bygder som også heilt sikkert treng innbyggarar. Så no kan dei berre ta kontakt, ler Katrin Blomvik Bakken.
Publisert 16.10.2025, kl. 13.36