Nabolag evakuert på grunn av eksplosjonsfare

1 month ago 25



SISTE: Politiet på staden melder at skytinga var vellukka. Flaskene som dei var redde for skulle eksplodere skal no kjølast ned. Folk kan forhåpentlegvis flytte heim i løpet av kvelden.

To personar er sende til sjukehus i samband med den eksplosjonsarta brannen i ein bil. Den eine skal ha fått ei flenge i hovudet, den andre skal ha fått i seg røyk i samband med sløkkingsarbeidet.

Eksplosjon Ålesund

Politiet forsøkjer tysdag kveld å skyte hol i dei eksplosjonsfarlege flaskene.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Politiet i Ålesund evakuerer samtidig fleire hus i nabolaget i Hamnegata på Aspøya vest for sentrum etter funn av to flasker med acetylen i ein bil som brenn.

Acetylen er ein fargelaus gass som er svært brennbar. Politiet fryktar at varmen i bilen kan føre til at dei to gassflaskene eksploderer.

– Dersom desse eksploderer så er skadepotensial stort, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet


Skal ha høyrt at det eksploderte

Mads Axelsen bur like ved den brennande bilen. Politiet skildrar brannen som eksplosjonsarta.

– Vi høyrde ein kraftig lyd og eksplosjon, og det rista i heile huset. Vi trudde først at det var sprengingsarbeid, seier Axelsen.

Han seier at han kikka ut vindauget og fekk auge på dei to som er skadde og no sende til sjukehus.

Mads Axelsen

Mads Axelsen.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Har kalla inn skarpskyttar

Politiet har no evakuert fire leilegheitshus. Per no er det ikkje aktuelt å evakuere fleire, men politiet er i dialog med brannvesenet om dette.

Politiet har kalla inn ein skarpskyttar for å prøve å skyte hol på flaskene før dei eventuelt eksploderer.

Kriseleiinga i kommunen er varsla og folk blir fortløpande evakuerte til Parken hotell i Ålesund sentrum.

Utbrent bil

Bilen der brannen starta er heilt utbrent.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Reknar med det kan bli nokre hundre meter

– Det er oppretta ei tryggleikssone rundt bilen, seier vaktleiar Rian Morrison på 110-sentralen i Møre og Romsdal. Han anslår at denne er på nokre hundre meter.

Han seier at gassen acetylen blir brukt i samband med sveising og skjærebrenning.

Bilen er parkert i eit industriområde, men med fleire hus og ei stor bustadblokk like ved.

Politiet melde først at bilen hadde køyrt i ein fjellvegg, men kort tid etter blei dette endra.

Brann

Politiet har evakuert fleire innbyggarar frå Aspøy i Ålesund på grunn av eksplosjonsfare.

Foto: Roger Landsverk

Håper dei kan flytte heim før natta

Politiet håper at situasjonen er avklart slik at folk kan flytte heim igjen før natta.

– Vi håper at vi får kontroll på situasjonen så for at dei kan flytte heim igjen, seier innsatsleiar Lars Lundemo i politiet.

Publisert 24.09.2024, kl. 18.04 Oppdatert 24.09.2024, kl. 20.28

Read Entire Article