Mysteriet med dei få borna

1 week ago 12



IMG_6788

JUST DO IT: Anne Linn har fått to born på halvtanna år, og er klar for fleire. Slike kvinner vil Noreg ha.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Noreg vil at fleire skal gjere som Anne Linn (26). Kor vanskeleg kan det vere?

Gjennom vindauga på sjukehuset i Førde skjenar lyset inn på skrå, som om heile fødeavdelinga er velsigna av ein høgare instans.

Inn trillar Anne Linn Stølen (26), med blandinga av det slitne og salige blikket som kjenneteiknar nybakte mødrer.

Mari heiter barnet, og gret da ho blei fødd.

Fødselen er berre eit døgn unna, men Anne Linn har allereie vore inne på mobilen og bestilt barnehageplass.

– Folk gjer altfor stort nummer ut av det, seier ho.

– Dei stressar med klede og alt som må vere på stell. Det treng dei ikkje.

Storesøstera til Mari er berre halvtanna år gammal, men mora synest ikkje det er noko stress heller.

– Ho er så god, og eg kan ta henne med overalt. Da er det meir jobb med hunden.

Anne Linn er ikkje sikker på kor mange ho ønsker seg, men ser at det «fort kan bli eit par til».

Sjølv har ho fire søsken, og mannen har vakse opp på gard.

– Så han er veldig på den at det viktigaste i verda er å skape liv.

– Men det er opp til meg. Det er eg som må vere gravid.

Dette er Mari, éin dag gamal. Anne Linn (26) har fått to barn på halvtanna år, og er klar for fleire. Slike kvinner vil Noreg ha.

Mysteriet med den låge fruktbarheita

«Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg den under dykk», heiter det i Bibelen.

I Perspektivmeldinga til Finansdepartementet er orda annleis, men bodskapen den same:

Forholdet mellom talet som forsørgjar og talet som blir forsørgt er avgjerande for berekrafta.

Norsk barne- og familiepolitikk har derfor «alt»: Tredelt fødselspermisjon, svangerskapskurs, barselkurs, foreldrepengar, gratis SFO, full barnehagedekning og samlivsrettleiing for førstegongsforeldre.

Berre éin ting manglar: fleire barn.

Det er dette som er den norske fødselsgåta:

Kvifor får ikkje kvinner og menn i verdas beste land så mange barn som dei ønsker seg?

I mars melde Statistisk sentralbyrå om ei ny botnnotering for fruktbarheita: 1,4.

Det er eit heilt nummer lågare enn det barnetalet unge norske kvinner svarer at dei ønsker seg (2,36).

Om trenden fortset, vil Noreg telje i underkant av 4 millionar innbyggarar i år 2100.

Om ikkje enda færre. For tala har stupt.

Så seint som i 2015 vart dei norske fødselstala friskmeldt av Barnefamilieutvalet.

I kontrast til rapportane frå Sør-Europa danna dei nordiske landa eit eige «fruktbarheitsregime», konkluderte utvalet.

Sidan har «den demografiske vinteren» – som Pave Frans kallar han – krope frå Roma til Røros.

Der norske politikarar snakkar om den økonomiske berekrafta, teiknar Paven konturane av ei åndeleg krise:

Eit samfunn med færre fødslar er eit samfunn utan Håp.

Fleire norske bygdesamfunn rapporterer om det same: Tomme bustader og klasserom gjer ikkje berre vondt på botnlinja.

Det gjer vondt i sjela.

Oversiktsbilde over bygda Loen og fjorden i Stryn

Erik Johansen

Loen i Stryn

I Sogn og Fjordane blir det født 30 prosent færre barn enn midt på 1990-talet. Aldri har norske kvinner fått færre barn. Økonomane åtvarar, demografane forstår det ikkje. Og politikarane er rådville.

Kjersti Toppe

Amanda Iversen Orlich / n653058

Kjersti Toppe, barne- og familieminister

Kjersti Toppe har bore seks (!) ungar til verda. Ho meiner lysta på ungar er eit mål på kor sunt eit samfunn er.

Erna Solberg nyttårstale 2014

Cornelius Poppe / NTB scanpix

Erna Solberg

– Lag fleire barn, sa statsminister Erna Solberg i sin nyttårstale i 2018. Ho la til: – Eg trur ikkje eg trenger å forklare korleis dette gjerast.

Italy Etna Eruption

Salvatore Allegra / AP

Italia

Den italienske befolkninga ligg an til å bli halvert innan hundre år. I dag er snittalderen 46,6 år.

I Polen viser prognosane at befolkninga kan falle frå 38 millionar til 15 millionar menneske innan 2100.

DzibgzGq6eI

JUNG YEONJE / AFP

Sør-Korea

Den aller lågaste fertiliteten finn vi i Sør-Korea, med 0,72 fødslar per kvinne.

Putin taler

SERGEI KARPUKHIN / AFP

Russland

I 2022 innførte Putin ein ny ordning som gir ein million rubler til «heltemødrer» som får 10 barn.

Viktor Orban

Denes Erdos / AP

Ungarn

Ungarn har den mest offensive fødselspolitikken i Europa, og bruker 5 prosent av statsbudsjettet på å stimulere til at fleire barn blir født.

Sel fleire vaksen-bleier enn baby-bleier

Bygde-Noreg ligg an til å bli «gamleheimar i naturskjønne omgivnader», konkluderte Demografiutvalet i 2020.

Nokre ville bytte ut ordet «gamleheim» med «kyrkjegard» først som sist.

Demografiutvalet var altfor optimistiske, seier Knut Vareide, som studerer folketal hos Telemarksforsking.

I Japan, som alltid ligg et par knepp framfor, blir det no selt fleire vaksen-bleier enn baby-bleier.

Er det dit Noreg skal også?

Til geriatrisk avdeling på første klasse?

Ulike hypotesar er lansert for å forklare dei låge fødselstala:

  • Det dreier seg om ein øydelagd bustadmarknad, som forviser unge i etableringsfasen til små leilegheiter utan lebensraum.
  • Det dreier seg om eit øydelagt og tinderifisert kjønnsmarknad, der algoritmane stimulerer til det motsette av truskap og reirbygging.
  • Det dreier seg om utdanningsrevolusjonen, som forlenger ungdomstida langt inn i 30-åra.
  • Det dreier seg om dei økonomiske insentiva i velferdsordningane, som premierer dei som gjer karriere før dei blir foreldre. Resultatet er førstegangsmødre som pusher 40.
  • Det dreier seg om at det å stifte familie har blitt eit «livsstilsval» i staden for skjebne og sjølvfølge – noko unge par berre gjorde utan å tenke over det.
Harald Eia

Robert Rønning

Harald Eia

– Unger som roper på polarbrød og knuser nokre tallerkenar – det er livet sjølv det. Det er ikkje stress, det.

Peter Wessel Zapffe (18991990)

Perspektivet Museum

Peter Wessel Zapffe (1899–1990)

«Kjend eder sjølv. Vær ufruktbare og la jorda bli stille etter Eder». Det er oppfordringa til den norske filosofen Zapffe.

Pave Frans

Gregorio Borgia / AP

Pave Frans

Der norske politikarar snakkar om å halde oppe den økonomiske berekrafta, teiknar Paven konturane av ei åndeleg krise: «ein demografisk vinter».

Stritt er det, og godt er det

Denne våren dukka enda ei forklaring opp: Det dreier seg om at unge par blir skremt av alle klagesongane om kor slitsamt det er å ha barn.

Til dømes: Er det ekte ferie om du er nøydd til å drasse med deg borna på tur, med alle forsakingar det inneber?

Harald Eia gjekk i rette med framsyninga i sin eigen podkast.

Nei, det er ikkje slitsamt, forsikra han.

Til dette var det dei som innvende at jo visst er det slitsamt, men det er heile poenget: Vakenetter og bleieskift er det som knyter foreldre og barn saman i ein livslang skjebnefellesskap.

Det er oppofringa som gjer det godt.

Av same grunn viser lykke-studiar at påfallande mange ser tilbake på småbarnsfasen som sine beste år. Lykka var ikkje avtalefesta pensjon og kulturreiser i Toscana, men hektiske morgonar med leverpostei-søl overalt.

Forfattar Helge Torvund set ord på denne spenninga i diktet «Nakken til ei lita jente».

Stritt er det, skriv han, og fortset:

Men for ei fantastisk tid
med den nærleiken til desse livsbejaande kroppane
og auga og tilliten til deg og verda
og det at det er mogleg å trøysta eit barn

Maleriet «Nakken til ei lita jente» av Helene Schjerfbeck

Helge Torvund skriv: «Når ein ser attende på den tida ein hadde småbarn, er det som om ein fekk lov til å leva med i ei betre verd ei stund». Måleri: «Nakken til ei lita jente» av Helene Schjerfbeck.

Illustrasjon: Helene Schjerfbeck

– Fødselstala er ein større trussel enn klimaforandringane

Både Koranen og Det gamle testamentet fortel historia om Sara som blir mor først som 90-åring (!).

Da Herren fortel henne at ho skal bli med barn, begynner ho berre å le.

Men ni månader seinare kjem barnet til verda, og får namnet Isak, som kjem av det hebraiske ordet for å le.

Om ikkje like tilårskomne som Sara, så blir også norske førstegongsfødande stadig eldre.

I 2022 bikka snittalderen 30 år. Til samanlikning var norske førstegongsfødande ennå ikkje fylt 25 år på første halvdel av åttitalet.

Tysdag melder Folkehelseinstituttet (FHI) at det er teikn til kurva har flata ut.

– Alderen til førstegongsfødande har auka litt kvart år dei siste 14 åra. At han ikkje stig i år, er positivt, seier Liv Cecilie Vestrheim Thomsen, overlege ved Medisinsk fødselsregister ved FHI.

bill murray Scarlett Johansson lost in translation

Focus Features

Lost in Translation (2003)

«Your life, as you know it ... is gone. Never to return», seier Bob (Bill Murray) i filmen. Han fortsett: «But they learn how to walk, and they learn how to talk ... and you want to be with them. And they turn out to be the most delightful people you will ever meet in your life.»

Handmaids Tale

George Kraychyk / AP

The Handmaid's Tale

Vel vitande om at ordbruken «kan gi assosiasjonar til The Handmaid's Tale» etterlyser Minerva «ein meir eksplisitt pronatalistisk haldning» for å stimulere til fleire barnefødslar.

Abraham og Sara

Public domain

Det gamle testamentet

Sara og Abraham var godt vaksne da dei blei foreldre til Isak. Ifølge legenda heile 90 år gamle.

Den brysomme mannen (2006)

Tordenfilm

Den brysomme mannen (2006)

Da Jens Lien skulle regissere Den brysomme mannen, var han særleg opptatt av éin ting. Det sirleg tilvirkede skrekkscenarioet «Oslo» ville falle saman om det ikkje var for det aller viktigaste: Byens gater måtte ryddast for barn.

– Etter mitt syn er dei låge fødselstala den største eksistensielle trusselen. Større og meir inngripande enn klimaforandringane, seier den britiske demografen Paul Morland til danske Weekendavisen.

Andre meiner at problemet er overdrive, og at Noreg A/S fint kan drivast på eit lågare turtal, til dømes med 3 millionar innbyggarar.

Her er argumenta at ny velferdsteknologi kan kompensere for bortfallet av ung arbeidskraft i helsetenesta; og at born i skulealder er like dyre i drift som eldre og pleietrengande.

Færre born kan faktisk lønne seg, viser utrekningane til SSB-forskar Erling Holmøy.

Og dessutan vil Moder Jord berre puste letta ut om det blir litt færre menneske å forsørgje.

SSB, Telemarksforskning

Dette kartet viser SSB sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

SSB, Telemarksforskning

Dette kartet viser Telemarksforskning sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

– Eit Noreg med 2,7 millionar innbyggarar på starten av 2200-talet kan vere eit godt samfunn. Det er ikkje prekært å prøve å forhindre at det blir slik, skriv Aftenposten-kommentator Andreas Slettholm.

Jo visst er det prekært, svarer Nils August Andresen, redaktør i det konservative tidsskriftet Minerva.

Vel vitande om at ordbruken «kan gi assosiasjonar til The Handmaid's Tale og Adolf Hitler» etterlyser han «ein meir eksplisitt pronatalistisk haldning» på Stortinget for å stimulere til fleire barnefødslar.

– Det er ei soleklar nasjonal interesse å halde oppe folketalet, skriv han.

Men korleis?

Avdelingsoverlege for Kvinneklinikken ved Akershus Universitetssjukehus, Anne Eskild, har følgande råd:

Ikkje planlegg så mykje, og ikkje tenk så mykje. Gjer heller som besteforeldra dine og bli gravid «på slump».

– Det er kanskje kontroversielt å meine, seier ho.

– Men det er ikkje nødvendigvis så gale å bli gravid på slump.

abortgrense

Tom Balgaard / NRK

Anne Eskild, overlege ved Kvinneklinikken på Ahus

– Alle kvinner bør ha lik rett og høve til å få barn i sine fruktbare år. I dag diskriminerer foreldrepengeordninga unge kvinner, og staten gir mest til dei som har mest frå før. Viss det er eit politisk ønske om at fleire skal kunne få eit tredje (eller fjerde barn), kan skattelette og auka kontantoverføringar til slike familiar vere eit tiltak.

Tuva Moflag fotografert mellom bakhodene til to andre. Ho står med begge hendene opp mot overkroppen og er midt i ein setning når bildet takast. Ho har langt bølgete hår og har på seg et rødlig skjerf.

Fredrik Hansen

Tuva Moflag, Arbeidarpartiet

– Vi har ingen strakstiltak for å snu trenden, først og fremst treng vi meir kunnskap om kva som skal til for at norske kvinner og familiar faktisk får alle dei barna dei ønsker seg. Vi trur ein del av dette kan komme av økonomi og bustad. Ønska til familiane om kva som skal vere på plass ved familietilvekst, med tanke på bustadstørrelse og talet på soverom, har nok endra seg dei seinare åra.

Joakim Magnus leder for Skaperkraft

Skaperkraft

Joakim Magnus, leiar for Skaperkraft

– Filosofen Jonathan Sacks hevdar dei låge fødselstala kjem av sekulariseringa. Når ein kultur mistar «trua», klarer den ikkje å reprodusere seg sjølv. Kvifor? Fordi barn inneber mange og store offer. Religiøse samfunn forstår nødvendigheita av forsaking. Men ikkje ein sekulær og individualistisk konsumeringskultur. Om Sachs har rett, skal det meir enn politiske løyvingar til for å snu utviklinga.

Hilde Nagell rådgivar i tankesmia Agenda

Agenda

Hilde Nagell, rådgivar i tankesmia Agenda

– Fallande fødselstal er ein av vår tids store utfordringar. Å få barn er ikkje som å velje om ein vil bygge på huset eller kjøpe ny bil. Det handlar om optimisme og framtidstru, kjensler og overskot. For dei eller fleste blir det bestemt av heilt andre ting enn privatøkonomi. For mange er det ikkje eingong eit val. Derfor fungerer politikk som inneber meir pengar til barnefamiliar dårleg.

Mats Kirkebirkeland

CFWESENBERG

Mats A. Kirkebirkeland, rådgivar i Civita

– Årsaka til «fødselsparadokset» er usikkert, men det vi ser er at menn ønsker færre barn enn kvinner. Altså kan det tenkast at menn «held» noko igjen. Det er verd å prøve tiltak retta mot enkeltgrupper, som økonomiske støtteordningar for studentar som får barn, og offentleg støtte til oppgradering av bil. Slike tiltak kan innførast i avgrensa form før tiltaket blir innført i større omfang.

Kjersti Toppe

Amanda Iversen Orlich

Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister

– Utviklinga i fødselstala bekymrar meg, og eg synest det er uforståeleg at fødselstala fell meir og er lågare i Noreg enn i våre naboland. Det bør vere ein viss balanse mellom generasjonar i eit samfunn, og med denne utviklinga blir vi veldig mange eldre og få barn. Å få barn er eit personleg val, men myndigheitene kan legge til rette for at folk får dei barna dei ønskjer seg.

Olaug Vervik Bollestad (KrF) etter TV 2 sin partilederdebatt frå MCB i Bergen

Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Olaug Bollestad, KrF

– Når det er så stor forskjell mellom talet på barn familiar ønsker seg, meiner eg vi har svikta familiane. Vi vil gi småbarnsforeldre rett til å jobbe redusert med lønnskompensasjon. Vi treng eit meir familievennleg samfunn som lèt folk få alle barna dei ønsker, når dei ønsker. Derfor vil KrF innføre foreldrepengar for alle slik at det blir lettare å få barn når ein for eksempel studerer.

Silja Ekeland Bjørkly

Høyre

Silja Ekeland Bjørkly, fylkesleiar i Vestland Høgre

– Dagens fødselstal er eit stort problem. Vi må gjere det enklare for unge vaksne å få barn tidlegare, og at fleire får barn nummer to og tre. I tillegg til tiltak som auka barnetrygd, skatteletttar, fleire og billegare bustadar, må vi ha ei kulturendring som gjer det meir akseptert å få barn tidlegare. Dette er ikkje noko vi politikarar kan vedta, men noko vi som samfunn må jobbe med over tid.

Lan Marie Nguyen Berg fotografert ved det nedlagde oljeraffineriet Slagentangen i Tønsberg.

John Andre Samuelsen

Lan Marie Berg, MDG

– Det er på høg tid å ta tak i dette. Samfunnet har blitt rikare dei siste 40 åra, utan at vi har fått meir fritid. Tidspresset går særleg utover kvinner. Studiar viser at krysspresset mellom jobb og familieliv fører til stress, utbrentheit og depresjon hos kvinner. Arbeidstidsreformer med meir fleksibilitet trur eg er viktig for å gjere det mogleg for familiar å få så mange barn som dei ønsker.

Leder av Jordmorforbundet Hanne Charlotte Schjelderup

SUNNIVA TONSBERG GASKI

Hanne Charlotte Schjelderup, leiar Jordmorforbundet NSF

– Vi skal ikkje langt tilbake før vi hadde mykje høgare fødetal, og vi la betre til rette for mange barnefødslar i Noreg. Det viser at det er mogleg å snu utviklinga. Da må vi sørge for at vi har nok jordmødrer i arbeid, og at Noreg er eit av dei tryggaste landa i verda å føde i. Fødslar er den viktigaste verdiskapinga vi har, og vi har ikkje råd til å trakke feil her.

Lena Henriksen Den norske jordmorforeining

Den norske jordmorforeining

Lena Henriksen, Den norske jordmorforeining

– Gode og likeverdige tenester innan fødselsomsorga er viktige, og ei auka satsing på desse tenestene kan føre til at familiar får fleire barn. I den nye helseplanen blir det skissert opp gode planar, men det står att å sjå om desse blir sette i verk. Heile Noreg skal ha ein god og trygg svangerskap-, fødsel- og barseltid, og vi saknar ei skikkeleg satsing på dette.

Knut S. Vareide seniorforskar Telemarksforsking

Telemarksforsking.no / Telemarksforsking

Knut S. Vareide, seniorforskar Telemarksforsking

– Nedgang frå 1,98 til 1,40 på 14 år er dramatisk og rokkar ved føresetnadene i dei nasjonale framskrivingane. Det som verkar sikkert er at den naturlege befolkningsveksten i Noreg vil bli negativ om ikkje mange år. Den store jokeren er kva nettoinnvandringa vil bli. Det kan godt tenkast at innvandringa blir stor nok til at folketalet i landet aukar, sjølv om det blir negativ fødselsbalanse.

Vegard Fykse Skirbekk

Privat

Vegard Skirbekk, demograf ved FHI

– Lågare fødselstal representerer ei rekke utfordringar, og vil krevje omstillingar av institusjonane våre, blant dei arbeidsmarknads- og pensjonsreformer. Men det finst ingen alternativ til befolkningsaldringen, og det politiske svaret på utviklinga er i første omgang å tilpasse seg.

Einar Gulbrand Øverbye Institutt for sosialfag Oslo Met

OsloMet

Einar Gulbrand Øverbye, Institutt for sosialfag, Oslo Met

– Demografiutvalet har heilt rett. Og ettersom det er kommunane som finansierer det aller meste av tenestene i velferdsstaten (som eldre er storkonsumentar av), blir det ein skvis av dimensjonar, særleg i fråflyttingskommunar.

Hva syns du er en god alder å få første barn?

Publisert 24.04.2024, kl. 18.26

Read Entire Article