Møtte dette synet i styr­huset: – Fortvilande

1 week ago 9



Dei tilsette hos selskapet DVI i Måløy i Kinn kommune møtte eit lite hyggeleg synd å dei kom på jobb i førre veke.

I styrhuset vart alt av elektronikk knust, alle kablar klipte over og eit pulverapparat var tømt inne i båten. I tillegg var det gjort skade på motorrommet.

– Forferdeleg øydeleggande og fortvilande, seier dagleg leiar Fritjof Skaar.

Ingenting er stole. Det er gjort skadeverk for store summar, men kor store summar er det ingen som veit.

Går utover arbeidet

Det som er sikkert, er at det går utover arbeidet til DVI, som gjer byggearbeid på mellom anna kaianlegg og andre konstruksjonar ved sjøen.

– Båten vil vere sett ute av spill lenge, seier Skaar.

– Det er ikkje gjort i ein handvending å få båten opp og gå igjen, legg han til.

I tida framover får dei ikkje gjort arbeid som båten skulle brukast til. Oppdrag dei har planlagt må dei no utsette.

– Det kom heilt utav det blå. Det er fortvilande. Eg veit ikkje om det er så mykje meir å si om det enn det.

Hærverk på båten til DVI

Båten vil vere sett ut av spel i lang tid. Det gjer at selskapet må utsette arbeid.

Foto: Privat

Politiet har sikra spor

Arbeidsbåten låg til kai på Gotteberg i Måløy. Politiet vart gjort merksame på skadeverket på måndag og har gjort sine undersøkingar av den øydelagde båten.

Saka vart først omtala onsdag av Fjordenes Tidende.

– Vi har sikra ein del spor som vi kjem til å undersøke nærare, seier innsatsleiar Morten Hagen.

Politiet skildrar skadeverket som grovt. Kor store summar det er gjort skadar for veit dei førebels ikkje.

DVI sin båt

DVI bruker båten til mellom anna byggarbeid i sjøkanten. Bilete er tatt før hærverket.

Foto: Privat

Ber publikum om hjelp

Etterforskinga vil halde fram i dagane som kjem. Kven som står bak eller kva motivet for hærverket er, vil politiet enda ikkje seie noko om.

– Det er forskjellige ting som kan ligge bak eit slit skadeverk. Vi har fleire hypotesar vi arbeidar ut ifrå, seier Hagen.

I tillegg ber politiet folk ta kontakt dersom dei har gjort observasjonar som kan vere til hjelp.

– Vi er ute i lokale media og ber publikum ta kontakt dersom dei har gjort observasjonar som dei trur kan vere til nytte for oss.

Hærverk på DVI sin båt

Det er enda ikkje klart kor store summar det er gjort skade for.

Foto: Politiet

Publisert 24.04.2024, kl. 17.12

Read Entire Article