Moskva hevdar delar av amerikansk missil er skotne ned over russisk territorium

2 days ago 3



– I går kveld klokka 3.25 trefte fienden eit anlegg i Brjansk-regionen med seks ballistiske missil. Ifølge stadfesta opplysingar, blei det brukt amerikanskproduserte ATACMS-missil.

Dette skriv det russiske forsvarsdepartementet i ei utsegn tysdag, ifølge det russiske nyheitsbyrået Tass. Det hevdar luftvernet skaut ned fem av dei, og skada ein.

Fragmenta skal ha ført til ein liten brann på eit militært anlegg i regionen, men det var ingen skade på verken menneske eller bygg, hevdar departementet vidare.

Opplysingane har ikkje blitt stadfesta av uavhengige kjelder.

Joe Biden-administrasjonen i USA har gitt Ukraina løyvet det lenge har bede om til å bruke langdistansemissil av denne typen mot mål på russisk jord.

Dersom meldingane frå Russland stemmer, er dette første gongen Ukraina har teke dette til følge.

Måndag sa Kreml at dersom slike missil faktisk blir brukte inne i Russland, vil dei rekne landet som har sendt dei til Ukraina som direkte involvert i krigen.

USA har ikkje kommentert påstandane direkte. Det har heller ikkje Ukraina, men militæret deira har i natt sendt ut opplysingar om eit angrep i same region.

Ukraina hevdar å ha angripe logistikksenter

Det ukrainske militæret hevda tidlegare tysdag å ha treft eit logistikksenter i den same regionen, nær byen Karatsjev. Det sa ikkje kva type missil som i så fall blei brukte.

Karatsjev ligg omtrent 130 kilometer unna den ukrainske grensa.

Ukraina hevdar å ha angripe eit ammunisjonslager i Karatsjev, over 100 kilometer frå grensa. Kva slags våpen som i så fall blei brukt, er ikkje spesifisert.

– Frå klokka 2.30 i natt blei det registrert 12 eksplosjonar og detonasjonar i området ved målet, seier talspersonen i militæret.

Militæret hevdar vidare at dei lukkast i å øydelegge anlegget. Heller ikkje desse opplysingane er stadfesta frå uavhengig hald.

Publisert 19.11.2024, kl. 14.06 Oppdatert 19.11.2024, kl. 14.29

Read Entire Article