Mora og søstera til Durek Verrett klagar VG inn til PFU

1 month ago 44



29. august 2024 kl. 11:34

Det skriv fagbladet Journalisten.

Det er søstera Demetria de la Nuit som har skrive sjølve klagen, men mora Veruschka Urquhart har gitt sitt samtykke.

Mora vart omtalt av VG i ein sak om ein betalingskontrakt med Se og Hør. Ho har i fleire artiklar uttalt seg om sonen og forholdet deira.

I klagen skriv søstera de la Nuit mellom anna at VG har nytta «off record»-SMSar utan løyve. Ho meiner avisa har brote tre punkt i Ver varsam-plakaten, dei etiske retningslinjene som norske medium følger.

VG seier til Journalisten at dei ikkje vil kommentera klager medan dei er til behandling hjå PFU.

Read Entire Article