Mobilen blei redninga – no vil han inn­føre ny fjell­vett­regel

2 hours ago 4



– Ein av dei viktigaste lærdommane frå denne opplevinga er at du skal aldri ta noko for gitt når det gjeld vêret i fjellet.

Morten Traavik snakkar av erfaring.

Det som skulle vere ein kort jakttur med sonen i fjella aust for Matre i Vestland blei noko heilt anna enn han hadde tenkt.

Morten Traavik

Morten Traavik vil at det skal innførast ein ny fjellvettregel, tilpassa den nye verkeleghieta.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Det var tåka som tok oss. Sidan vi berre skulle gå ein ganske kort tur i som eg hadde kartlagt ganske bra dagen før, hadde vi ikkje med oss hovudlykt eller fysisk kompass. Det kjem vi alltid til å ha med oss framover.

Men mobilen hadde han med seg. Det kan ha redda dei to.

Våte, kalde og utan dekning

Dagen før hadde Traavik gått i det same terrenget med to jaktkompisar.

– Det var ein nydeleg fredag. Me er jo oppe på omlag 1200 meters høgde, så det kjem nokre låge skyer som er der i to minutt, og så er dei plutselege vekke igjen, seier Traavik.

Ein jeger hopper avgarde oppå fjellet. Bak eit lett skydekke er himmelen blå.

Dagen før hadde vore nydeleg, med eit lågt skydekke som kom og gjekk. Traavik trur han kan ha båre med seg ei falsk tryggleik då tåka kom dagen etter.

Foto: Privat

Men denne laurdagen forsvinn ikkje skylaget. Traavik og sonen er fanga i fjellet, omringa av tett tåke.

Dei gode kleda deira er lett match for vestlandsvêret, og dei blir våte og kalde. Utan dekning er dei i tillegg avskåre frå omverda.

Då mørkret sig på, bestemmer Traavik at dei må søke ly. Med mobilen som lykt leiter dei etter ein lun, tørr flekk i terrenget.

Sonen til Morten Traavik kviler seg inntil ein fjellvegg

Foto: Privat

– På eit tidspunkt tok eg opp mobilen for lyse ein stad, og såg at det var tapt anrop frå 112. Samtidig høyrde me i det fjerne eit helikopter.

Etter 12 timar utan dekning hadde mobilen til Traavik allereie fortald hjelpa kvar dei var.

Mobilsporing

Helikopteret dei høyrde var det nye SAR Queen, som har moglegheita til å spore mobiltelefonar utan dekning, og jamvel kontakte dei dersom dei kan bruke 2G-nett.

SAR Queen helikopter

Redningshelikopteret SAR Queen vart innført på basen i Florø berre tre dagar før det hjalp i søket etter Traavik og sonen.

Foto: Arne Stubhaug

Helikopteret har sidan 2020 vore fasa inn i norsk redningsberedskap fleire stader i landet.

Men teknologien var heilt fersk i Vestland denne våte oktoberkvelden – berre tre dagar tidlegare overtok Luftforsvarets 330-skvadron og helikopteret redningshelikopterbasen i Florø.

Hadde det skjedd tre dagar tidlegare hadde dei ikkje kunne blitt redda av den nye teknologien utan at det kom helikopter frå andre stader i landet, som uansett hadde kosta mykje tid.

Då Hovudredningssentralen (HRS) ba dei rykke rett før midnatt, var det ugunstige flyforhold.

– Det var meldt tåke og det var isingsforhold, så me tenkte at det her går i mobilsporet med ein gong. HRS gjorde alle førebuingar for å gjere eit mobilsøk der nede, så alle formalitetar var klargjorde, seier fartøy- og basesjef Erland Karlsen i 330-skvadron.

Eitt minutt etter at systemoperatør Maria Gald sette i gang søket fekk dei treff på mobiltelefonen.

– Det er herleg når me finn dei. Ikkje minst å få vite at dei har det bra – å høyre ei stemme som seier dei har det bra. Du veit at det er kjipt, kaldt vêr, og det er nokon som er bekymra for dei, seier ho.

Vil ha ny fjellvettsregel

Med ein relativt nøyaktig posisjon på kor Traavik og sonen hadde søkt ly gav mannskapet i helikopteret lyd til bakkemannskapet.

Etter nokre timar fann dei Traavik og sonen skvisa saman på ein tørr flekk bak ein lutande fjellvegg. Dei hadde då vore i fjellet i omlag 17 timar.

No vil Traavik at det skal innførast ein ny, tiande fjellvettsregel, tilpassa den nye verkelegheita.

– Den skal vere følgande. Ta alltid med deg ein fullada mobil og ein ekstra batteripakke. Og legg den gjerne, spesielt viss du går i vestlandsfjella, i noko vasstett og snurp godt igjen, seier han.

Òg systemoperatøren som fann mobilen hans oppmodar til å ha mobilen som fast følgjesven i fjellet.

– Ta med mobil, ta med batteripakke, og ha den påskrudd. Det einaste me treng er at det er straum på mobilen og at han er på. Så kan vi finne deg ved behov, og redde liv.

Publisert 11.10.2024, kl. 08.49

Read Entire Article