Milliardær (28) har klart «det umoglege»: – Ein komiserie

12 hours ago 3



– Det likna meir på TV-serien «The Office» enn fotballeiing. Det var tungt å sjå, seier supporteren John Kaare Hoversholm.

Laurdag kveld fekk Sunderland ein etterlengta opptur i Premier League-comebacket etter å ha lagt nokre spesielle år bak seg.

– Det var spesielt å sjå kor ufatteleg ubrukeleg den tidlegare leiinga var, fortset Hoversholm.

John Kaare Hoversholm med Sunderland-legenden Kevin Ball

LEGENDETREFF: Sunderland-supporter John Kaare Hoversholm trefte Sunderland-legenda Kevin Ball for nokre år sidan.

Foto: Privat

Han siktar til åra der laget hans rykte ned to år på rad framfor eit fullt kamerateam, som laga dokumentaren «Sunderland ’Til I Die».

– Det var eit sirkus og ein komiserie korleis dei dreiv klubben i Netflix-serien, seier Eirik Aase, som er sjef for nettsida Championship Norge og har følgt engelsk fotball ekstremt tett i ei årrekke, til NRK.

Klubben blei styrt av dei tidlegare eigarane Stewart Donald og Charlie Methven, men supporterane var frustrerte.

Klubben var i fritt fall.

Så tente ein 23 år gammal milliardær eit etterlengta lys på Stadium of Light.

Frykta ny eigar: – Forstår skepsisen til supporterane

Kyril Louis-Dreyfus.

 Kyril Louis Dreyfus

MARSEILLE-KOPLING: Kyril Louis-Dreyfus er son av tidlegare Marseille-eigar Robert Louis-Dreyfus. Mora Margarita er framleis minoritetseigar i den franske klubben. Her frå Marseille-kamp i 2018.

Foto: Dave Winter / BILDBYRÅN

Den sveitsisk-franske forretningsmannen overtok ein eigardel i klubben og blei den yngste klubbeigaren i engelsk fotball, før han seinare blei majoritetseigar i klubben.

Faren Robert Louis-Dreyfus var tidlegare administrerande direktør i Adidas og eigde den franske fotballklubben Marseille fram til han døde i 2009. Mora Margarita er framleis minoritetseigar i den franske klubben.

– Familien har tradisjonar med å eige fotballklubbar. Eg trur han ikkje berre er tett på klubben, men han er så ung at han er ein del av gutane. Det kan bidra til at kommandolinjene blir korte og fører til ein nærleik, seier Viaplay-kommentator Kasper Wikestad til NRK.

en mann og en kvinne som går

KOMMENTATOR: Viaplay-kommentator Kasper Wikestad

Foto: Lise Åserud / NTB

Faren etterlet seg ein stor formue, og ifølge fleire medium har sonen Kyril ein formue på nærare 30 milliardar.

Somme supporterar frykta likevel at 23-åringen skulle drive Sunderland som ein gøy hobby.

– Eg frykta det same. Spesielt med tanke på kven dei kjøpte det av, erkjenner Hoversholm.

– Eg forstår godt skepsisen til supporterane, men ut frå klubbens historie er det viktigaste å prioritere det som skjer på banen, seier Louis-Dreyfus i Netflix-episoden der han blir presentert som ny klubbeigar.

Forretningsmannen kom inn eit halvt år etter botnpunktet med åttandeplassen på nivå tre i 2020, den svakaste plasseringa for klubben i ligasystemet nokosinne, og saman med den sportslege leiinga tok han grep med ein gong.

– Gjort alt rett

Lønningane i klubben blei kraftig reduserte. Med ein aldrande spelartropp skifta klubben retning og begynte i større grad å utvikle eigne spelarar og henta unge europeiske spelarar for å drive talentutvikling.

Will Grigg

ÅRELANG NEDTUR: Sunderland spelte fire sesongar i League One før dei rykte opp til nivå to. Her er Will Grigg mot Blackpool i 2019.

Foto: Reuters

– Etter eigarskiftet er klubben bygd på rett måte. Dei har henta unge, spennande spelarar og gjort alt på rett måte, meiner Aase.

– Sunderland har henta spelarar med ei større oppside, men det har vore usikre kort, fortset han.

Halvtanna år etter at Louis-Dreyful tok over spakane, rykte klubben opp til nivå to etter fire sesongar i League One.

Med det yngste laget i fjor i den engelske meisterskapsserien leidde trenar Régis Le Bris klubben til opprykk til Premier League og dermed tilbake til det gjævaste selskapet for første gong på åtte år.

Sunderland

OPPRYKK: Ungguten Tom Watson avgjorde opprykksfinalen mot Sheffield United på overtid i andre omgang. Med det yngste laget i historia i ein opprykksfinale rykte Sunderland opp.

Foto: Reuters

– Har Louis-Dreyfus klart det umoglege – å ta klubben til Premier League igjen, Hoversholm?

– Det kjennest litt sånn. Alt låg til rette for å klare det han har gjort, men det måtte bli gjort. Sportsdirektør Kristjaan Speakman har ein filosofi som han har fått fullføre.

Henta spelarar for 1,8 milliardar i sommar

Fire år etter at han valde å følge i fotsporet til faren som klubbeigar er Louis-Dreyfus den yngste klubbeigaren i den største fotballigaen i verda, og i overgangsvindauget i sommar har 28-åringen opna lommeboka.

Sunderland fans

IDRETTSGLEDE: Sunderland-supporterar feirar opprykket til Premier League.

Foto: Reuters

Den nyopprykte klubben har henta tolv spelarar med ein gjennomsnittsalder på 24 år for ein totalsum på godt over 1,8 milliardar, i tillegg til å ha forfremja to akademispelarar til førstelagstroppen.

– Det blir nok problematisk å halde seg i Premier League. Dersom dei klarer å halde hovudet litt kaldt er det mogleg å bygge vidare økonomisk, sjølv om det skulle bli nedrykk, seier Wikestad, som har Sunderland på sisteplass i tabelltipset sitt.

– Vegen tilbake til Premier League har vore tung. Det har vore vondt å sjå laget. Det har vore heilt jævlig, seier supporter Hoversholm.

Dei siste to tidlegare Premier League-sesongane blei det omgåande retur ned til Mesterskapsserien for dei nyopprykte laga.

Sunderland fekk likevel ein draumestart i Premier League-comebacket.

En gruppe menn iført fotballtrøyer

SEIER: Daniel Ballard feirar 2-0-scoringen heime mot West Ham.

Foto: Scott Heppell / Reuters / NTB

Klubben vann heile 3-0 heime i serieopninga mot West Ham etter skåring av unggutane Eliezer Mayenda Dossou (20), Daniel Ballard (25) og nysigneringa Wilson Isidor (25).

– Det er vanskeleg å unngå nedrykk, sjølv om vi har kjøpt elleve spelarar og eit heilt nytt lag. Det er ikkje noko negativt med det, men eg gløymer ikkje opplevinga av å vere i Premier League. Det handla om å overleve.

Supertid av Warholm 01:24

Publisert 17.08.2025, kl. 10.09

Read Entire Article