Mike Tyson (58) blir «heimsøkt» av seg sjølv før omdiskutert comeback: – Veldig orkestrert

3 weeks ago 15



Det var kanskje ikkje så mange som skulle tru at den 58 år gamle bokselegenda Mike Tyson skulle møte YouTube-stjerne og boksar Jake Paul i ringen.

Men det skjer viss alt går etter planen den 15. november.

Møtet mellom dei to har blitt heftig promotert den siste tida, og Tyson opna seg opp i ein podkast som blir leidd av Paul sin bror Logan.

Der fortel han om den mørke sida av seg sjølv som kjem fram blant anna i ringen.

Tyson: – Han heimsøker meg

Ifølge New York Post kom utsegnene etter at Logan Paul sa at han gledde seg til å sjå skurkesida og «den indre mordaren» komme ut i kampen.

– Absolutt, det kjem til å skje, men her er det eg har lært av tidlegare erfaring: Når den tøffe fyren Mike Tyson kjem ut, når det ikkje er nødvendig, er eg alltid i handjern, fortel 58-åringen.

Former world heavyweight boxing champion Mike Tyson exits a sheriff's van at Maricopa County Jail's tent city for prisoners November 20, 2007 in Phoenix, Arizona.

SKJEDD FØR: Tyson har, i tillegg til ein vanvitig boksekarriere, også vore inn og ut av fengsel. Her frå 2007.

Foto: JEFF TOPPING / Reuters

Han seier han er forsiktig når den typen person kjem fram i han.

– Dessverre må eg kjempe og vere den fyren. Eg skulle ønske eg kunne stoppe den fyren. Han heimsøker meg. Eg skulle ønske eg kunne stoppe den fyren. Eg skulle ønske den fyren døydde, men han har komme for å bli.

Han hevdar at «killer»-versjonen av han sjølv prøver å komme fram heile tida, men at han må jobbe for å halde han inne.

– Eg tenker jo at det har veldig mykje med bakgrunnen hans å gjere. Han voks opp i veldig, veldig tøffe kår i ei tøff verd. Og han har hatt det rimeleg brutalt også i boksekarrieren sin. Det er absolutt eit helvete han har vore gjennom der. Men det er også éin av dei tinga som har gjort historia hans, seier Cecilia Brækhus.

– Kan hende ein strekk dette for langt

Ho er god venn med Tyson sin trenar Billy White, og heiar i utgangspunktet på boksekollegaen sin. Samtidig som ho håpar på at det blir bra, er ho også litt skeptisk.

At han avsluttar med Jake Paul, det er kanskje litt sånn ... Eg veit ikkje heilt om det er det ein helst ville ha sett for ein så utruleg legendarisk boksar som Mike Tyson, seier Brækhus.

Han har jo allereie måtta trekke seg éin gong på grunn av helsa. Og han er jo i den alderen han er. Så det kan jo hende ein strekk dette litt for langt òg.

Cecilia Brækhus foran tittelkamp mot Jessica McCaskill.

KOLLEGA: Cecilia Brækhus

Foto: Melina Pizano/Matchroom. / NTB

For møtet mellom dei to var eigentleg planlagt 20. juli, men måtte utsettast da Tyson fekk helseproblem. Men det stoppa han ikkje frå å sette ein dato. Brækhus slit berre med å forstå kvifor han går denne kampen.

– Han treng ikkje Jake Paul i det heile. Han er jo éin av dei største. I mine auge så er det Jake Paul som vinn på dette her. Det er absolutt han som kjem vinnande ut av denne situasjonen uansett, seier Brækhus.

Det er snakk om pengar, og det er hans val, sant. Men eg personleg kjenner ikkje heilt at han trong det.

Jake Paul vs Mike Tyson Press Conference - Fanatics Fest

JAKE MOT MIKE: Brækhus seier bokselegenda Tyson er så stor at han ikkje treng ein kamp mot Paul for å gjere namnet sitt noko større.

Foto: MICHAEL LOCCISANO / AFP

– Viss han taper er det skandale

NRK-journalist og bokseekspert Anders Werner Øfsti meiner det er merkeleg at Tyson i det heile gjer comeback, men seier han antar det er pengesummen som ligg i potten. Sjølv om Paul har boksa i nokre år, meiner Øfsti at han er «milevis frå å vere på noko nivå».

Kva anna enn å øydelegge sitt eige rykte kan ein oppnå når det gjeld det sportslege? Det skjønner ikkje eg. Det er berre tull. Viss han vinn, så er det eit skuldertrekk. Viss han taper, så er det skandale, seier Øfsti.

Anders Werner Øfsti

SKEPTISK: Øfsti synest både utsegnene og comebacket er merkeleg.

Foto: Morten Waagø / Morten Waagø

Alle veit kven Mike Tyson er. Han har eit veldig sterkt namn. Han kan eigentleg gjere kva han vil. Så når eg ser på det utanfrå, så kjenner eg ikkje at det er noko han hadde vore nøydd til å gjere for å sikre seg økonomisk, seier Brækhus.

Samtidig som fleire stiller seg spørjande til sjølve kampen, er også Øfsti skeptisk til historiene som blir delte i promoteringsfasen.

Eg stoler ikkje heilt på det. Dei er flinke til å «hausse» opp kampen. Noko av det som skal selje den, er førestillinga om «killeren» Mike Tyson, monsteret Mike Tyson. Korleis er det når «villdyret» vaknar?, seier Øfsti.

Blir disket rett før målstreken: – Urettferdig 01:02

Publisert 10.09.2024, kl. 20.49

Read Entire Article