Metallovn eksploderte på Elkem-fabrikk

1 month ago 22



– Det er truleg ingen skadde. Dette skjedde midt i vaktskiftet så det var meir folk i området enn til vanleg.

Det seier vaktkommandør Helge Lund i brannvesenet.

Straumen har gått i området og produksjonen ved den store metallfabrikken er stengd ned.

– Røykdykkarar er på veg inn i hallen og det er svært mykje røyk, seier Lund.

Brannvesenet held til like ved og er sendt ut. Det same er luftambulanse og redningshelikopter.

Ein personell fekk tilsyn av helsepersonell, men ingen er rapportert skadde.

– Det har vore ein reaksjon i ei digle. Eg vil ha meir oversikt før eg kan seie noko meir. Vi har kontroll på plassen, seier verksdirektør Arne Werger-Olsen til NRK.

Brannvesenet opplyser til NRK at det var mellom 8 og 16 personar i nærleiken av fabrikkhallen då eksplosjonen skjedde.

Publisert 20.08.2024, kl. 22.08 Oppdatert 20.08.2024, kl. 22.32

Read Entire Article