Gratis straum til eit heilt hyttefelt og elbilar med eigen innebygd straumforsyning. Dette er noko av det han ser for seg.
Men det som er drivkrafta og den store draumen til Larson, er å forsyne straumlause landsbyar i utviklingsland med fri energi frå ein generator montert i ei kasse på storleik med ein stor koffert.
Det er neimen ikkje småtteri den svenske oppfinnaren byr på.
Verda treng energi
I årevis har entusiastar verda over prøvd å hente fri energi frå kvantefelt utan å lykkast. For to halvstuderte journalistar i sin beste alder er det slett ikkje lett å henge med når denne mannen forklarar korleis han har funne løysinga.
– I denne generatoren skapar eg kvantefelt som når nullpunktfeltet. Nullpunktfeltet ligg i ein heilt annan dimensjon enn den me lever i. Det er her den frie energien finst. Det gjeld berre å kunne transformere den. Det einaste som kostar noko, er sjølve maskina.
– Ehhh ... forstår du at dette er vanskeleg å forstå?
– Ja.
Larson humrar, og legg til at han elskar å finne opp nye ting som kan hjelpe menneska på jorda.
– Og straum er noko som manglar overalt. Ta berre alle elbilane som kjem no. Det gjer at det ikkje kjem til å halde.
– Vil du redde verda?
– Ja, om eg kan.
Ralf Larson er opphavleg kjemiingeniør. I sitt snart 80-årige liv, har han bak seg fleire oppfinningar han har tatt patent på, og selskap som er starta og seld vidare.
Millionane han har tent, er brukt på å utvikle nye produkt. Det han held på med no, reknar han som sjølve livsverket. Målet er å få ferdigstilt generatoren i løpet av året, og sett han i produksjon. Førebels er dette ein prototype som berre genererer ei spenning på nokre få volt, men Larson er overtydd om at det kan komme opp i 400 volt.
Frå Göteborg til Numedal
Sjølv kallar han seg innovatør. Han kom frå Sverige til Noreg i 2012 på grunn av ein spesiell skifer som finst her i landet. Generatoren ligg nemleg i ei kasse belagt med Ottaskifer.
Ifølge Larson er konsistensen på denne bergarten slik at biomagnetiske felt, som visstnok finst rundt alt levande på jorda, lett slepp gjennom. Samstundes ligg generatoren godt beskytta innanfor dette laget med stein.
I Nore og Uvdal fann han vakker natur og kommunestyrerepresentantar som fekk stjerner i augo av planane han hadde. Dei besøkte oppfinnaren då han budde i Göteborg, og fekk tru på mannen, som dei visste hadde starta framgangsrike selskap, og gjort spennande oppfinningar. Kraftkommunen såg for seg nye arbeidsplassar, gav han 2 millionar kroner i næringslån, og la til rette for gründerverksemd.
Sidan, har det vore knytt mykje mystikk rundt aktiviteten på det lokale industriområdet. Det er ingen som heilt har visst kva som har gått føre seg bak dei lukka dørene. Ordføraren er likevel optimist, og håpar dei snart kan smykke seg med ein verdssensasjon.
– Sjølvsagt har me trua. Det har jo tatt nokre år no, og me er jo veldig spent på om han snart kjem i mål med ideane sine.
Pseudovitskap?
På Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo forskar dei mellom anna på kvantefelt. Forskar i partikkelfysikk, Anders Kvellestad, har stor respekt for tidlegare oppfinningar Ralf Larson har bak seg, men akkurat dette har han ingen tru på.
– Hypotetisk sett, om maskina skulle gjera det Larson hevdar, så ville det vera heilt revolusjonerande. Då kan Larson i praksis ta toget rett til Stockholm og plukke opp neste nobelpris.
Men Kvellestad kallar dette pseudovitskap kopla med eit genuint ønske om å hjelpe verda. Forskaren trur me hjelper verda meir effektivt ved å fokusere på meir truverdige idear enn dette.
– Larson seier han skapar eit kvantefelt. Men kvantefelt er ikkje noko me kan skapa.
– Om det er nokon som kan skapa kvantefelt, så er det Vårherre.
– Og så snakkar han om dette nullpunktfeltet, som om det er noko anna enn eit kvantefelt. Men nullpunktfeltet er berre eit gammaldags, litt rart namn på den lågaste energitilstanden i kvantefeltet. Så dette er ikkje to ulike felt.
– Men er det ikkje ein bitte liten sjanse for at det kan vera noko her?
– Som forskar så vil eg jo aldri si at det er 0 % sannsynleg for at det kan vera noko. Reint rasjonelt så bør me alltid bevare ein liten grad av usikkerheit.
– Men spør du meg, så trur eg det er meir sannsynleg at Dovre fell i morgon, enn at Larson her trekkjer ut energi frå kvantefeltet.
Men oppfinnaren er sikker i si sak. Han brukar å lykkast, og bryr seg lite om kva forskaren seier.
– Det blir hans problem når eg etter kvart viser fram ei fungerande maskin, seier Larson overberande.
Publisert 17.01.2025, kl. 22.56