Meiner dette bildet viser at ferjetrafikken i Noreg er krise: – Det blir verre år for år

1 month ago 15



Nok ein sommar har gått.

Innstilte ferjesamband, lokale bebuarar som står fast på kaia, mannskapsmangel og ein turisme som sprenger kapasiteten på sambanda både i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Kanskje lyder det kjent?

Marius Strømmen i Sjøoffiserforbundet kallar det ei krise utan ende. Noko må skje for at ferjefarta i heile Noreg skal kunne utføre samfunnsoppdraget sitt.

– Det blir verre år for år. Eg trur ikkje vi ser noko lys i tunnelen endå. Vi har vel berre sett starten, det sa eg i fjor også. Og det er ikkje blitt noko betre i år, det har heller blitt verre enn i fjor.

Dette er tilfelle blant anna på Vennesund på Kvaløya i Nordland. Her har dei lange ferjekøane skapt problem både for bebuarar og utrykkingskøyretøy, skriv Brønnøysunds Avis.

Ferdselen blir hindra som følge av at ferjekøen strekker seg langt opp i fylkesvegen mot ferjeleiet.

– Dette er et problem som har blitt verre og verre gjennom årene, slår ordfører Gunder Strømberg fast til avisen.

Flyfotoet øverst i saken har ordførerne brukt i møte med fylkespolitikerne for å illustrerer utfordringene. Bildet viser biler som står i kø langt opp på fylkesveien ved Vennesund.

Ingen Monsen tok bilde av rekke på rekke med bobiler på fergekaia i Jektvik

Slik så det ut i ferjesambandet Kilboghamn-Jektivik i sommar etter at den siste ferja var gått for kvelden.

Foto: Privat

– Skrikande mannskapsmangel

NRK har snakka med tre sentrale forbund om kva dei meiner er årsaka til den såkalla ferjekrisa, og deira forslag til korleis å løyse kaoset.

Kort fortald peikar forbunda på desse fellesnemnarane om kva som er problemet:

1. Det er ikkje lenger store, norske reiarlag igjen på marknaden. Det betyr at reiarlaga er internasjonalt Hedgefond-eigd. Dei vil tene pengar, som gjer at det billegaste reiarlaget vinn anbodskontraktane, altså oppdraget: Å frakte folk frå ein stad til ein annan.

Dei med lågast mogleg sikkerheitsbemanning vil klare å presse ned kostnadene og dermed vinne desse anbodskontraktane.

2. For å vere billege og konkurransedyktige kuttar reiarlaga i mannskap. Det blir altså mangel på mannskap, som igjen kan gå utover sikkerheitstiltak.

3. Folk med rett utdanning går over til andre næringar, som oppdrettsselskap eller offshore-arbeid, med meir lukrative avtalar. Lite attraktive arbeidsvilkår går negativt utover rekrutteringa.

En bobil kjører om bord i en ferge som ligger til kai med baugen åpen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen

Kva er eit anbod?

Når reiarlaga vinn eit anbod, så vinn dei ein avtale om å utføre arbeidet som skal gjerast: Å frakte folk over sjøen.

Tidlegare jobba reiarlaga meir i klyngar, og norskeigde innanriksreiarlag hadde sine område.

Det betyr at reiarlaga som fekk utfordringar kunne lage praktiske trekantruter fordi dei hadde båtar på kvar side av sambandet også.

Men i dag, med anbod, er det konkurrentar på begge sider når eit strekke får problem.

Sjøoffiserforbundet: – Vond sirkel

Marius Strømmen i Norsk Sjøoffisersforbund påpeikar at det har vore operert med anbod i 20 år.

– Og det er vel ingen unison suksessfaktor når 60 prosent av kostnadane i kontrakten er stort sett mannskapskostnadar. Då er det konkurranse om kva vilkår og kva reiarlag som har lågast kostnad og som vinn kontrakten, meiner Strømmen.

En mann med briller og blå genser ser inn i kamera

Styreleiar i Norsk Sjøoffisersforbund, Marius Strømmen.

Foto: Tri Nguyen Dinh / Norsk Sjøoffisersforbund

– Og i kjølvatnet av den vonde sirkelen så ser vi no ein skrikande mannskapsmangel, seier Strømmen.

– Det blir verre år for år, eg trur ikkje vi ser noko lys i tunnelen endå.

Det hjelper heller ikkje på problemet at det er mange gamle fartøy i drift.

Det betyr at avgangar blir innstilt på grunn av tekniske forhold, og at operatørane med låg bemanning ikkje får tid til å drive førebyggande vedlikehald.

Kva type ferjer som blir opna for dei ulike sambanda, er det politikarar og andre myndigheiter som set krav til.

Sjå kva samferdselsministeren svarar lenger ned i saka.

– Ikkje driftssikkert nok

Strømmen lurer på om politikarane er sitt ansvar bevisst når dei set opp anboda.

– Og dei klarar ikkje å få dette driftssikkert nok, er min påstand.

Han meiner løysinga er at politikarar, Statens vegvesen og fylkeskommunen set seg ned med partane, og grip inn.

For ifølge han, går det ikkje å få til noko lokalt med ferjereiarlaga, som er styrt av anbod der kostnadane ikkje er mogleg å auke.

Innstilt ferge

Innstilte ferjer er eit vanleg problem om somrane. Ifølge dei sentrale forbunda i ferjefarta vil det ingen ende ta.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

– Kva er responsen frå politikarane og Vegvesenet når du snakkar med dei då?

– Det er den evige peikeleiken mellom myndigheit, operatør (altså reiarlag) og kven det er som er ansvarleg. Myndigheitene seier at reiarlaget er ansvarleg, reiarlaget seier «at ja men vi må jo konkurrere, så vi kan ikkje auke kostnadane meir».

– Og dermed tar reiarlaget ein kalkulert risiko med å ikkje utføre turane med det materiell og det mannskapet dei har på dei vilkåra.

Sjømannsforbundet: – Utrygge situasjonar

Jahn Cato Bakken i Sjømannsforbundet er einig.

– Som ein har opplevd no i sommar, så fungerer det ikkje smertefritt.

Bakken har den same opplevinga som Strømmen i Sjøoffiserforbundet.

– Kva vil du sei om det, at dei fleste reiarlag er hedgefondeigd og at det ikkje er store norske reiarlag igjen?

– Det er som med mykje anna, det er blitt internasjonale eigarar og dei har fokus på botnlinja. Å få avkastning til investering.

Eit anna poeng er sikkerheita. For eit lite mannskap, vil skape utrygge situasjonar, meiner Bakken.

Jahn Cato Bakken i Sjømannsforbundet

Jahn Cato Bakken i Sjømannsforbundet.

Foto: Privat

Og skal du få folk inn, må det vere attraktivt å jobbe og å bu der. For sjølv om nokre reiarlag har lagt om turnus slik at dei liknar offshore-turnus, er det framleis mange som må bu på plassen dei skal jobbe.

– Du får ikkje yngre menneske til å ha fritida si i ein veldig liten hybel eller i verste tilfelle ein brakke på kaia.

– Vil du kalle det ei krise?

– Ja, eg vil jo seie at det har ikkje fungert i sommar heller. Det har berre blitt meir og meir av det.

Maskinistforbundet: – Omfattande problem

Hege-Merethe Bengtsson, administrerande direktør i Maskinistforbundet, kallar problemet omfattande, sjølv om det ikkje er eit problem alle stader i landet.

Også ho meiner at anbodsregimet ikkje fungerer på ein god måte.

– Vi stiller oss bak den oppfatninga i det vesentlege, seier Bengtsson.

– Og så er det eit regelverk om kva som er minimumbamanning, altså sikkerheitsbemanning, og sjølv det forsøker ein å trykke så lågt som mogleg enkelte stader.

Administrerende direktør i Maskinistforbundet, Hege-Merethe Bengtsson

Administrerande direktør i Maskinistforbundet, Hege-Merethe Bengtsson.

Ho er opptatt av at myndigheitene legg opp til at reiarlaga kan konkurrere på like vilkår, i all den tid ein skal sørge for minst mogleg avvik som for eksempel forseinkingar og at ferjer ikkje går.

I neste omgang må dei legge til rette for at arbeidsplassane blir konkurransedyktige, også med tanke på løn og andre arbeidsvilkår.

– Det er stor etterspurnad etter folk og ikkje nok kompetanse tilgjengeleg, og då må ein ut å konkurrere sjølvsagt.

Dei sentrale forbunda tar til orde for den same løysinga: Myndigheitene må gripe inn, prate med partane, og slutte å peike på kvarandre.

Dette svarar departementet

Statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet har fått kritikken presentert.

– Regjeringa er opptatt av at alle arbeidstakarar i Noreg skal ha trygge arbeidsplassar og gode løns- og arbeidsvilkår. Det gjeld sjølvsagt også i ferjesektoren, ifølge Kalsås.

Han viser til at det er Vegvesenet som set anbod på riksvegferjene på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

– Anbod blir brukt for å sikre at samfunnet sine midlar blir brukt på ein etterretleg måte og med best mogleg effekt, skriv Kalsås.

Han understrekar at det dei siste åra har vore fokus på tilgangen på mannskap, særleg i samanheng med ferieavvikling.

– Dette har vore følgt opp tett, hevdar han.

Vidare skriv han at det er stor variasjon i kor det er lett å rekruttere mannskap. For eksempel har ikkje bynære samband dei same utfordringane, slik som forbunda også påpeikar.

Tom Kalsås, statssekretær i Samferdselsdepartementet, smiler inn i kamera stående utenfor Stortinget i solskinnet.

Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

– Mens det er meir krevjande i nokre delar av landet. På ferjesambanda staten har ansvar for, er det berre nokre få samband som står for hovudtyngde av innstillingar som følge av mannskapsmangel.

Han peikar vidare på at det er reiarlaga som er ansvarleg for å ha det mannskapet som er nødvendig for å yte dei tenestene dei har forplikta seg til i kontraktar med det offentlege.

– Det har blitt hevda at ein gamaldags og lite teknologisk ferjeflåte har bidratt til at ferjene er ein lite attraktiv arbeidsplass. Gamalt og slite materiell er også i nokre tilfelle årsaka til redusert regularitet.

– Det er sett i gang teknologiske og økonomiske tiltak for å betre situasjonen.

Marius Strømmen i Sjøoffiserforbundet har denne kommentaren til svaret frå statsråden.

– Dei held jo fram med det same svaret som vi fekk i fjor i Dagsytt 18, og held fram med akkurat same ulla vidare. Det er tydeleg at politikarane skyv problema framfor seg og peika på rederia.

– Og dei peikar tilbake igjen på politikarane og anboda fordi anbodsregimet ikkje fungerer slik at dei klarar å løfte løn og vilkår for mannskap.

Publisert 07.09.2024, kl. 11.28

Read Entire Article