Meiner det er for mykje prating i matematikk: – Hindrar oss i å rekne med penn og papir

2 weeks ago 12



– Det er mykje open diskusjon og refleksjonsoppgåver. Det hindrar oss i å rekne med penn og papir, seier Katharina Nilssen.

Ho går tredje klasse på forskarlinja på Bodin vidaregåande skule i Bodø saman med Johan Juhl Simensen og Alvin Joensen.

Dei meiner den vanskelegaste matematikken du kan ta på vidaregåande, som heiter R2, inneheld for mykje prating og lite rekning.

Det hadde vore betre å berre fokusere på å gjere sjølve oppgåva. Å pugge og få inn alle formlane, bli kjent med dei og få brukt dei. Det hjelper ikkje så mykje å prate rundt det, seier Simensen.

 Johan Juhl Simensen gjør matematikk-oppgaver på et hvit regneark på en pult i klasserommet på Bodin Videregående skole.

Johan Juhl Simensen meiner det er for mykje prating og lite rekning i matematikk.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Det kan kome i vegen for draumen deira om å studere til å bli ingeniør.

Når vi kjem til eksamen, så får du jo ikkje lov til å sitte og diskutere med ein kompis på eksamen. Så du kjem til å ha mykje meir ut av å faktisk kunne gjere oppgåva på papir, seier Joensen.

Elevane får støtte frå professorar og andre fagpersonar frå høgare utdanning i Noreg.

Høg strykprosent

Professor i anvendt matematikk Carina Bringedal og høgskulelektor Kristine Selvikvag Lundervold ved Høgskulen på Vestlandet seier at mange av studentane kjem til dei frå vidaregåande utan å kunne grunnleggande rekneferdigheiter.

– Vi ser at strykprosenten i matematikkfaga våre har vore veldig høg dei siste åra. Og vi ser at dei som stryk, stryk på grunn av at dei manglar grunnleggande rekneferdigheiter, seier Bringedal.

Det er innanfor til dømes algebra, brøkrekning, prosentrekning og potensrekning det er kunnskapshol, seier ho.

Ni elever på Bodin videregående skole i Bodø sitter i et klasserom og gjør matematikk-oppgaver i faget R2.

Johan Juhl Simensen, Katharina Nilssen og Alvin Joensen meiner det er for mykje prating og lite rekning i matematikktimane.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

– Det verkar som det er vanskeleg for studentane å sette seg ned med penn og papir, og faktisk gjere ei utrekning. Mange er ikkje heilt vande med det.

Det gjer det vanskeleg for høgskulelektorane å lære studentane dei tinga dei skal.

– Vi vil bygge på det dei kan frå før. Men når dei har så store hol, så er det veldig vanskeleg å bygge på det og kome vidare i pensum, seier Bringedal.

På grunn av den høge strykprosenten haustsemesteret 2022, innførte høgskulen ei kartleggingsprøve for å gi ingeniørstudentane med låge resultat tilbod om ekstra oppfølging og repetisjonskurs, seier Lundervold.

Vi trur at dette bidrog den til lågare strykprosenten for ingeniørstudentane i Matematikk 1 hausten 2023, seier ho.

Men begge to meiner dette kunne vore unngått om det ikkje hadde vore for den nye læreplanen.

Katharina Nilssen løser matematikk-oppgave på ipad.

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Hedda Birgitte Huse seier det er for tidleg å seie noko om effektane av dei nye læreplanane.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Nye læreplanen er problemet

– Den nye læreplanen er mindre konkret, og fokuserer meir på ord som at elevane skal utforske, gjere greie for og gi eksempel. Så i mykje større grad snakke om matematikken enn å gjere dei matematiske operasjonane, seier professor Bringedal.

Ho seier den gamle planen var konkret. Elevane skulle utføre, finne, gjennomføre, rekne og løyse.

– Det er jo fine tankar som ligg bak at ein skal snakke om matematikken. Men det har dessverre gått ut over rekneferdigheitene, seier Bringedal.

Ho meiner tida no blir brukt på andre ting, og då får ikkje elevane tid til å faktisk lære seg rekneferdigheitene, og dei trengst før ein kan gå vidare.

Bringedal kom først med bekymringa si saman med sju andre fagpersonar i ein kronikk i Aftenposten.

Katharina Nilssen sitter ved en lys pult, og gjør matematikkoppgaver på en hvit pc på Bodin videregående skole i Bodø.

Katharina Nilssen seier ulempa med all pratinga kan vere at dei ikkje får pugga inn formlane heilt. Og at dei ikkje forstår det heilt like grundig på papir som dei burde.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Hedda Birgitte Huse seier det er for tidleg å seie noko om effektane av dei nye læreplanane.

– Fordi dei første elevane som har fullført vidaregåande med dei nye læreplanane starta i høgare utdanning i fjor haust.

Les heile svaret frå Huse lenger ned i artikkelen.

Pandemien og databruk kan spele ei rolle

Fagpersonar frå andre universitet er også bekymra for rekneferdigheiter til norske elevar.

– Eg har observert over tid at studentane som kjem har for lite elementære ferdigheiter, som for eksempel algebra, seier professor i matematikk, Per Kristen Jakobsen ved UiT.

Pisa-undersøkinga i 2022 viser at elevane si evne til å resonnere matematisk og å formulere, bruke og tolke matematikk for å løyse problem, har gått kraftig ned frå 2018. Og norske elevar presterer under gjennomsnittet i OECD-området i matematikk.

Fleire professorar frå UiO og NMBU meiner andre årsaker enn ny læreplan kan spele ei rolle, som pandemien og databruk:

Universitetet i Oslo, Blindern

NTB

Universitetet i Oslo

Vårt inntrykk er at rekneferdigheitene har blitt svekka over tid, men det er fleire faktorar som spelar inn, og det er vanskeleg å vite kva som gir størst utslag, seier professor og matematikar, Tom Louis Lindstrøm.

Han meiner dei viktigaste faktorane er pandemien, databruk og ny læreplan.

– Eg mistenker at den nye læreplanen vil føre til ytterlegare svekking i matematikkferdigheitene.

NMBU i Ås

Jorunn Hatling

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

– Det verker som kunnskapane har gått ned samanlikna med tidlegare. Men det er vanskeleg å seie kva som er forårsaka av ein ny læreplan, og kva som er forårsaka av koronatiltak eller andre endringar i samfunnet, seier førsteamanuensis på NMBU, Geir Bogfjellmo.

Han er mest bekymra for studentane som kjem med svakare bakgrunn enn R2.

– Her er det mange som slit med heilt grunnleggande konsept.

UiT, Universitetet i Tromsø ein sommardag

Sofie Retterstøl Olaisen

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Eg har observert over tid at studentane som kjem har for lite elementære ferdigheiter, som for eksempel algebra, seier professor Per Kristen Jakobsen ved UiT.

Det har lenge vore et problem, meiner han.

NTNU

NTB

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

– Vi merkar ein nedgang i rekneferdigheiter, i å behandle algebraiske uttrykk.

Det seier professorane i matematikk ved NTNU, Marius Thaule, Frode Rønning og Heidi Strømskag.

– Vidare merkar vi ein nedgang i studentane sine evner til å omsette frå tekstoppgåver til matematisk notasjon, seier dei.

Dei meiner dette har vore eit problem lenger enn den nye læreplanen.

For å kome inn på ingeniørstudie må ein ha R2 matematikk frå vidaregåande. Det er det mest teoretiske mattefaget ein kan ta på vidaregåande.

Og professor Bringedal hevda dei har studentar som har gode karakterar i faget, men slit med å rekne.

– Det har med at vurderingsforma i R2 har endra seg.

Ho seier at før måtte ein ha gode rekneferdigheiter for å få ein god karakter i R2. Mens no er forklarar-delen vektlagt på eksamen.

– Mange av dei som har ein god karakter i R2, har gjerne ikkje rekneferdigheitene, men dei har vore gode på å forklare ting. Dei har framleis dessverre problem med å løyse oppgåver på eiga hand.

– Samansett problem

Avdelingsdirektøren i utdanningsdirektoratet er også bekymra for rekneferdigheitene til norske elevar.

– Fleire undersøkingar og tal tyder på at kompetansen i matematikk hos norske elevar beveger seg i feil retning, seier Huse.

Resultata frå eksamen, nasjonale prøver og internasjonale undersøkingar har gått nedover, seier ho.

– Dette er eit samansett problem utan enkle løysingar, og vi vil gjerne ha universiteta og høgskulane med på laget når vi skal undersøke dette nærare.

Hedda Birgitte Huse

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Hedda Birgitte Huse.

Foto: Ida Titlestad Dahlback

Gir den nye læreplanen mindre tid for elevane å til å rekne?

Eit mål med utforminga av læreplanane frå 2020 var å understreke behovet for at elevane forstår det dei lærer. Sentralt i læreplanane i matematikk er at elevane kan argumentere for framgangsmåtar og reflektere over svara dei får, seier Huse.

Ho legg til at det på same tid er ein sentral intensjon med opplæringa i matematikk at elevane skal få utvikla rekneferdigheiter. Men det er skulane og lærarane som best kan gjere gode val for korleis løyse dette.

Men direktoratet tek med seg tilbakemeldingane frå professorane og elevane, og skal vidare no vurdere behov for tiltak.

Publisert 19.09.2024, kl. 16.54

Read Entire Article