Meiner Carlsen «blir tvinga» til Niemann-duell: – Ville sett dum ut

1 month ago 18



Magnus Carlsen har tidlegare nekta å møte amerikanaren Hans Niemann – men nå «har han ikkje noko val lenger», meiner NRKs sjakkekspert Torstein Bae.

– Sjølv om Carlsen har sagt han aldri nokosinne vil spele mot Niemann igjen, så må han krype til korset her, seier Bae.

Men kvifor?

4. september 2022 slo amerikanaren Carlsen svært overraskande i ei turnering i St. Louis, USA. Dagen etter trekte Magnus Carlsen seg og skreiv samtidig på X:

– Eg hamnar i stor trøbbel om eg seier noko, med referanse til det berømte sitatet til fotballtrenaren José Mourinho.

Hans Niemann

OMSTRIDD ANSIKT: Hans Niemann har vore ein omstridd skikkelse i sjakkmiljøet i fleire år. I 2022 skulda Magnus Carlsen han for juksing.

Foto: TIM VIZER / AFP

Verda rundt blei sitatet raskt til ei jukseskulding, og det heile toppa seg nokre dagar seinare da Carlsen gav opp eit parti mot Niemann i ei anna turnering.

Kort tid etter saksøkte Niemann både nordmannen og sjakknettstaden Chess.com. På eitt tidspunkt kravde amerikanaren over éin milliard kroner.

Sjølv om partane seinare blei samde og det aldri blei ei rettssak av konflikten, har dei ikkje møttest ved brettet sidan.

SJÅ VIDEO: Her gir Magnus Carlsen seg etter to trekk.

– Ville sett dum ut

Før nå. Fredag møtest dei i Paris til semifinalen i Speed Chess Championship. Her skal dei møtast i ein lynsjakk-variant, side om side på kvar sin PC.

Dei to har rett nok møtt kvarandre tre gonger i turneringar på Chess.com i 2024, som har enda med siger til Carlsen i to parti og remis i det tredje.

Oppgjeret der dei nå fysisk møtest, skjer nesten på dagen to år etter skandalen i St. Louis.

– Nå har Niemann blitt såpass god at Magnus berre ville sett dum ut om han nektar å møte han. Han har eigentleg ikkje noko val lenger, seier Bae om Carlsen.

– Han ville berre sete igjen med skjegget i postkassa om han boikotta dette, slår han fast.

For etter to år med skandalar og skuldingar om juks har Hans Niemann nyleg vist at han har noko i verdstoppen å gjere.

Denne gongen utan jukseskuldingar. Det har ført han til ein semifinale mot nettopp Magnus Carlsen.

– Om Magnus Carlsen ikkje hadde stilt ved brettet, ville sjakkverda tenkt at han ikkje hadde tort å møte han. Det ville neppe mannen vår vore kjent av. Han vil vere sugen på å sette skapet på plass.

Torstein Bae i NRKs studio under sjakk-VM.

– HAR IKKJE NOKO VAL: Det seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae om Magnus Carlsen som er sett opp mot Hans Niemann i semifinalen av Speed Chess Championship.

Foto: Erik Johansen / NTB

Trena med tidlegare Carlsen-hjelpar

Nyleg blei det kjent i podkasten Sjakksnakk at Jorden van Foreest, tidlegare sekundant og treningskamerat av Magnus Carlsen, har trena med den amerikanske 21-åringen.

– Eg hadde ein liten treningscamp med han. Eg tenkte at det ville vere interessant, for eg har vore litt open for Hans, avslørte nederlendaren i episoden.

Det stemmer overeins med korleis Torstein Bae opplever ryktet til Niemann anno 2024.

– Det er fleire ting som peikar på at Niemann er på veg til å bli akseptert som ein del av eliten.

– Det er interessant at dei speler saman. Niemann har lenge vore omtalt som ein «persona non grata» som ingen har vilja ha noko med å gjere.

I podkasten fortel Van Foreest om eit ganske lite personleg møte med omstridde Niemann, der dei knapt gjorde anna enn å spele litt sjakk mot kvarandre.

Van Foreest meiner Niemann kan slå alle på ein god dag.

– Hans' naturlege kjensle for spelet er utruleg høg. Han har god posisjoneringskjensle, sjølv om han innimellom kan tabbe seg ut. Personleg ser eg på meg sjølv som ein spelar med god forståing, men han utmanøvrerte meg posisjoneringsmessig. Det skjer ikkje ofte. Han har mange naturlege styrkar på grunn av det, seier han i podkasten.

Likevel gleder han seg stort til fredagen.

– Det er bra for sjakken at desse to kara med så mykje historie har ein «face-off», to år etter den berømte kampen i St. Louis.

Jorden van Foreest

TRENA MED NIEMANN: Nederlandske Jorden van Foreest har tidlegare vore tett på Magnus Carlsen men trena nyleg med erkerival Hans Niemann.

Foto: AFP

– Reell sjanse for at han kan slå Carlsen

NRK-ekspert Torstein Bae meiner vinden er i ferd med å snu for amerikanaren, og han trur Niemann faktisk kan blande seg inn i verdseliten.

– Han imponerer jo ved brettet, og det blir stadig meir uomtvisteleg at han faktisk er ein god sjakkspelar. Da kjem juksepraten litt i bakgrunnen.

– Det som er imponerande med Niemann er at han faktisk ikkje berre pratar om at han skal bli verdas beste. Det er lett. Men han gjer også jobben.

Og sjølv om nordmannen, omtalt av mange som den beste gjennom tidene, er storfavoritt, så må Bae innrømme:

– Det er ein reell sjanse for at han kan slå Carlsen. Han er spesielt god i lynsjakk, og da har han ein enda betre sjanse i dette formatet.

– Det psykologiske spelet er uvant sjølv for Carlsen her. Det er ikkje vanleg at ein har eit så aggressivt forhold til motspelaren. For Niemann er det eigentleg ein siger å ha klart å tvinge Magnus til brettet i det heile i Paris.

For ordens skyld: Duoen bak Sjakksnakk, Odin Blikra Vea og Askild Bryn, har periodevis vore knytt til NRK som sjakkekspertar.

Publisert 06.09.2024, kl. 10.00

Read Entire Article