Cuptap mot Grimsby frå nivå fire og ein rufsete start på Premier League-sesongen. Det har ikkje gått på skjener for Manchester United i sesonginnleiinga.
Søndag er det Manchester-derby og Ruben Amorims mannskap reiser til den lyseblå delen av byen for å måla krefter med Erling Braut Haaland og co.
Dei skuffande prestasjonane har gjort at fleire har spekulert i om hovudtrenar Amorims dagar i Manchester snart kan vere over, men enn så lenge sit han framleis i sjefsstolen.
Den engelske fotballeksperten Jamie Carragher meiner utsjånaden til Amorim er ein av grunnane til at han framleis har jobben.
– Hadde han ikkje vore så karismatisk på pressekonferansane og ein så kjekk mann, kunne han kanskje fått sparken tidlegare. Ser du på resultata, er dei forferdelege, seier Jamie Carragher i podkasten «The Overlap».
FOR KJEKK: Jamie Carragher trur Ruben Amorim kunne vore sparka dersom han ikkje var så karismatisk og kjekk.
Foto: Dave Thompson / AP / NTB– Gjeld nok i fotballen òg
– Det er ein ganske tabloid uttale (av Carragher). Samtidig finst det tonnevis av forsking som viser at eit fint utsjåande gir fordelar – det gjeld nok i fotballen òg.
Det seier Lasse Hønsen til NRK. Han er spesialist i organisasjonspsykologi og har god kjennskap til situasjonen i Manchester.
Hønsen meiner det er fleire årsaker til at portugisaren framleis står ved roret.
– Når det gjeld Amorim, speler sjarm, karisma og pressetekke inn, i tillegg til fallhøgda for Jim Ratcliffe (eigar) og kompani, som henta han for å få skuta på rett kjøl. Alt dette bidrar til at han ikkje får sparken trass i dårlege resultat.
TUNGE TIDER: Ruben Amorim har ikkje fått det til å stemme i Manchester.
Foto: Jason Cairnduff / Reuters / NTBHelene Tronstad Moe er forskar i arbeids- og organisasjonspsykologi på Høyskolen Kristiania.
Ho forklarer kva trekk som gir leiarar ein fordel, og fleire av dei må seiast å vere beskrivande for Manchester Uniteds hovudtrenar.
– Forsking på leiing viser at ytre karakteristikkar ofte kan påverke korleis ein leiar blir oppfatta. Faktorar som høgde, utsjånad og nærvær kan skape førsteinntrykk som blir knytt til autoritet og karisma, seier Moe til NRK.
EI REKKE FAKTORAR: Helene Tronstad Moe meiner det er mange ytre karakteristikkar som er med på å påverke korleis ein leiar blir oppfatta.
Foto: Jonatan A. Quintero / Jonatan A. QuinteroTrekker fram Obama
Det er blant anna ein stor fordel å vere høg og mørk, ifølge Moe. Forsking skal vise at det ofte er den høgaste kandidaten som vinn det amerikanske presidentvalet.
Forskaren trekker fram USAs tidlegare president, Barack Obama, som eit eksempel:
KARISMATISKE KARAR: Barack Obama og Ruben Amorim.
Foto: NTB/Tobias Hovland– Karisma er absolutt eit av dei leiartrekka ein ser går igjen når ein skal velje ein leiar: Ein som er flink til å snakke for seg, har glimt i auget, får med seg forsamlinga – men som samtidig er litt høg og mørk. Obama er eit eksempel på ein leiar med mykje karisma, seier Moe.
Ho poengterer at det ikkje berre er utsjånaden som speler ei avgjerande rolle.
– Fysiske karakteristikkar er det jo ikkje så lett å gjere noko med. Men det å øve seg på å vere veltalande, ta ordet og vise leiarskap, er eigenskapar som blir vektlagde når ein skal velje eller tilsette ein leiar.
Karismatisk og veltalande
NRKs fotballekspert, Kristoffer Løkberg, trur til liks med Hønsen og Moe at Manchester Uniteds portugisiske sjef har kjøpt seg ekstra tid gjennom veremåten.
– Det er jo veldig flåsete sagt og sett på spissen (av Carragher), men hovudpoenget er vel at Amorim har berga jobben sin på å vere ein karismatisk og veltalande type.
– Måten du ter deg på og opptrer framfor media, supporterar og styre er ein viktig del av jobben som manager. Om du er dyktig i den delen av spelet, kjøper du deg meir tid. Er du svak der, kan presset komme mykje raskare viss resultata blir borte, seier Løkberg.
EINIG: Kristoffer Løkberg trur Amorim har kjøpt seg ekstra tid ved å uttrykke karisma.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKAmorim kom med eit svært godt rykte frå Portugal etter fleire suksessrike sesongar med Sporting, men i Manchester har det ikkje fungert.
Løkberg påpeikar at det ikkje er nokon Manchester United-trenar som har fått så god tid med så lite resultat etter at Alex Ferguson gav seg i 2013.
– Det har ikkje fungert å sparke trenarar, så kvifor skal det gå betre neste gong? spør NRKs ekspert retorisk før han fortset:
– Han har overtydd dei over seg i klubben om at dette er ein oppryddingsjobb som krev tolmod. Han har selt inn plan og idé til dei viktigaste i klubben, og så står det att om han klarer å selje inn ideen like bra til garderoben.
– Får ikkje heile sesongen
Men sjølv om Amorim så langt har fått tid til å snu skuta, må det skje noko raskt dersom portugisaren skal få sitte vidare i jobben.
– Han får ikkje heile sesongen uansett. Det må visast prestasjonsforbetring raskt. Statistikken på talet på poeng per kamp er horribel. Dersom den ikkje trendar kraftig oppover, er ikkje Ruben Amorim Manchester United-manager etter jul, seier Løkberg.
Etter ligatittelen i 2012/13-sesongen, har Manchester United slite med å finne tilbake til gammal stordom.
Ei rekke trenarar har prøvd utan hell.
– Etter Ferguson har dei gått i alle moglege retningar, utan nokon raud tråd. Skal dei lykkast framover, må dei slutte å endre kurs totalt kvar gong dei byter trenar, understrekar Løkberg.
Utrolige bilder etter spektakulært fall 00:49
Publisert 14.09.2025, kl. 16.01