May Irene døde av forgiftning – ektemann nekter straffskuld

1 month ago 41



Han erklærte seg skuldig i å ha medverka til at ho døydde ved å ha kjøpt tablettane.

Kona døydde 29. juni i Ørland kommune, 74 år gamal.

Obduksjonen viste at ho hadde ein dødeleg overdose med morfin i kroppen.

Ektemannen vart pågripen 4. juli og sikta for drap.

Seinare vart han også sikta for drapsforsøk då det viste seg at kona hadde vore innlagd på sjukehus i februar for det same.

Kona bad om hjelp til å døy, ifølgje tiltalte

Seinare i dag startar tiltalte med å forklare seg i Trøndelag tingrett.

Før det går aktor gjennom ein del av etterforskinga og kvifor påtalemakta meiner det er snakk om eit drap.

–Denne saka dreier seg om kva rolle tiltalte spelte i dødsfallet til avdøde, sa aktor.

Tiltalte i slutten av 60-åra har erkjent at han skaffa smertestillande tablettar som vart funne i kroppen hennar.

Derfor erklærte han seg måndag skuldig i alternativet i drapstiltalen, paragraf 277, å ha medverka til at kona tok sjølvmord.

Kona hadde Parkinson pluss også kalla atypisk parkinsonisme.

Etter at ho døydde, har tiltalte fortalt at ho var deprimert og ønska å døy.

Ho bad han om å skaffe tablettar noko han gjorde ved fleire høve. Men han nektar for å ha hjelpt henne med å ta dei.

Aktor, førstestatsadvokat Unni Sandøy, vil i rettssaka belyse korleis sjukdomen til avdøde var og korleis ho levde med den.

Fleire som kjende avdøde skal vitne om korleis ho hadde det. Det same skal helsepersonell og lege som var i kontakt med henne mens ho levde.

Ein av dei fremste ekspertane på Parkinson i Noreg, overlege og professor i nevrologi, Charalampos Tzoulis, skal også vitne.

Politiet fekk tips om narkokjøp før kona vart innlagd

Nyleg kunne NRK fortelje at politiet fekk tips om at tiltalte hadde kontakta narkotikamiljøet i Trondheim fordi han ville hjelpe ein ven med å døy.

Tipset kom til politiet i byrjinga av januar 2023, men vart ikkje registrert.

Då kvinna vart innlagd medvitslaus i februar, hadde dermed ikkje politiet opplysningane om narkokjøpet til ektemannen.

Mens kvinna låg på sjukehuset i februar gjorde eit familiemedlem eit lydopptak med kvinna.

Kvinna vart overraska over å høyre at det var funne morfin i kroppen hennar.

– Ho lurte på om nokon var ute etter å ta livet av henne, har politiadvokat Ole Andreas Aftret fortalt seinare.

Lydopptaket skal spelast av i retten der dei to sønene hennar også skal vitne.

Dei meiner mora hadde avfunne seg med sjukdomen og at ho ikkje ville døy.

Vibeke Meland

-Vanskeleg for dei etterlatne å vere budd på ei rettssak om noko så alvorleg og omfattande. Det seier Vibeke Meland, bistandsadvokat for dei to barna og faren til avdøde.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

– Sønene er glade for at saka no er i gang.

Det er vanskeleg å vere budd på noko så alvorleg og omfattande som ei sak om drap på deira eiga mor. Det seier bistandsadvokat Vibeke eland til NRK.

Men dei har gjort det etter beste evne ut frå den vanskelege situasjonen dei er i, seier bistandsadvokaten.

Ikkje bevis på «dødspakt»

Ektemannen har ikkje noko konkret bevis for at kona ville døy og at ho bad mannen om hjelp.

– Ho hadde tatt det valet ho hadde tatt og hadde ikkje lyst til å bli så sjuk som ein kan bli av sjukdomen, seier forsvarer Kristina Jørgensen til NRK.

– Det var unaturleg for dei å sette seg ned og skrive ein kontrakt på det. Det var ein avtale dei hadde seg imellom.

Dei hadde ikkje tenkt å dele dette med nokon, seier forsvararen.

Også ho skal føre fleire vitne som av avdøde og tiltalte.

Analyse av tekniske funn på åstaden viser ørsmå spor av morfintablettar i knust form. Dette er allereie kjent gjennom dokument frå fengslingsmøte.

Kripos har analysert naudsamtalen som tiltalte hadde med AMK-sentralen då han fann kona livlaus.

Den skal spelast av i retten neste veke.

Samtalen varer i 20 minutt mens tiltalte freistar å gjenopplive kona etter at ho fekk hjartestans som enda med døden 29. juni.

Kristina Jørgensen

Kristina Jørgensen er ein av dei to forsvararane for tiltalte. Han kjøpte tablettane, men hadde ikkje noko meir å gjere med dødsfallet, seier Jørgensen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Drap eller aktiv dødshjelp?

Det er påtalemakta som må bevise at dette er snakk om eit drap og ikkje aktiv dødshjelp. Det siste er også straffbart i Noreg.

I tiltalen frå Riksadvokaten er også paragraf 276 om aktiv dødshjelp nemnt.

Den seier at dersom den døde har samtykka, så kan tiltalte få lågare straff enn åtte år som er minstestraffa for drap.

Dette blir også eit tema for påtalemakta.

– Kan ein bli dømt for aktiv dødshjelp i staden for drap, når det ikkje finst noko bevis for ein avtale mellom partane?

– Det kan ein. På vanleg måte så er det jo påtalemakta som må bevise at det ikkje var ein slik avtale, seier Sandøy til NRK.

Det er sett av over to veker til rettssaka i Trøndelag tingrett.

Read Entire Article