Måtte ta pause i retten – tiltalte bad domaren halde kjeft

1 month ago 24



Allereie før retten var sat hadde kvinna fleire utfall der ho gjentok at ho ville ha dottera sin tilbake.

Barnet blei tatt frå henne like etter fødselen og dette har tiltalte tatt svært tungt.

Tiltalte hadde fleire sinneutbrot også då retten vart sett.

Da domaren forsøkte å lese opp rettane hennar, eskalerte situasjonen og domar Inger Størseth bestemte å ta ti minutts pause.

Etter pausen heldt tiltalte fram med utfalla mot domaren og rettssystemet. Ho kalla domaren mellom anna ein «useless coward» – ein ubrukeleg feiging.

Retten bestemte at tiltalte skulle førast til eit anna rom der ho kan følgje saka vidare.

Tiltalt for drapsforsøk

Tilbake i november skal kvinna (42) ha oppsøkt helsestasjonen for å få vete kvar ungen hennar er.

Ho skal ifølge tiltalen ha brukt både kniv og barberblad, og er tiltalt for drapsforsøk.

Dei to tilsette som vart skadde vart dregne inn på eit anna rom etter angrepet.

Den eine vart angripen i halsen med barberblad, den andre i lår og bein med ein kniv, ifølgje tiltalen.

Begge fekk fleire skader og den eine er framleis sjukmeld.

Statsadvokaten meiner kvinna skal dømmes til tvungent psykisk helsevern.

Kvinna kom til Noreg som asylsøkar frå eit land i Afrika.

Ho var gravid då ho kom, opplyste aktor, statsadvokat Kaia Strandjord, i innleiingsforedraget sitt.

To gonger har ho vore innlagd ved psykiatrisk sjukehus slik at det kunne avgjerast om ho er strafferettsleg tilrekneleg.

Aktor opplyste at dei sakkunnige har hatt vanskar med å observere henne.

Men dei har kome til at ho har ein psykose og dermed ikkje kan straffast med fengsel.

Arve Røli og Tore Angen

Arve Røli og Tore Angen forsvarer kvinna.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

Ikkje mogeleg å få svar på straffskuld

Forsvarar Tore Angen snakka med tiltalte på det andre rommet for å få avklart om ho erklærer seg skuldig eller ikkje.

Angen kom tilbake til retten og opplyste at det ikkje var mogeleg å få eit tilfredsstillande svar frå kvinna.

Ho har sete i varetekt sidan november i fjor.

I fengslingsmøta har ho nekta straffskuld og sagt at det var dei tilsette som angreip henne.

Under eit fengslingsmøte i Trøndelag tingrett i februar måtte kvinna fjernast frå retten etter å ha kome med fleire verbale utbrot.

Ho reagerte då aktor varsla at sikta måtte leggast inn på psykiatrisk sjukehus for å avgjere om ho er strafferettsleg tilrekneleg.

Filma då dei kom ut frå brannstaden

Kvinna er også tiltalt for å ha sett fyr på publikumsmottaket ved Nav Falkenborg i Trondheim i mai i fjor.

Ho og mannen hennar hadde med seg brennbar væske og mellom anna ein sofa tok fyr.

Tilsette ved Nav var vitne til det som skjedde.

En sofa har fått brannskader etter å ha blitt tent på på NAV Falkenborg i Trondheim.

Brannen ved Nav Falkenborg i mai 2023

Foto: Morten Andersen / NRK

I retten viste aktor film frå butikken der tiltalte og mannen kjøpte fire flasker tennvæske kort tid før brannen.

Mens det brann kjem tiltalte og mannen ut frå mottaket og blir filma av tilsette. På videoen som vart vist i retten er det tydeleg at tiltalte veit ho blir filma og at ho ikkje har noko imot det.

Mottaket måtte halde stengt i fleire månader på grunn av brann- og vasskadar.

Etter brannstiftinga på Nav, drog dei to til ein annan butikk og kjøpte fire nye flasker med tennvæske. Videoen frå butikken vart også vist i retten.

Aktor opplyste at påtalemakta ikkje veit kvar dei to drog etterpå.

Dei vart pågripne seinare same dagen.

Publisert 26.08.2024, kl. 10.55 Oppdatert 26.08.2024, kl. 11.08

Read Entire Article