Høgsterett: Forbyr MC-klubben Satudarah

1 month ago 20



Høgsterett har kome fram til at Satudarah MC er ei kriminell samanslutning, og er forbode, skriv dei i ei pressemelding.

Dei stadfestar med det avgjerda til tingretten.

Motorsykkelklubben er også forbode i Tyskland og Nederland.

Høgsterett legg til grunn at deltakarar i klubben fleire gongar har gjort alvorlege lovbrot som kan skape frykt i samfunnet. Forbodet er naudsynt for å kunne førebyggje slik kriminalitet.

Sjølv om klubben omtalar seg sjølv som ein MC-klubb som er open for minoritetar, meiner Høgsterett at interessa for motorsyklar verkar å vere underordna.

Høgsterett seier at dei to avdelingane i Stavanger og Oslo må bli vurdert som ei samanslutning, som igjen er ein del av ei internasjonal samanslutning.

Read Entire Article