Nesten kvar måndag fekk helsesjukepleiarane besøk av elevar som hadde vore utsette for festrelaterte overgrep.
Størsteparten av dei var jenter.
Ved somme tilfelle måtte dei køyre jentene til overgrepsmottaket.
Ofte var dei utsette for overgrep av jamaldra og venner, eller nokon dei kjente til.
Så å seie alltid var det alkohol involvert i historiene.
– Da tenkte vi at vi måtte jobbe førebyggande, seier helsesjukepleiar Kim Haave.
Greitt å seie nei
Helsesjukepleiar Birgitte Trollsaas fortel at mange elevar kjem til ho og fortel at dei ha gått med på seksuell aktivitet dei eigentleg ikkje har lyst til å vere med på.
– Det er frykteleg trist. Det er så viktig at ungdommen lærer at det er greitt å seie nei, seier Trollsaas.
På grunn av erfaringane helsesjukepleiarane hadde, valde dei å lage eit opplegg for førsteklasse på Horten vidaregåande skole.
Der snakkar dei om grensesetting, samtykke og har ein liten bolk om prevensjon. Elevane får fleire ulike casar, der dei saman skal diskutere og reflektere.
Lærarane kan melde på klassen sin som ein del av «Livsmeistrings-faget».
Ei kartlegging frå Sex og samfunn viser at dei fleste elevar ønsker seg meir og betre seksualitetsundervisning i skolen. Det blir blant anna peika på at undervisninga varierer i for stor grad.
Elevane i Horten seier dei er glad for at dei får den undervisninga, og poengterer at dette er viktig.
Michelle Flåten Barosen (15)
– Det er veldig viktig for ungdom. Mange som har spørsmål, men ikkje tørr å spørje om sånt. Vi hadde litt seksualundervisning på barne- og ungdomsskulen, men då tok ikkje folk det så seriøst og vi lærte ikkje så mykje om det som det vi gjorde her.
Mariam Mukthar (16)
– Det er mange unge som lurer på samtykke om sex, og det er mange som ser på porno, i staden for å spørje om hjelp. Det er veldig fint at vi har nokon som snakkar om det på skulen vår.
Hovudtyngda av opplegget handlar om korleis elevane betre kan teke i vare grensene sine når dei er på fest, fortel Trollsaas.
– Vi ser på det som veldig viktig for å førebygge. Det å bli utsett for eit overgrep kan skape store problem for dei seinare, legg Haave til.
Dekker god psykisk og fysisk helse
I dagens læreplan på vidaregåande skole går seksualitetsundervisninga under «Folkehelse og livsmeistring».
Der står det at elevane skal få kompetanse som dekker god psykisk og fysisk helse.
Dei aktuelle temaa innanfor området handlar blant anna om levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk og liknande.
Meir seksualitetsundervisning
16 prosent av jenter og 4 prosent av gutar i vidaregåande skole har blitt utsette for eit overgrep, viser tal frå Helsedirektoratet.
Det svarer omtrent til fem jenter og ein gut i ein klasse på 30 personar.
Sex og Politikk leverer kursmateriell til halvparten av norske skolar. Vilde Graff Senje er teamleiar for seksualitetsundervisning, i tillegg er ho lærer.
– Vi skulle ønske at det var nokre tema innanfor seksualitetsundervisning som var meir eksplisitt formulert.
NRK har tatt kontakt med fleire vidaregåande skolar. Svara viser at det er ganske ulikt kva dei ulike skolane har om seksualitetsundervisning.
– Er det ingen vaksne på jobb?
Seksualitetsundervisning er omtrent fråverande i alle budsjettpostar i statsbudsjettet for 2025. Det skuffar medarbeidarane i kontorlokala til Sex og politikk.
– Vi spør ganske klart og tydeleg om det eigentleg er nokon vaksne på jobb, seier Graff Senje.
Både kvinnehelseutvalet og valdtektsutvalet har formidla at det trengst støtte og midlar til eit løft i seksualitetsundervisninga.
– Det er konkrete tiltak for det. Så vi set spørsmålsteikn ved at det ikkje har fått ei større prioritering i budsjettet i år.
Kunnskapsdepartementet ønsker ikkje å stille til intervju i denne saka. Men skriv i ein e-post at undervisninga ikkje skal vere lik overalt.
– Det viktigaste er at lærarane og skolane kan tilpasse undervisningsopplegget, og tar opp aktuelle utfordringar, skriv statssekretær Sindre Lysø.
Han synest det er flott at helsesjukepleiarane bidrar i undervisninga i folkehelse og livsmeistring, slik dei gjer i Horten.
Viktig ledd i det førebyggande arbeidet
Eit av dei største folkehelseproblema som unge menneske møter i Noreg, er faren for å bli utsett for overgrep, fortel Graff Senje i Sex og politikk.
– Derfor er undervisninga eit utruleg viktig ledd i det førebyggande arbeidet. I tillegg ønsker vi å rette fokus på det vi kallar positiv seksualitet.
Det handlar om å bygge opp positive kjensler rundt eigen kropp og eige sjølvbilde, og lære seg om grensene sine.
– Viss ein lærer seg om dei, så lærer ein i større grad å kunne respektere andres.
I Horten håpar helsesjukepleiarane at undervisningsopplegget vil gjere elevane tryggare.
– Vi håper at ungdommane blir opptatt av å ta vare på kvarandre. Det kan også vere at det blir enklare å be om hjelp når det trengst, seier Trollsaas.
Hei!
Har du tips til denne saka eller innspel til noko anna i samband med seksualitetsundervisning i skulen?
Publisert 22.10.2024, kl. 19.18