Ken Henrik er aleine om nynorsken – no vil fylket språket til livs

2 hours ago 3



– Medelevane mine likar ikkje nynorsk, dei gruar seg til eksamen. Dersom nynorsken blir valfri, kan det gjere skulen mindre stressande for folk. Det er ein bra ting, eigentleg.

Det seier Ken Henrik Kvingedal (17).

Ifølgje Nordland fylkeskommune er det ingen nynorskelevar på vidaregåande skule i Nordland.

Bortsett frå Kvingedal.

No vil Nordland fylkeskommune at elevane i Nordland skal få sleppe å lære seg språket Ken Henrik føretrekkjer.

Ein elendig idé, meiner Språkrådet.

Ken Henrik Kvingedal, ved Andøy videregående skole

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Forståelsen for dialekter vil svekkast

Kvingedal kjem frå Masfjorden i Vestland. Han har flytta til Andenes for å studere romteknologi på Andenes vidaregåande skule.

Saman med andre elevar lærer han seg å skyte opp rakettar i verdsrommet.

Men medan dei andre elevane skriv «eg synest romfart er spennande og utfordrande», skriv han «eg synest romfart er spennande og utfordrande.»

– Eg har skrive nynorsk heile livet. Tar dei vekk nynorsken, så tenkjer eg at forståinga for dialekten òg svekkast, seier Kvingedal til NRK.

Antal elevar med nynorsk som hovudmål:

Allereie i fjor byrja lokalpolitikarane i Nordland å leike med tanken om å skrote nynorsk i vidaregåande skule.

Onsdag skal saka opp på fylkestinget. Politikarane skal stemme over om dei skal søkje om å bli prøvefylke for valfritt sidemål.

Sist eit slikt forsøk blei gjort, var for 17 år sidan i Oslo.

– Med denne saka vil vi gje elevane litt meir valfridom i skuledagen. Vi vil sjå om vi kan auke dei faglege prestasjonane i norskfaget dersom ein kan velje bort sidemålet, seier fylkesråd for utdanning og kompetanse i Nordland, Joakim Sennesvik.

Joakim Sennesvik, Høyre

Joakim Sennesvik meiner elevane kan få meir tid til overs dersom dei slepp to språk.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

Han legg til:

Vi ønskjer å sjå om dette kan skape høgare motivasjon, og vi håpar det kan bidra til å auke gjennomføringa i vidaregåande skule,

Uheldig, er den klare beskjeden frå Språkrådet.

Antal elevar med bokmål som hovudmål har økt:

Norsk er to språk

– Den norske språkpolitikken legg til grunn at norsk er bokmål og nynorsk, seier Åse Wetås.

Direktøren i Språkrådet er krystallklar.

Norsk er både bokmål og nynorsk, ikkje berre eitt av dei to.

– Vi har to norske skriftkulturar, ein for bokmål og ein for nynorsk. Det er intensjonen at alle elevar i vidaregåande skule, når dei har faget norsk, skal bli kjende med begge språka og skriftkulturane.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås i blå blazer

– Det er veldig viktig å fokusere meir på norskfaget, men norsk er både bokmål og nynorsk, seier Åse Wetås.

Foto: Oda Hveem

– Kan ein ikkje bli kjend med nynorsk utan å ha det som fag?

– Det trur ikkje eg vil vere så enkelt å få til. Dersom ein ikkje skal ha eit av språka, vil det vere vanskeleg å finne plass til det i undervisinga.

– Kva fryktar du eit slikt vedtak kan føre til?

– Det vil gjere at ikkje alle elevane blir kjende med begge dei norske skriftspråka. Det kan verke som eit hinder i seinare yrkesutøving, svarar direktøren og legg til:

– Å ta vekk det eine skriftspråket trur eg på ingen måte vil gjere elevane til meir kompetente norskbrukarar.

Må lære å skrive

Gun Rydland er lektor i norsk ved Andøy vidaregåande skule, og er lærar til Ken Henrik Kvingedal.

Gunn Rydland, lektor ved Andøy videregående skole

Gunn Rydland, lektor ved Andøy vidaregåande skole.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ho er på lang veg einig med direktøren i Språkrådet.

– Eg trur det vil minske språkopplæringa dersom dei ikkje skal lære å skrive nynorsk. Det nyttar ikkje berre å lese og lære om språkhistoria, eg trur dei må lære å skrive nynorsk.

Rydland understrekar at det er to skriftspråk i Noreg, og at det å ta bort karakteren kunne forenkla undervisninga for nokon.

– Dersom ein flyttar på seg, til dømes til Volda eller Vestland, er nynorsk hovudmålet. Då trur eg det er veldig fint å vite korleis språket er bygd opp.

Ken Henrik Kvingedal, elev ved Andøy videregående skole

Ken Henrik Kvingedal studerer romteknologi på Andenes vidaregåande skule. Dei andre medelevane har bokmål, mens han har nynorsk.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Onsdag vedtar truleg Nordland fylkesråd at dei vil gå for ei løysing utan to språk.

Joakim Sennesvik argumenterer for at elevane då får fordjupe seg i hovudmålet.

– Språkrådet meiner det vil minske norskopplæringa. Kva tenkjer du om det?

– Vårt utgangspunkt er å forsøke å auke motivasjonen for hovudmålet. Det er mange elevar som har lese- og skrivevanskar. Nokon får fritak, men det er ikkje alle som har nok lese- og skrivevanskar til å få fritak.

Han legg til:

– Det er 20 år sidan Oslo sette i gang den førre prøveordninga. Vi meiner det har skjedd mykje med norsk skule og elevane våre som talar for at vi kan prøve dette på nytt no i 2024.

Publisert 22.10.2024, kl. 20.43

Read Entire Article