Arvegodset støva ned i stovekroken. Men så oppdaga dei signaturen.

4 hours ago 6



– Eg fekk gåsehud! Eg fekk lyst til å seie hurra! Og ringe til folk og seie «sjå kva som har skjedd»!

I fleire tiår har kurator og kunsthistorikar Jorunn Veiteberg leita etter aktfiguren «Badande kvinne/Ein krabbe» av bergensaren Ambrosia Tønnesen.

– Ambrosia Tønnesen er viktig for kunsthistoria og ein modell for kvinner, for kva kvinner kan og kunne, seier Veiteberg.

Førre veke opna Kode kunstmuseum den største utstillinga om ho nokosinne.

Sentralt plassert er eit sjeldan verk som ingen visste om.

En krabbe

«Ein krabbe» står midt i rommet i utstillinga av Ambrosia Tønnesens verk ved Kode Kunstmuseum i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Tilfeldig at dei oppdaga kunstnaren

Den vesle, men tunge marmorskulpturen har i mange år støva ned i ein krok hjå ein familie på Austlandet. Dei ønsker å vere anonyme, men har fortalt om funnet til museet.

Under ei reingjeringsøkt snudde dei litt på arvegodset og oppdaga tilfeldigvis signaturen på baksida:

«Ambrosia Tønnesen, Paris, 1892.»

Eit nettsøk på namnet gjorde at dei kom over museet si etterlysing av verk av kunstnaren. Så tok dei kontakt.

– Vi skjønte raskt at vi stod ovanfor eit hittil ukjent verk som vi svært gjerne ville låne inn, fortel Kode-kurator Tove Haugsbø.

Eigarane blei overraska då dei skjøna at skulpturen var laga av ein så sentral kunstnar.

Ambrosia Tønnesen

Ambrosia Tønnesen (1859-1948) var Noregs første profesjonelle kvinnelege billedhoggar.

Ho var tidleg ute med å klippe håret kort.

Utstilling av Ambrosia Tønnesens verk på Permanenten ved Kode kunstmuseum, Bergen. Ho studerte aktmodellering på privat akademi i Paris.

Ambrosia måtte dra til eit privat akademi i Paris for å få lov til å studere aktmodellar. Det sømte seg ikkje for kvinner å gjere elles.

Amborisa Tønnesen

Ho braut også med dåtidas kjolemote for kvinner, og gjekk gjerne i sykkelbukser. Det gjorde jobben enklare.

Her med statue av målaren J. C. Dahl.

På fasaden en skulptur Ambrosia har laga av landskapsmålar J C Dahls. Utstilling av Ambrosia Tønnesens verk på Permanenten ved Kode kunstmuseum, Bergen

J. C. Dahl sit no på fasaden av museumsbygget Permanenten i Bergen.

Ambrosia Tønnesen

Sjølv om ho var fødd i Ålesund i 1859, budde og jobba Ambrosia store delar av livet i Bergen. Ho var også periodar i Paris, København og Berlin.

Synnøve des Bouvrie

Familien sa seg villig til å låne ut den vesle kvinna og krabben. Museet står for transportkostnadar og handsaming.

– Den veg i alle fall 30 kilo, seier Ole Morten Schau.

Museumsteknikaren har på seg plasthanskar når han forsiktig skal løfte den tunge skulpturen opp på den gule sokkelen.

Ingen fingeravtrykk med hudfeitt eller skitt skal på kunstverka.

Krabben

Museumsteknikar Ole Morten Schau måler for å sikre best plassering av plastbiten skulpturen skal stå på for å vernast mot den gule målinga. Kurator Tove Haugsbø følger med.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Når skulpturen er på plass, sjekkar kurator Tove Haugsbø korleis lyset fell og forholdet til andre utstilte verk. Ho smiler oppglødd.

– Den står så fint! For oss har dette vore eit av høgdepunkta i arbeidet med Tønnesen!

Det er veldig unikt at vi har oppdaga krabben, fått den med i utstillinga, og at det er eit av dei få verka frå Paris-tida med eksakt datering, seier Haugsbø.

Hjørdis og Krabben

Bak «Ein krabbe» står hemnlystne «Hjørdis», eit av dei mindre vanlege verka til Tønnesen. Ho er på veg til å drepe ein mann. Verket er inspirert av Ibsens hærmennene frå Helgeland.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Klassisk aktstudie

Kurator Jorunn Veiteberg trudde lenge at «Ein krabbe» berre var ein variant av eit anna verk som heitte «Ei badande kvinne».

For til no var krabben berre noko dei fann spor av i notata til kunstnaren, mens dei har foto av den badande kvinna.

Men så kom telefonen frå familien austpå.

– No er det tydeleg at det er to forskjellige verk. Vi ser at det er ei kvinne som er i ferd med å skulle gå ut og bade, og så ser ho ein krabbe: Åh, det var skummelt, fortel Veiteberg.

– Det er ein klassisk aktstudie, ho spenner eine foten og motsette sida av overkroppen.

Eit typisk trekk ved skulpturane til Tønnesen er at dei fangar augneblinken før noko skjer, meiner Haugsbø.

– Krabben er på veg, kanskje vil den bite i tåa, men det er akkurat augneblinken når ho trekker seg unna, seier ho.

Framleis leitar kuratorane etter den badande kvinna - utan krabbe.

Det sjeldne verket Krabben. Utstilling av Ambrosia Tønnesens verk på Permanenten ved Kode kunstmuseum, Bergen

Ved foten til kvinna luskar ein krabbe.

Det sjeldne verket Krabben. Utstilling av Ambrosia Tønnesens verk på Permanenten ved Kode kunstmuseum, Bergen

Kvinna er skeptisk til krabben.

Hånd og fingre som er knekt av En krabbe-statuen til Ambrosia Tønnesen ein gong for lenge sidan.

Kvinna manglar nokre fingrar. Det er uvisst kva som har skjedd ein gong for lenge sidan. Museet vurderer om dei skal lime dei på att.

Fekk kvinner på sokkel

I utstillinga som opna torsdag kveld kan publikum også sjå andre skulpturar, måleri, relieff og byster. Til våren skal Bergen kommune også heidre Ambrosia med eit eige kunstverk.

Ambrosia Tønnesen var oppteken av å vere naturtru, og har ikkje den store kontroversielle kunstnarskapen.

Men ho fekk kvinnene opp på sokkel.

– Ho er den som portretterer Camilla Collett, Amalie Skram, Gina Krogh. Nokre av dei andre kunstnarane og kvinnesakskvinner som gjekk i fronten for stemmerett og jobb for kvinner, seier Veiteberg.

  • Edvard Grieg

    Edvard Grieg sat modell for bysten av seg sjølv. Det vil seie, Ambrosia bad han gå rundt om kring i rommet, og ikkje sitte i ro.

  • Relieff

    Eit av fleire relieff med stor detaljrikdom. Fleire slik er på gravplassar rundtom i Bergen.

  • Byster

    Byster var ofte bestillingsverk.

  • Ole Bull

    Ole Bull-statue lånt ut av Den Nationale Scene i Bergen.

  • Sjølvportrett Ambrosia Tønnesen

    Sjølvportrett av kunstnaren sjølv.

Publisert 22.10.2024, kl. 21.13

Read Entire Article