Måtte ete på eige rom i barnehagen: – Det var ikkje heilt bra

3 hours ago 6



– Det er sjukt høgt, for å sei det sånn. Det er å jukse for og vinne. Han lurte bror sin bra då han var yngre. Han endra reglane undervegs, slik at han alltid vann, fortel pappa Thomas og mamma Tonje Grøndahl.

Foreldra til Noregs playmaker Tobias Grøndahl har begge spelt handball på høgt nivå og meiner at det sterke konkurranseinstinktet til sonen, har ført han dit han er i dag.

Under landslagstrenar Jonas Wille har bærumsguten fått ei stadig viktigare rolle i det norske laget.

Men alt i barnehagen utmerka 23-åringen seg.

– Han hamna på eige rom til slutt under etinga. Det var om å gjere å ete opp først saman med han eine kompisen sin. Så det var ikkje heilt bra, minnast pappa.

 Danmark - Norge

PLAYMAKER: Tobias Grøndahl i aksjon for Noreg.

Foto: Bo Amstrup / Ritzau Scanpix / NTB

Historia vart først omtalt i eit intervju med Norsk Topphåndball. Tobias Grøndahl huskar episoden frå barnehagen godt.

– Dei barnehagetilsette meinte at det ikkje var bra at ungane åt opp maten så raskt, så eg og kompisen min måtte rett og slett ete på aleinerom annankvar dag.

Sjølv synst unge Tobias at det berre var gøy å bli plassert for seg sjølv, då nista skulle setjast til livs.

– Eg åt like raskt uansett, og så var det førstemann ut og sjå kven som hadde ete opp først. Det var vanskeleg å stoppe konkurranseinstinktet mitt i barnehagen. Eg trur ikkje det var mange som synst det var gøy å ha meg som ein liten barnehageunge.

Han er rask med å leggje til at det har blitt betre med åra.

– Eg toler å tape no.

Knust spegel, grining og sutring.

Også i heimen fekk dei merke den ekstreme viljen til å konkurrere. Stova og kjøken vart gjort om til fotballarena for Tobias og veslebror Theodor, som i dag spelar på elitelaget til Haslum.

– Det har gått nokon glas og lysestakar. Vi har berre ein av kvar av veldig mykje, for å sei det sånn, fortel Tonje.

Møtte helten

FORBILDE: Handballspelar Erlend Mamelund var det store førebilete for brørne Tobias og Theodor.

Foto: Privat /

Kjøkendørene med spegel vart gjerne nytta som mål.

– Dei er øydelagt omtrent alle som ein. Men vi let dei halde på. Eg synst det var flott, seier mor med eit smil.

Likevel var det enkelte gonger dei måtte setje ned foten.

– Det verste vi kunne ta frå han då han var liten, var jo treninga, dersom han ikkje oppførte seg.

Med eit brennande konkurranseinstinkt var det ikkje alltid berre triveleg å køyre heim frå kamp.

– Det var grining og det var sutring. Han var jo 12 til 13 år og nedover. Jævlig forbanna. Det er vel meir at han er forbanna på seg sjølv, for at dei ikkje vann kampen. Han er ikkje bra på å tape altså, fortel pappa.

Han understrekar at sonen har blitt klokare med åra.

Velsigna av Sagosen

Grøndahl står bokført med 131 mål på sine 46 kampar for Noreg før VM startar på heimebane onsdag.

Frå og vere ein av ein Elverum sin beste spelarar i mange åra, pakka 23-åringen treningsbagen og meldte overgang til danske GOG etter OL i sommar.

Der var han gjenforeina med landslagskompis Alexander Blonz.

– Han har vel tatt den posisjonen litt sjølv gjennom den personen han er. Og så har han jo fått lov til å ta den av alle desse rutinerte spelarane rundt han. Eg trur at om Sagosen ikkje hadde godkjent det, så hadde han ikkje hatt den posisjonen han har i dag heller, meiner mamma Tonje.

EM-kvalifisering håndball, herrer, Serbia - Norge

RADARPAR: Tobias Grøndahl og Sander Sagosen er ein farleg duo for Noreg.

Foto: Nikola Krstic / NTB

Konkurranseinstinktet meiner dei to at han har arva frå begge foreldra. Dei skjønte tidleg at han hadde det vesle ekstra som ein toppidrettsutøvar må ha.

– Det gjer at han har fått den posisjonen kanskje mykje raskare enn eg hadde trudd. Det er litt surrealistisk på ein måte, i alle fall i forhold til størrelsen hans. Men han har eit heilt vanvettig handballhovud, påpeikar pappa Thomas.

Handball-VM blir spelt i Noreg, Danmark og Kroatia. Onsdag 15. januar kl. 20.30 møter Noreg Brasil på Fornebu i Bærum kommune. Alle Noregs kampar kan du høyre hjå NRK Radio.

Sommer OL i Paris 2024

TAP: Tobias Grøndahl har ifølgje foreldra eit anstrengt forhold til å tape.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Publisert 15.01.2025, kl. 10.52

Read Entire Article