Marthe får ikkje gi blod fordi mannen hennar er somalisk – men han får gi blod

1 month ago 33



Marthe Svantesvold er fødd og oppvakse i Noreg.

Ho er gift med ein mann som er fødd i Somalia, som ikkje har vore der på 10 år.

Difor får mannen til Marthe gi blod om han vil. Men Marthe får ikkje.

Ho er nemleg i risikogruppe for å bli smitta av eigen mann.

– Det å stemple nokon grupper, om det er homofile eller folk frå andre landegrupper, som sannsynlege for utruskap når dei er i langvarige forhold er tvilsamt, seier Svantesvold.

Blodbanken seier at dette viser problema med dagens regelverk, men Helsedirektoratet meiner kriteria må vere så strenge.

– Eg blei overraska

Marthe Svantesvold og mannen hadde vore gift i tre år då ho bestilte time for å gi blod.

Han hadde då vore i Noreg i 10 år, utan å dra til Somalia der han kjem frå.

Difor møtte Svantesvold opp til timen i god tru om at ho kunne gi blod.

Men sjukepleiaren som skulle ta blodprøva fortalde at det ikkje var tilfelle.

– Ho sa det handla om at eg var gift med ein mann som kjem frå eit risikoland.

Marthe Svantesvold står foran ein brun vegg. Ho har lyst hår og blå øyne og har på seg ein kjole med blomstermønster

Marthe Svantesvold er også folkehelsekoordinator i Haugesund kommune. Difor blei ho ekstra overraska over det strenge regelverket i blodbanken.

Foto: Marthe Svantesvold / privat

Blodbanken rekna med at han reiste til heimlandet sitt imellom og difor var meir utsett for smitte.

– Det var litt som eit slag i trynet.

Likevel aksepterte ho svaret der og då, og tusla ut igjen. Men seinare begynte ho å undre seg.

– Eg forstår at det òg kan handle om hepatitt som kan smitte på fleire måtar når ein er på reise. Men det meste som han kan smitte meg med er gjennom seksuell kontakt, seier Svantesvold.

Blodbanken: – Heilt bakvent

Og det er ikkje berre Svantesvold i Haugesund som har lurt på kvifor regelen er slik.

Lise Sofie H. Nissen-Meyer, seksjonsleiar for blodgiving ved Blodbanken på Ullevål sjukehus i Oslo fortel at dette regelverket har vore uendra i vore mange år.

– Mine forsøk på å spørje kvifor det er slik har ikkje gitt gode svar, seier ho.

Lise Sofie H. Nissen-Meyer, seksjonsleder for blodgivning ved Blodbanken på Ullevål sykehus i Oslo.

Lise Sofie H. Nissen-Meyer ved Blodbanken i Oslo seier at regelen ikkje har botn i korkje rasisme eller antaking om utruskap: – I Blodbanken forheld vi oss til risiko, ikkje rase.

Foto: Nadir Alam / NRK

– At han kan gi blod og ikkje ho er så klart heilt bakvent og eit utilsikta utslag av regelen.

I 2019 blei det foreslått å endre rettleiaren for blodgiving. Det var på høyring i 2019, men kom ikkje igjennom.

– Vi ser fram til at den skal bli fjerna. Vi trur dette gjeld ein stor gruppe potensielle givarar, seier ho.

En bioingeniør tapper blod fra en beholder inn i en sprøyte.

Blodet til folk sør for Sahara blir testa meir enn anna blod. Difor får folk frå desse landa lov til å gi blod etter ein karantene på 5 år.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Kvar ektefelle kan vere utru kor som helst

Marthe Svantesvold opplever svaret ho fekk då ho ville gi blod som ein slags meining om utruskap.

– I dagens samfunn reiser alle veldig mykje. Eg tenkjer at ein kvar ektefelle kan vere utru kor som helst i verda kva tid som helst.

– Så at det er meir sannsynleg at nokon er utru enn andre er noko eg synest er merkeleg, seier ho.

Ei flaske med blod står foran en skjerm som viser at en prøve er i ferd med å analyseres.

Lars-Petter Kalkenberg

Ein midlertidig situasjon

Lise Sofie Nissen-Meyer, leiar for seksjon for blodgiving ved blodbanken i Oslo meiner Marthe Svantesvold er i ein midlertidig situasjon.

Dei som har vore i eit land sør for Sahara i mindre enn 5 år hamnar nemleg i ein karantene. Men denne karantena er midlertidig.

Hun får altså bli blodgivar når dei har vore sexpartnarar i 5 år.

Pyramidene i Giza i solnedgang. På himmelen svever flere paraglidere.

Mohamed Abd El Ghany / Reuters

Kven gjeld det eigentleg?

Personar som har opphalde seg i over 5 år til saman i Afrika sør for Sahara.

Men det gjeld ikkje Egypt, Libya, Tunis, Algerie eller Marokko.

En bioingeniør tapper blod fra en beholder inn i en sprøyte.

Lars-Petter Kalkenberg

Kva er 5-årsregelen?

Personer med seksualpartnarar som har oppholde seg i desse landene i 6 måneder til 5 år (kumulativt), kan gi blod når samlivet har vart i 5 år etter opphaldet, eller 6 månadar etter at samlivet har opphøyrt.

Dette blir kalla «5-årsregelen».

Årsaka til at mannen hennar kan gi blod, er at blodet han gir automatisk blir testa meir.

– Dei kunne jo berre ha merkt meg i same kategori og latt meg gi blod. Og til dømes testa det meir, eller stilt meg nokre fleire spørsmål, foreslår 41-åringen frå Haugesund.

NRK har kontakta Blodbanken i Haugesund og Helse Fonna. Dei har ikkje svara på spørsmåla frå NRK.

Ved Blodbanken i Oslo har dei løyst dette med ein lokal regel for par der begge ønsker å vere blodgivarar.

Der samtykker paret til at Blodbanken kan sjå deira smitteansvar i samanheng.

Men Nissen-Meyer forklarar at reglene også blir forstått litt ulikt i dei ulike blodbankane. Det fører til uheldig forskjellsbehandling.

Blodgiver gir blod

Nissen-Meyer fortel at ein forklaring på 5-årskarantenen er at Hepatitt C er så lite smittsamt seksuelt at smitten vil kunne skje fleire år etter at forholdet starta og utgjere ein langvarig risiko.

Foto: Helse Bergen

– Kan regelverket i seg sjølv gjere at det er færre som har moglegheit til å gi blod enn vi har behov for?

– Det trur vi, og ønsker difor ein revisjon av regelverket og ny vurdering av risiko for fleire grupper, seier seksjonsleiaren.

Helseminister Ingvild Kjerkol blei 8. mars orientert av helsedirektør Bjørn Guldvog om utviklinga i denne saka.

– Helsedirektoratet har forsikra oss om at dei jobbar vidare saman med fagetatane for å finne ein løysning. Berøyrte grupper vil også bli trekt inn i det vidare arbeidet, seier Kjerkol til NRK.

– Dersom Helsedirektoratet vel å innføre utvida testing for å redusere risikoen hos menn som har sex med menn, vil fleire andre grupper også kunne bli inkludert, seier seksjonsleiar for blodgiving ved Blodbanken på Ullevål sjukehus i Oslo.

Helsedirektoratet: Viktigast at det er trygt

Seniorrådgivar Ingeborg Hagerup-Jenssen i avdeling helserett og bioteknologi ved Helsedirektoratet seier at det aller viktigaste er at det skal vere trygt å ta imot blod for dei som treng det.

– Kriteria for kven som kan gi blod og kven som mellombels eller permanent ikkje kan gi blod, baserer seg på statistikk over førekomst av sjukdommar som kan bli overført via blod, seier ho.

Portrett av Ingeborg Hagerup-Jenssen i svart/hvitt.

Ingeborg Hagerup-Jenssen i Helsedirektoratet seier dei geografiske kriteria ved blodgiving er på grunn av epidemiologiske forhold i ulike land.

Foto: Helsedirektoratet

I landa sør for Sahara er det høg førekomst av sjukdommar som kan bli overført via blod, forklarar seniorrådgivaren.

Difor vil ein person som har opphald seg i desse landa ha mellombels eller permanent karantene.

Det gjeld også seksualpartnar til dei som har opphald seg i eit slikt land. Også varigheit av samlivet speler òg inn.

Hagerup-Jenssen påpeiker at det er den enkelte blodbank som avgjer om ein person oppfyller krava til å gi blod.

Read Entire Article