Märtha kuttar band med pressa

2 weeks ago 11



I eit innlegg på Instagram publisert tidleg torsdag morgon, skriv prinsessa følgande på sin Instagram: «from this day forward, we will not comment on anything the press throws at us».

Om det betyr at prinsesse Märtha og Durek Verrett frå no av ikkje vil svare på spørsmål frå pressa, eller om dei vil slutte å stille opp i media, er uklart.

Prinsesse Märtha sitt innlegg på Instagram

Dette skriv prinsesse Märtha på sin Instagram.

Foto: Skjermdump Instagram

I innlegget skriv prinsessa at årsaka til at ho og Durek Verrett ikkje vil snakke med pressa, er for å ta vare på kvarandre og den mentale helsa før bryllaupsdagen.

Paret ber om forståing frå pressa, mens dei førebur bryllaupet sitt. Det skal gå av stabelen i Geiranger i slutten av august.

Publisert 18.04.2024, kl. 06.20 Oppdatert 18.04.2024, kl. 06.28

Read Entire Article