Det var bårebilen som sørga for å frakte den aller første passasjeren over den nye Nerlandsøy-brua sist fredag.
I ei kvit kiste inne i bilen låg Margit Teige, som døydde i slutten av september.
103-åringen hadde i lang tid lovd seg sjølv og familien at ho skulle bli den første over brua – og med litt hjelp blei det slik.
– Akkurat i hennar ånd, seier barnebarnet Margareth Leinebø.
Berre to veker før den nye brua var klar for opning, døydde nemleg den aldrande kvinna. Og med løyve frå fylkeskommunen køyrde heile gravfølgjet over brua før kista blei senka i jorda.
Margit Teige var levande oppteken av Nerlandsøybrua så lenge ho levde.
Foto: privatDet var Vestlandsnytt som først fortalde om den siste reisa til 103-åringen.
Var først sist også
Margit Teige har vore førstemann over Nerlandsøybrua også før.
Då den gamle brua sto ferdig, i 1968, klarte ho nemleg å snike seg over rett før opninga, saman med dottera og barnebarnet i vogn. Då skulle dei til legen.
Ifølgje Margareth Leinebø, har dette vore ei god historie i familien i alle år.
Margit Teige var fleire gonger ut for å sjå på brua under bygginga.
Foto: privatHeilt til sin siste dag var mormora levande oppteken av den nye brua. Barnebarnet seier det blei svært viktig for dei å få til ein tur med mormora likevel – sjølv om ho låg i kista.
– Det var heilt fantastisk! Eg trur og håper at ho veit om at ho har reist over brua, ho var den første, om ho låg i kista. For oss blei det heilt, heilt spesielt.
TAKKSAM: Barnebarnet Margareth Leinebø var tysdag med på den offisielle opninga av brua, fire dagar etter at gravfølgjet køyrde med kista av mormora.
Foto: Arne Flatin / NRKSeier dei gjorde det for å ære henne
Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås tvilte ikkje på at ho skulle seie ja, då spørsmålet kom frå familien om å køyre over nybrua med kista.
– Eg kjem sikkert ikkje til å oppleve det igjen at nokon spør om noko liknande, det er heilt spesielt.
Den 103 år gamle kvinna var kjend av mange i lokalmiljøet, og presten seier det var ei endelaus lang rekkje av bilar som følgde etter bårebilen over brua.
– Vi gjorde det for å ære henne, og aller mest for dei pårørande, som kjende ønsket hennar, seier ho.
Ho seier Statens vegvesen sine folk sto klare til å ta vekk kjeglene som stengde vegen, og opna for det spesielle følgjet.
Tysdag ettermiddag var det offisiell opning av Nerlandsøybrua på Sunnmøre. Då heldt prosjektleiar Ragnhild Holen Relling tale.
Foto: Arne Flatin / NRKSa ja til spesielt ønskje
Tysdag var det offisielle opning av den nye brua, fire dagar etter at gravfølgjet køyrde over.
Prosjektleiar Ragnhild Holen Relling i Møre og Romsdal fylkeskommune seier dei gladeleg sa ja til førespurnaden.
– Eg synest det er veldig kjekt at vi kan få det og vurdere, og veldig kjekt å då seie ja, seier ho. Holen Relling seier arbeidet var avslutta og at den spesielle kortesjen trygt kunne køyre over brua.
Her kan du sjå webkamera frå den nye Nerlandsøya.
Det var mykje folk som møtte opp då brua blei offisielt opna tysdag. Sist fredag var Margit Teige den første over.
Foto: Arne Flatin / NRKPublisert 14.10.2025, kl. 19.50 Oppdatert 14.10.2025, kl. 20.43