Ein mann i 30-åra frå Nordland er tiltalt i Midtre Hålogaland tingrett for å ha foretatt seksuell handling med barn under 16 år.
Han skal ifølge tiltalen ha utført fleire seksuelle handlingar mot vedkomande i ein periode over fire månader.
Mannen står også tiltalt for å ha framstilling av seksuelle overgrep mot barn.
Mannen skal ved fleire høve ha gått inn på nettstader som viste bilde som framstiller seksuelle overgrep mot barn eller har framstillingar som seksualiserer barn.
Han er også tiltalt for å i ord eller handling ha utvist seksuelt krenkande eller annan upassande åtferd overfor barn under 16 år.
Dette i tillegg til brot på alkohollova for å ha kjøpt brennevin frå utsal på vegner av nokon under 20 år, og annan alkoholhaldig drikke for nokon under 18.