Mange har meldt seg ut av partiet sitt etter valet – kan få store politiske følger

2 weeks ago 12



– Det var tøft. Eg har vore ganske langt nede i kjellaren i nokre månader. Og så føler eg vel no at eg er i ferd med å kome opp att i ringa.

Kjetil Sangnes kunne ha blitt den første Høgre-ordføraren i Vestre Toten etter 100 år med Arbeidarparti-styre. Valresultatet peika mot eit historisk skifte i kommunen. Men sånn skulle det ikkje gå.

Allereie før valet skar det seg etter ei meldingsutveksling med ein politikar frå Senterpartiet. Høgre ville ikkje ha Sangnes som ordførarkandidat.

Han melde seg ut av Høgre og fekk følgje av tre andre. Dei blei uavhengige representantar og hamna i ein vippeposisjon i kommunestyret. Og den brukte dei godt.

Kjetil Sangnes

Kjetil Sangnes melde seg ut av Høgre og blei varaordførar i Vestre Toten kommune.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Frå Høgre til Arbeiderpartiet

For Sangnes og dei tre andre fann i staden saman med Arbeidarpartiet når ordføraren skulle bli vald. Sjølv blei han varaordførar.

Dermed blei det ikkje noko skifte i Vestre Toten. Og det fekk konsekvensar at fire politikarar melde seg ut av partiet sitt.

– Det har gitt oss makt. Vi er veldig audmjuke overfor det. Vi får ein sentral posisjon, særleg når dei store sakene kjem. Fleirtalet har ikkje noko felles politisk plattform. Vi står på eigne bein. Eg føler at Arbeidarpartiet respekterer det.

Det er mange døme på at lokalpolitikarar melder seg ut av partiet sitt. Og det kan vere mange grunnar til at det blir slik.

Ein gjennomgang NRK har gjort av alle kommunar i landet, viser at kring 80 av dei innvalde politikarane i kommunestyret og fylkestinget har meld seg ut etter valet i fjor. Ein del av desse har meld seg inn i eit nytt parti.

I tillegg har nærare 100 vararepresentantar og meld seg ut av partiet sitt.

Sprakk internt

I Stranda kommune i Møre og Romsdal fann Høgre og Framstegspartiet saman i det som skulle vere eit maktskifte etter valet i fjor. Høgre fekk ordføraren medan Steinar Aanning frå Frp blei varaordførar.

Men idyllen skulle ikkje vare lenge. Det sprakk internt i Frp. Tre av dei faste representantane i kommunestyret og fire vararepresentantar melde seg ut av partiet.

Steinar Aanning var ein av dei som melde seg ut. Han vil ikkje rippe opp i det som skjedde. Men det handla om personar.

– I utgangspunktet var det jo uheldig for alle, og det var sjølvsagt trist. Men totalt sett synest vi det var nødvendig å gjere det.

Steinar Aanning (uavhengig), varaordfører i Stranda kommune i Møre og Romsdal.

Varaordføraren i Stranda, Steinar Aanning, melde seg ut av Framstegspartiet etter intern strid.

Foto: Trond Vestre / NRK

Aanning heldt fram som varaordførar i Stranda. Men det som hadde vore eit fleirtal i kommunestyret, var ikkje lenger noko fleirtal.

– Det må vi berre leve med. Sånn er no det. Og så får vi ta sak for sak. Det trur eg skal gå veldig greitt.

Tillit

Ofte får det ingen følger for styre og stell i ein kommune at nokon melder seg ut av partiet sitt. Men det kan bli avgjerande i valet av kven som skal styre.

Og det kan føre til at ein ikkje lenger veit kva slags fleirtal ein får når dei store sakene kjem opp.

Dersom veljarane har stemt på eit parti fordi dei vil ha ein bestemt politikk så kan situasjonen bli krevjande, seier valforskar Bjarte Folkestad.

– I verste fall så kan jo veljarane føle seg lurt og miste tilliten til systemet.

Bjarte Folkestad er valgforsker ved Høgskulen i Volda. Her står han inne på kontoret sitt. Han har brunt hår og skjeggvekst. Han ser til høyre for kameraet og har hendene krysset over magen.

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda seier det kan bli krevjande når politikarar melder seg ut av partiet sitt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Valforskaren meiner talet på utmelde politikarar sidan valet for eitt år sidan er høgt. Men han minner om at folk ikkje berre stemmer på politiske parti, men på personar.

Det inneber at politikarar som melder seg ut av partiet sitt fordi dei vil vere tru mot standpunkta sine i viktige saker, kan vinne respekt blant veljarane.

– Det er viktig å huske på at veljarane kan vere tente med å ha politikarar som stemmer i tråd med si eiga overtyding.

Livet går vidare

Steinar Aanning i Stranda har lagt striden i Framstegspartiet bak seg. Varaordføraren har fleire jern i elden.

Bak spakane på gravemaskina han bruker til å planere veg, registrerer han at livet som politikar går vidare.

– Vi har eit godt samarbeid med Høgre og med andre parti og. Vi er avhengig av at alle drar lasset. Det er vår fordømde plikt å samarbeide, og det skal vi få til.

Steinar Aanning (uavhengig), varaordfører i Stranda kommune i Møre og Romsdal.

Steinar Aanning meiner det er viktig å få ti eit godt samarbeid i kommunestyret i Stranda.

Foto: Trond Vestre / NRK

Publisert 17.09.2024, kl. 08.50

Read Entire Article