Måkene er her: – Vi må lære oss å akseptere dei

1 week ago 16



– Dei er nokre forferdelege dyr, dei drit over alt!

Ei gruppe studentar på plenen ved Universitetet i Agder (UiA) er tydelege i sin tale om dei kvite fuglane som flaksar over dei.

– Dei skrik heilt sjukt mykje også!

Og det siste har dei i det minste heilt rett i.

For det lager ein del lyd når måkene no tek over dei fleire tusen kvadratmeterane med flate tak der oppe, høgt over menneska på UiA.

Området er ein ynda stad for dei kvite fuglane, kor dei kan finne sin make, bygge reir og sjå fugleungane sine vekse opp.

Og noko har vi til felles med måkene: Har dei fyrst funnet ein stad dei liker seg på – ja då kjem dei tilbake år etter år.

Måker hekker på taket.

Måke søker make på taket til Universitetet i Agder. Flate tak er ein populær stad for måkene å bygge reir.

Foto: Elin Skaar / NRK

Frå sjø til by

April er månaden då hekkinga startar.

Og det er spesielt fiskemåka som trekk inn i byane. Det er delvis vår eiga skuld.

– Det er større hekke-suksess for dei i byane enn i havgapet, seier Tor Egil Høgsås i BirdLife.

I tillegg til minken som forsyn seg av egga, er det spesielt ein art som har skapt trøbbel for måka.

– Mange hekkeplassar ved sjøen har blitt øydelagt av oss menneske på grunn av at vi har invadert dei med eit eller anna bryggeprosjekt eller hyttebygging.

Høgsås får solid støtte av zoolog og fugleentusiast Roar Solheim.

– Vi menneske et oss inn i naturen og tek natur som andre arter bruker, da må vi faktisk lære oss å akseptere dei og prøve å finne måtar og godta at dei er her, på.

Måke

Vi må lære oss å leve saman med måkene meiner zoologen.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Behov for vern

For måkene skal takast vare på. Dei er nemleg sterkt utryddingstrua.

Zoolog Solheim syns difor det er synd at så mange har så mykje imot måkene.

– Dei har verkeleg behov for omsorg og vern. Særleg fiskemåka, som folk feilaktig trur det er så mange av. I løpet av 30 år så har denne bestanden blitt redusert med 95 prosent langs kysten av Agder, seier han.

Måker er difor totalfreda i Noreg. Det er forbode å skyte eller fange måker. Det er også forbode å skade eller øydelegge reir og egg.

Roar Solheim, zoolog.

Roar Solheim er zoolog og fuglevenn. For han er lyden av måkeskrik eit hyggeleg og etterlengta teikn på at våren er her.

Foto: Elin Skaar / NRK

Si di meining om måker lenger ned i saka!

Eit måkevennleg universitet

På UiA har dei no akseptert at dei flaksande gjestene nærast tar over uteområda, samstundes med at eksamen nærmar seg.

Men direktør Kjetil Hellang må innrømme at dei i starten prøvde å få fuglane til å slå seg ned andre plassar enn på taka.

– Vi har gjort nokre vennlege forsøk på å få dei vekk med skremmande lydar eller drage som flyr på taka.

Men vi er trass alt i 2024: Alle skal med! Også måkene.

– Vi må inkludere måkene. Dei er ein del av vårt biologiske mangfald her på campus, og vi ynskjer dei velkomen, seier han.

Kjetil Hellang, direktør ved UiA.

Direktøren ved UiA, Kjetil Hellang, vurderer å anskaffe eit såkalla måkehotell til dei høgtflygande gjestane. Sjølv om måkene bråkar mykje på campus er han tydeleg på at måkene er velkommen, og ein viktig del av artsmangfaldet på campus.

Foto: Elin Skaar / NRK

Nyttig funksjon

Og dersom du som eg, lurer på kva måkene bidreg med tilbake, for alle hustaka dei okkuperer:

– Dei reinsar opp og et det vi ser på som søppel, og det skal vi vere glade for, seier zoologen.

Søppel på avveie blir fuglemat

Måkene hjelper til med å halde byen rein, påpeiker zoolog Roar Solheim. Her ser det ut til at måke og kråke har mykje å samarbeide om.

Foto: Morten Rød / NRK

Og uansett om du liker måker eller ikkje: Dei er raudlista og skal takast vare på.

– Hæ? Det visste eg faktisk ikkje, eg trudde det var så mange av dei, seier måkeskeptiske studentar.

– Oi! Dersom dei er utryddingstrua, så ser eg kanskje litt snillare på dei.

Måkene er truet.

Høgt flyr dei og ein god del skrik dei. Men måkene er utryddingstrua.

Foto: Asbjørn Berge / NRK

Publisert 26.04.2024, kl. 06.00

Read Entire Article