Lurte døden etter livstruande drama: – Legane sa eg skulle døy tre gonger

1 month ago 26



– Legane sa eg skulle døy tre gonger.

I fjor haust gjekk alarmen da 22 år gamle Sigurd Tjalveson Sørheim blei akutt alvorleg sjuk. Voldingen var på trening i heimbygda da han blei frakta i ambulansehelikopter til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Foreldra mine måtte køyre seks timar til Bergen. Dei fekk beskjed om at når dei nådde fram, så var eg mest sannsynleg død.

22-åringen sveva mellom liv og død og blei umiddelbart lagd i kunstig koma da han kom til Haukeland. Trykket i hjernen var stort og han hadde mykje væske i hjernen etter at blodkar hadde sprengt i hjernen.

Sigurd Tjalveson Sørheim

LURTE DØDEN: Sigurd Tjalveson Sørheim.

Foto: Privat

Legane gav beskjed til dei næraste om at Sigurd mest sannsynleg ikkje kom til å overleve ein av dei første operasjonane da dei skulle redusere trykket i hjernen.

– Men eg døydde ikkje da heller.

Så kom nye nedslåande nyheiter.

Sigurd måtte gjennom ein ny komplisert operasjon for å fjerne svulsten i hjernen.

– Dei sa: «Nå døyr Sigurd mest sannsynleg».

Men eg sit her framleis. Det skal litt til for å døy, seier han.

Sigurd Tjalveson Sørheim vant sølv under NM-veka

LAGLEIAR: Sigurd Tjalveson Sørheim var lagleiar for Fornebu 2 under NM-veka på Lillehammer.

Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / A7III-ENG5

Tilbake i hallen: – Her eg trivst

Svulsten viste seg å vere godarta, men da han vakna etter fem dagar i koma kunne han så vidt bevege på fingrane. Han hugsar ingenting frå dei første tre vekene etter hendinga.

Nå har han lært seg å gå på nytt.

Eit halvt år etter det livstruande dramaet, fekk 22-åringen, som er ein av Noregs beste bordtennisspelarar, innvilga permisjon frå rehabiliteringssenteret for å vere til stades på NM-veka på Lillehammer.

Sigurd Tjalveson Sørheim vant sølv under NM-veka

LAGLEIAR: Sigurd Tjalveson Sørheim var lagleiar for Fornebu 2 under NM-veka på Lillehammer.

Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / A7III-ENG5

– Eg er ikkje her som speler, men eg er med som lagleiar fordi det er gøy å vere ein del av miljøet.

Han fortset:

– Det er i hallen eg voks opp. Det er her vennene mine er og det er her eg trivst.

Det er første gong bordtennistalentet er tilbake på eit idrettsarrangement etter hjerneblødinga.

– Eg synest det er fint å sjå når andre koser seg sjølv om eg ikkje speler. Det gir meg glede å sjå andre ha det gøy med bordtennis.

– Det er veldig, veldig gledeleg å ha Sigurd tilbake i hallen. Eg trur alle i hallen set stor pris på at Sigurd er tilbake i miljøet. Det har vore tungt for alle, spesielt Sigurd, seier lagkamerat Lars Rønneberg.

– Heile klubben spelte for Sigurd

Som 13-åring vann Sørheim NM-gull i 17-årsklassen, fem år etter at han inspirert av naboguten begynte med bordtennis.

– Eg pleidde å leike med naboen, men da eg var åtte år så var han alltid borte og han kom heim med fine premiar. Da fekk eg også lyst til å begynne å spele bordtennis. Så har eg berre heldt fram og det har jo blitt livet mitt.

Han representerer Fornebu og klubben førebudde seg på å sette fram kondolanseprotokoll i klubblokala da han blei alvorleg sjuk. I staden tok lagleiaren steget opp på ein NM-pallen saman med lagkameratane.

Sigurd Tjalveson Sørheim vant sølv under NM-veka

Med Sigurd Tjalveson Sørhiem på benken som lagleiar tok Fornebu 2 eit sensasjonelt NM-sølv bak Fornebu 1. Aldri før har to lag frå same klubb spelt NM-finale på herresida.

Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / A7III-ENG5
Sigurd Tjalveson Sørheim vant sølv under NM-veka Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / A7III-ENG5
Sigurd Tjalveson Sørheim vant sølv under NM-veka Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / A7III-ENG5
Sigurd Tjalveson Sørheim vant sølv under NM-veka

Med Sigurd på benken som lagleder tok Fornebu 2 et sensasjonelt NM-sølv bak Fornebu 1. Aldri før har to lag fra samme klubb spilt NM-finale på herresiden.

Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / A7III-ENG5

Fornebu 1 tok NM-gull framfor Fornebu 2, med Sigurd på benken som lagleiar for Fornebu 2.

– Eg trur heile klubben spelte for Sigurd. Alle har Sigurd i tankane heile tida, seier Rønneberg, som spelte på Fornebu 1.

– Tungt å ikkje vere slik som før

22-åringen, som også blei operert for den alvorlege tilstanden tarmslyng berre eit halvt år før hjerneblødinga, legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande månader sidan livet blei snudd opp ned.

– Det er tungt å ikkje vere slik som før. Du vaknar opp og er eigentleg ein heilt annan. Det var ei veldig rar kjensle. Det tyngste motgangen er at eg ikkje er slik som før, utan noko forvarsel.

– Det har vore nokre dagar som har vore kjipe, men for min del har det for det meste gått greitt. Det er viktig å ha venner rundt seg. Eg er framleis den same personen og det er det som er det viktigaste for meg, fortset han.

Dei siste månadene har han vore på sjukehus eller rehabiliteringssenter. Nå ser han fram til å flytte heim til Volda for å fortsette rehabiliteringa på Sunnmøre.

– Eg veit ikkje korleis det blir i framtida, men eg håpar det blir ganske vanleg. Eg vil jo vere ein del av samfunnet, så eg må lære meg ting på nytt. Eg har ikkje noko val.

Sigurd Tjalveson Sørheim vant sølv under NM-veka

POSITIV: Sigurd Tjalveson Sørheim etter at Fornebu 2 tok NM-sølv i bordtennis.

Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / A7III-ENG5

Samtidig har dagane tilbake i bordtennismiljøet saman med sine beste venner gitt han motivasjon for å kjempe seg tilbake til idretten og spele bordtennis på høgt nivå igjen.

– Eg vil tilbake. Det har gitt meg inspirasjon vidare å vere på NM.

Hvor mye kan KFUM-spillerne om Bibelen? 00:56

Publisert 27.03.2024, kl. 22.41

Read Entire Article