Både Reuters og Kyiv Independent skriv at det blei høyrt fleire eksplosjonar i hovudstaden Kyiv i morgontimane.
Det er også meldingar om åtak mot fleire stadar i heile Ukraina.
– Eit av dei større luftåtaka vi har sett, skriv den ukrainske utanriksminister Andrij Sybiha på X.
Det polske militæret skriv i ei melding på X søndag morgon at dei aktiverer fly for å sikre luftrommet etter dei russiske missilangrepa.
Den ukrainske energiministeren seier at Russland har angripe fleire kraftstasjonar fleire stadar i Ukraina. Straumen har blitt skrudd av i tre regionar i landet, ifølge nyheitsbyrået AFP.
Reuters skriv at fleire kraftverk er råka, fleire av dei tilhøyrer landets største private energiselskap DTEK.
Dei har ikkje spesifisert kva for utstyr eller delar av kraftverka som blei trefte. Tilsette arbeidar med å reparere skadane.
Kritisk infrastruktur råka
Ordførar i Kyiv, Vitalij Klitsjko, skriv i ei melding på Telegram at det har falt restar frå rakettane fleire stader i området rundt hovudstaden.
Ifølge Kyiv Independent er det høyrt eksplosjonar i byane Kropyvnytskyi, Rivne, Ivano-Frankivsk, Cherkasy, Dnipro, Vinnytsia, Kryvyj Rih, Odesa og Zaporizjzja.
I Rivne er kritisk infrastruktur også råka, skriv Reuters, som siterer guvernøren i byen.
Sjølv om missilåtak er vanleg i utkanten av Ukraina, er det ikkje vanleg at dei ukrainske byane blir trefte av slike åtak.
Det er meldingar om fleire skada etter åtaka. Reuters skriv litt før klokka ni at to tilsette ved jernbanen i byen Dnipro skal vere drepne. Tre skal også vere skadd. Dette er foreløpig ikkje bekrefta frå andre kjelder.
Publisert 17.11.2024, kl. 07.40 Oppdatert 17.11.2024, kl. 08.57