Luftåtak mot Ukraina: – Eit av dei større

4 days ago 9



Russland sende kring 120 missil og 90 dronar inn i Ukraina natt til i dag. Det skriv landets president, Volodymyr Zelenskyj, på Telegram søndag morgon.

Det blei høyrt fleire eksplosjonar i hovudstaden Kyiv i morgontimane. Det er også meldingar om åtak mot fleire stadar over heile Ukraina.

– Eit av dei større luftåtaka vi har sett, skriv den ukrainske utanriksminister Andrij Sybiha på X.

Det polske militæret skriv i ei melding på X søndag morgon at dei aktiverer fly for å sikre luftrommet etter dei russiske angrepa.

People take shelter inside a metro station during a Russian military attack, in Kyiv

Folk gøymer seg metroen i Kyiv etter luftåtak natt til søndag.

Foto: Alina Smutko / Reuters

– Alarmen har gått i heile natt

– Vi har vore i eit bomberom i Kyiv heile natta, seier Ingrid Joys, som er generalsekretær i bistandsorganisasjonen Caritas Noreg.

Dei er der for å hjelpe lokalbefolkninga med mellom anna feltkjøkken og reinsing av vatn.

Joys har vore i Ukraina for å sjå til bistandsprosjekta dei har langs fronten. Ukrainarane førebur seg på ein veldig hard vinter, fortel ho.

Caritas Ingrid Joys. Hun står i sort hjelm og skuddsikker vest ikke langt unna fronten. Hun er en dame i 50-årene, som ser inn i kameraet med et nøytralt utrykk. Selfie.

Ingrid Joys i Caritas, her ikkje langt frå fronten i Donetsk fylke.

Foto: Ingrid Joys / Privat

– Flyalarmen gjekk då vi kom tilbake frå frontnære område i går ettermiddag. Vi fekk informasjon om at det kom til å vere massive angrep i løpet av natta. Det stemte godt, for alarmen har gått i heile natt, seier Joys.

Ho seier også at dei har høyrt luftforsvaret slå inn. Det er første gong ho har høyrt slike smell, fortel ho.

– Når ein reiser inn i Ukraina, veit ein at det er eit land i krig. Det å vere i bomberom opplevast ganske trygt, men det blei ei ekstra omdreiing når ein høyrer missil og treff, seier Joys, som seier det heile var ubehageleg.

Bilete som viser nokre av missila skotne mot Ukraina i natt.

Zelenskyj: – Infrastruktur var målet

Den ukrainske energiministeren seier at Russland har angripe fleire kraftstasjonar fleire stadar i Ukraina. Straumen har blitt skrudd av i tre regionar i landet, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Reuters skriv at fleire kraftverk er råka, fleire av dei tilhøyrer landets største private energiselskap DTEK.

  • Brannmenn jobber med å slukke bygninger som ble truffet av en russisk missil. Bildet er delt av ukrainske myndigheter.

    Brannmenn jobber med å slukke bygninger som ble truffet av en russisk missil. Bildet er delt av ukrainske myndigheter.

    Foto: STATE EMERGENCY SERVICE OF UKRAINE / Reuters
  • En ukrainsk forsvarspsykolog snakker med lokale beboere etter et droneangrep mot byen Mykolaiv i Ukraina.

    En psykolog fra et kriseteam snakker med lokale beboere etter at et russisk droneangrep mot byen Mykolaiv i Ukraina.

    Foto: HANDOUT / Reuters
  • Ødeleggelser på bygninger og en bil etter et droneangrep mot Mykolaiv i natt.

    Ødeleggelser på bygninger og en bil etter et droneangrep mot Mykolaiv i natt.

    Foto: UKRAINIAN EMERGENCY SERVICE / AFP

Dei har ikkje spesifisert kva for utstyr eller delar av kraftverka som blei trefte. Tilsette arbeidar med å reparere skadane.

President Volodymyr Zelenskyj skriv i meldinga på Telegram at målet for dei russiske åtaka var energiinfrastruktur.

Han skriv og at to personar er drepne og fleire såra etter åtaket. Reuters skriv at to tilsette ved jernbanen i byen Dnipro skal vere drepne. Tre skal også vere skadd. Tala er ikkje bekrefta frå andre kjelder.

Brannmannskap og folk frå røde kors/lignande er ved eit bygg i byen Mykolaiv. De bærer en båre med en død person mellom seg. Det er morgengry. Den omkomne har et rosa pledd over seg. Det er tidlig morgen. Rundt dem er restene av det som en gang var et hjem.

Ein person blir frakta ut frå eit råka hus i byen Mykolajiv.

Foto: Ukranian Emergency Service / AFP

Fleire byar råka

Ordførar i Kyiv, Vitalij Klitsjko, skriv i ei melding på Telegram at det har falt restar frå rakettane fleire stader i området rundt hovudstaden.

Ifølge Kyiv Independent er det høyrt eksplosjonar i byane Kropyvnytskyi, Rivne, Ivano-Frankivsk, Cherkasy, Dnipro, Vinnytsia, Kryvyj Rih, Odesa og Zaporizjzja.

I Rivne er kritisk infrastruktur også råka, skriv Reuters, som siterer guvernøren i byen.

Sjølv om missilåtak er vanleg i utkanten av Ukraina, er det ikkje vanleg at dei ukrainske byane blir trefte av slike åtak.

Bilde av en skadd leilighet i et av distriktene utenfor Kyiv, etter at deler av en drone falt ned over området. Bildet er tatt inni en gang, hvor det ligger stein, betong og deler av et tre strødd langs gulvet og inn mot et hjørne.

Bilete frå ein leilegheit i eit distrikt utanfor Kyiv, som blei treft av delar av ei drone natt til søndag.

Foto: State Emergency Service / Telegram

Publisert 17.11.2024, kl. 07.40 Oppdatert 17.11.2024, kl. 09.31

Read Entire Article